|
|
Umyndig eller 90-årsjubilant? Av Øyvind Rangøy, 02.07.09 Estland og dei andre baltiske statane vart sjølvstendige i 1918 og har aldri slutta å eksistere. Dei vart ulovleg okkuperte av Sovjetunionen, først i 1940 og på nytt i 1944. Landa gjenoppretta sjølvstendet i 1991, dei siste russiske soldatane forlét Estland i 1994. Dei fleste vestlege landa godkjende aldri anneksjonen de jure, og institusjonar i eksil var berarar av kontinuiteten. Difor er dei baltiske landa prinsipielt noko anna enn andre «etterfølgjarstatar» til Sovjetunionen. Difor har dei som hadde røter i statane frå før krigen, særlege rettar. Dette er òg bakgrunnen for at det blir stilt krav om ein viss kjennskap til språk og kultur for at seinare innvandrarar skal få statsborgarskap. Det estiske prinsipielle synet handlar altså kort sagt om at det var ein folkerettsleg realitet at dei i sovjettida var ein suveren stat som vart ulovleg kolonisert. Russland har eit ganske anna syn på saka og har heilt sidan Sovjetunionen fall, rekna Baltikum som eit område som høyrer naturleg til i deira interessesfære. Eit ferskt døme på det er eit lovframlegg som skal handsamast i Statsdumaen i Moskva som mange tolkar som eit svar på vedtaket i EU-parlamentet frå 2. april i år om europeisk samvit og totalitarisme. Russland har ei rekkje gonger kome med skuldingar om revisjonisme og rehabilitering av fascisme og nazisme i ein del europeiske land, særleg i Baltikum, men òg i Polen og Ukraina. I mange av tilfella har årsaka til irritasjonen eigentleg vore jamføring av dei kommunistiske regima med nazistiske og andre totalitære og valdelege regime, noko EU-vedtaket gjekk langt i å gjere til offisiell europeisk politikk. Det uroande vidt formulerte russiske lovframlegget kriminaliserer medverking til rehabilitering av nazistar og kollaboratørane deira. Det mest provoserande for Estland og dei andre baltiske landa er jurisdiksjonen, som er alle etterfølgjarstatar etter Sovjetunionen – eksplisitt medrekna dei baltiske landa – men altså ikkje andre land. Dette kan lesast som at den estiske staten i dag er fødd 20. august 1991, ikkje 24. februar 1918, og at Russland har særlege rettar i landet. Kommunisme versus nazisme Den sovjetisk okkupasjonen påførde landet enorme lidingar. Fleire titusen vart deporterte, hundre tusen utsette for stalinistisk terror. Éin ting er at Russland meiner landa gjekk frivillig inn i unionen, og når Estland konfronterer Russland med terroren, vil ein vanleg respons vere at det var vanskelege tider, at dei som hadde ansvaret, ikkje er identiske med den russiske staten i dag, og at det russiske folket fekk lide minst like mykje under dei destruktive sidene ved systemet. Alt dette er i og for seg sant, men samstundes i direkte strid med den dyrkinga av sigeren som moderne russisk nasjonsbygging legg så stor vekt på. Når ingen lenger har noko medansvar for ugjerningane, korleis kan Russland samstundes arve æra for å ha knust nazismen? Grensestrid For Russland er det mykje som står på spel. Ei anerkjenning av at Estland i heile sovjettida var ulovleg okkupert, opnar i prinsippet både for territorielle og økonomiske krav, og sjølv om Estland truleg vil avstå frå slike, er perspektivet skummelt nok. Like skremmande er det at ei anerkjenning av den vonde sanninga om okkupasjonen ville gjere det langt vanskelegare å byggje den nye nasjonale identiteten på krigsromantikk og dyrking av heltestatusen frå krigen. Objektivt sett måtte det nye sjølvstendige Estland bli ein hybrid, kjenneteikna både av å vere ei gjenoppretting av den gamle staten og av å måtte hanskast med arven frå sovjettida. Men kontinuiteten kan ikkje kastast på båten som prinsipp for sjølvstende. Det ville vere å snu situasjonen på hovudet, og landet ville sitje att med potensielt medansvar for sovjetisk statsgjeld og ikkje minst vidareføring av ei privilegert stilling for dei gamle undertrykkjarane. I ytste konsekvens ville det vere ei anerkjenning av at det er greitt å kolonisere ulovleg okkuperte statar, så lenge ein held stillinga lenge nok til å ha «hevd» på det oppnådde. «Omvendt apartheid» Når begge partar meiner den andre har mest å be om forlating for, finst ingen enkle utvegar. Begge partar har eit ansvar. For Estland er det likevel utelukka å late den tidlegare okkupasjonsmakta definere korleis dei skal oppleve eiga historie. Arvtakaren til ei totalitær supermakt har eit særleg ansvar for å ta på alvor dei såra forgjengaren har påført nabolanda. Difor sit òg Russland med nøklane til forsoning mellom folkegruppene i Estland. Øyvind Rangøy er omsetjar og bur i Põltsamaa, Estland.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|