|
|
Hauge-dyrkinga held fram Av Klaus Johan Myrvoll , 07.08.09 Når Olav H. Hauge vert kanonisert som Noregs beste omsetjar, hindrar det kritisk og edrueleg vurdering av omsetjingane hans. ANTOLOGI Cathrine Strøm og Aasne Vikøy (Red.): Mellomrom II. Omsetjaren Olav H. Hauge Transfe:r 2009 Olav H. Hauge er «truleg Norges fremste gjendiktar i det 20. hundreåret», hevdar Ragnar Hovland i sitt tilskot til denne antologien. Knut Olav Åmås er meir varsam når han i biografien sin om Hauge skriv at han «er ein av Norges aller beste lyrikkomsetjarar» (sitert i redaktør Aasne Vikøys artikkel i denne boka, men då utan det viktige «ein av»). Påstanden om at Hauge er ein stor attdiktar, ligg som ein premiss for heile denne utgjevinga, og berre fåe av dei atten artikkelforfattarane problematiserer det noko serleg. At Hauge skulle vera den fremste norske attdiktaren på 1900-talet, kan i alle fall ikkje vera tilfellet; då gløymer ein berre på nynorsksida namn som Henrik Rytter, Halldis Moren Vesaas, Sigmund Skard og Hartvig Kiran. Dei to sistnemnde nemner elles Hauge sjølv serskilt som «store» i intervjuet med Eldrid Lunden om omsetjing frå 1984, som er prenta for andre gong i denne boka (fyrste gong i 2004). Mannjamning Wabø forsvarar Hauges val med at dei to sentrale orda i diktet, moon og balloon, ikkje rimar på norsk, og at rimet dimed misser litt av den kontrasterande funksjonen som det har i originalen. Det er eit interessant synspunkt, men det peikar berre på éin (sekundær) funksjon som rimet kan ha. Viktigast er at formelle drag som rim og rytme gjev ei kunstla, stilisert form som held diktet saman og som gjer sitt til at det vert poesi, og ikkje prosa. Jamført med både originalen og Gjerdåkers stilfulle omsetjing vert Hauges versjon noko – ja, prosaisk. Eit unnatak Med ei rad konkrete døme syner Sejersted at Hauge kan vera rett so upresis i attgjevinga av Crane på norsk. Til dømes i eit dikt der me møter ein dyrisk skapnad som sit og et på hjarta sitt, der motsetnadsparet good – bitter, som spelar både på smaken og på moralen, går tapt hjå Hauge når han set om «Is it [d.e. hjarta] good, friend?» med «Smakar det, ven?». Sejersted sluttar at den mothugen Hauge kjende andsynes dette prosjektet, kjem til synes i den noko slumsute attdiktinga. Dimed nyanserer Sejersted det utbreidde synet at Hauge alltid la seg so nære originalane i omsetjingane sine. Mellom andre har Hauge-biografen Knut Olav Åmås, eller «Jan Olav Åmås» som Sejersted kallar honom i bibliografien sin, hevda eit slikt syn. Jamføring Andersen lanserer sin eigen term, «frigjorde vers», som ikkje skal forvekslast med frie vers, men skal vera metriske vers med «små avvik og dissonansar». Diktarane som Hauge har henta desse sonettane hjå (Mallarmé, Rimbaud og Verlaine) skal alle ha vore med på å «frigjera» metrikken frå «det statiske», men me fær ikkje vita noko om koss det er med nett dei sonettane som Hauge sette om. Har Hauge fleire brot enn originalen, eller kan henda færre? Sidan Hauge jamt forbetra desse sonettane reint metrisk då dei vart prenta på nytt, kan ein lett koma til å tenkja at dei metriske brota ikkje berre er døme på «frigjorde» vers, men rett og slett naudløysingar og dåleg handverk. Det vert i det heile noko uklårt koss «frigjorde vers» skal avgrensast i høve til poetiske lisensar (løyve) av ymist slag i eldre metriske vers. Småe avvik og serskilde tilmåtingar har alltid funnest i metriske tradisjonar, men innanfor visse grenser. Slike grenser må finnast for dei «frigjorde» versa òg, men dei er Hadle Oftedal Andersen lite forviten etter å utforska. Soleis vert ein sitjande att med tokken av at avvika kjem der dei kjem, og er av eit slikt slag som dei er, berre av di omsetjaren ikkje har greitt å løysa verset på annan måte. Dei personlege På eitt punkt viser Økland seg likevel ikkje å vera informert: Han hevdar at Hauge «oppdaga det lyriske Amerika tolleg seint i livet»; han skal jamvel ha «tileigna seg ei imperialistisk oppfatning av at den engelskspråklege lyrikken var en (sic) del av England». Andre stader i denne boka kan me lesa at Hauge førde inn ei strofe av Edgar Allan Poe i dagboka alt som sekstenåring, og at han frå den utvandra morbroren Oddmund (Edmund) Hakastad fekk amerikanske diktbøker og antologiar. «Arkaisk» No er det berre det at dette kjem an på augo som ser. For mang ein lesar i dag, som ikkje har vakse opp med nynorsk eller har lese mykje på dette målet, kan nok språket åt Hauge verka både framandt og gamalvore. Men om ein ser det i sin rette samanheng, den vitalistiske nynorsktradisjonen frå mellomkrigstida, skil ikkje Hauge seg ut noko serleg; i lag med eldre og skylde diktarar som Nygard, Aukrust og Uppdal verkar han tvert om moderne. Hauge nytta ut det nynorske målet i si fulle breidd og la vinn på å vera korrekt idiomatisk i syntaks og ordval. Ein slik framgangsmåte må føra til at ikkje alle ord vert like vanlege eller kvardagslege – det er trass i alt dikting me talar om –, men det er langt derifrå til medviten arkaisering og høgstil. Eg mistenkjer at Nielsen og andre med henne legg for stor vekt på sjølve skrivemåten. Det vert ikkje arkaisk og kunstferdig berre av å skriva upp eller millom. Den umogelege kunsten Ein vanleg påstand er at omsetjing er umogeleg. Hauge sluttar seg langt på veg til eit slikt syn i intervjuet med Eldrid Lunden. Ikkje alt av form og innhald kan vera med over i den nye eksistensen; noko går tapt på vegen. Det tyder likevel ikkje at det ikkje finst både gode og mindre gode løysingar på dei problema omsetjaren støyter på, og det kan vera sers interessant og lærerikt å setja ulike løysingar opp mot kvarandre, noko det finst døme på i fleire artiklar i denne antologien. Då vert det òg tydeleg at heller ikkje Hauge alltid råka blink. Klaus Johan Myrvoll er norrønfilolog og korrekturlesar i Dag og Tid.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|