|
|
Nyskriv klassikartradisjonen Av Ingeborg Mjør , 08.10.09 BARNEBOK Maria Parr: Tonje Glimmerdal Illustrert av Åshild Irgens Samlaget Maria Parrs andre barnebok er original på dei fleste måtar, men eg har oppdaga to stereotypiar. Tonje, hovudpersonen i boka, er raudhåra. Det brukar jenter vera når dei også er uredde friskusar, i tradisjonen etter Pippi. Det andre er at den som ønskjer å tena pengar, her campingplasseigaren, også er ein usympatisk mann. Det har vore skrive mange barnebøker om oppvekst i bygdesamfunn, om ungar i frisk luft, omgitt av relativt trygge vaksenpersonar. Dette er tradisjonen etter Rasmus Løland, men også etter Berit Brænne i radiobarnetimen. Johanna Spyris bok om Heidi og fjellonkel er ein europeisk klassikar. Tid og tidsånd har gått frå denne tradisjonen, tenkjer ein gjerne, før Parr no nyskriv han med stor vitalitet. Og ikkje før ein har tenkt at Tonje er litt Pippi, litt Ronja og litt Heidi, så ser ein at Parr skriv i aktiv dialog med Heidi, 1880. Vi er i fjellbygda Glimmerdalen, vi er i grisgrendte strok. Eit kart informerer om høge fjell, nokre gardar, trygdebustader, campingplass og imponerande nok både butikk og frisør. Tonje er einaste barn, Glimmerdalens vesle dunder. Far driv gard, mor forskar på smeltande grønlandsis og er mykje borte. Den aldrande bonden Gunvald er Tonjes beste ven. Det handlar om kjelkebygging og aking, om hjortejakt og hjortegryter. Tonje har stor livsappetitt og eit hjarte av gull. Ho er ein råtass når det trengst. Parr skildrar jenta og det livet ho lever, i eit språk med eit stort spekter av temperament. Dei vaksne er stort sett pålitelege og sjølvhjelpne, dette er sjeldan kost i moderne barnebøker, film og TV. Karikerte vaksne er her standardinventar, dei er anten latterlege eller hjelpelause, men altså ikkje i Glimmerdalen. Tonje lever godt, men Parr overidealiserer ikkje. Ho skriv også fram sakn etter søsken, etter andre barn og etter mor som er for mykje borte. Dei vaksne har dessutan løyndomar, og her byrjar Johanna Spyri å spela ei rolle. I Frankfurt lever ei kvinne som heiter Heidi, ho var ein gong barn i Glimmerdalen. No blir boka ein retteleg spenningsroman, fortid blir rulla opp, store kjensler kjem i sving, her er skuld og forsoning. Maria Parr har skrive ei svært god bok. Ho skaper også eit større rom for måten vi tenkjer om barndom på, han utfaldar seg også der ingen skulle tru at noko moderne barn kunne bu. Ingeborg Mjør er lektor i nordisk ved Universitetet i Stavanger.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|