|
|
Askepott-effekten Av Jon Hustad, 14.05.09 Biologisk, eller meir presist ikkje-biologisk, foreldreskap har vore eit tema i media den siste tida. «Skadene på Christoffer Kihle Gjerstads ansikt og kropp bekymret alle. Men ingen varslet. Så døde han», var ingressen på ein større reportasje som stod på trykk i A-magasinet fredag den 21. oktober. Berre nokre dagar etter var stefaren til den vesle guten dømd for andre gong for drap og mishandling. Det journalisten, Kjetil S. Østli, synte i reportasjen, har resultert i ei mengd lesarinnlegg og artiklar i norske aviser, for, viste det seg: Helse- og omsorgsapparatet svikta totalt. Gong etter gong vart guten send attende til det vi i ettertid har fått vita var nærast dagleg vald. Det offentlege velferdsapparatet frå skule til lækjar skjøna ikkje kva det var dei stod andsynes. Men noko innlegg frå norske biologar eller evolusjonspsykologar har ikkje stått på trykk i norske aviser. Svært sensitivt – Burde ikkje norske biologar ha nytta høvet til å presentera den internasjonale stefarforskinga? – Er det gjort noka forsking på fenomenet i Noreg? – Men omsorgsapparatet treng vel kunnskap om den forskinga som er gjord? – Internasjonalt er fenomenet såpass kjent at det har fått eit eige namn? Askepott! Askepott! Men då melder det sensitive spørsmålet seg: Kva med alle dei foreldra som ikkje er biologiske foreldre? Korleis ter dei seg? Det var det Wilson og Daly ville vita meir om i byrjinga av 1980-åra. Hypotesen deira var «at alle former for overgrep, misbruk og utnytting vil vera overrepresenterte i stefarrelasjonar jamført med genetiske far–barn-relasjonar, og at desse skilnadene også ville vera der jamvel om vi kontrollerte for sosioøkonomisk bakgrunn. Hypotesen har i ettertid vorte stadfest i overmål, både av vår eiga, men òg av forskinga til mange andre. Denne ulike handsaminga av born er det vi kallar ‘the Cinderella effect’.» 100 gonger farlegare Tal frå Australia syner ein endå sterkare «Askepott-effekt». Frå 1968 til 1981 i New South Wales stod stefedrar bak 18 babydrap (medianalder var tolv månader på offera), biologiske 11. I denne perioden var det berre 0,5 prosent av babyane som budde saman med stefedrar. Og diverre: Kompenserer ein for sosioøkonomisk bakgrunn og andre forventa påverknadsfaktorar innanfor kvart einskilt land, så går ratane litt ned, men ikkje mykje. «Den relevante risikofaktoren per se er stefarrelasjonen», skriv dei to canadiarane. Sjå til Sverige Korleis kan dette ha seg? Om ein legg eit evolusjonært perspektiv til grunn, seier Wilson og Daly, så kan ein av grunnane til at ein del steforeldre umedvite eller medvite ynskjer å kvitta seg med omsorgsrolla, vera at stebarnet dei har ansvar for, konkurrerer om knappe ressursar med biologiske born (tala syner at fedrar som har ansvar for både biologiske born og steborn som bur under same tak, diskriminerer til føremon for det biologiske avkjømet). Den skandinaviske velferdsstaten har til mål å redusera slike effektar; overføringane til barnefamiliar og åleinemødrer, som ofte har ein uoffisiell sambuar, er i verdssamanheng svært store: Det «kan godt henda at ein moderne svensk velferdsstat gjer at stefedrane ikkje opplever eit tungt omsorgspress og dimed ikkje har så mykje mot ei rolle som pseudofar», skriv Wilson og Daly. Det kan òg vera at ein ekspansiv velferdsstat endrar sjølve mannskulturen, at menn generelt tyr mindre til vald i eit slikt klima. Men Wilson og Daly seier òg: Tala «gjev ikkje grunnlag for å seia at svenskar handsamar steborna sine nett som dei biologiske borna». Dessutan er det ein del som tyder på at velferdsstatar i seg sjølve leier til at fleire biologiske foreldre flytter frå kvarandre, så jamvel om dei relative tala skulle gå ned, vil dei absolutte kanskje gå opp – men berre så det er sagt: Her talar vi om særs kompliserte tilbakeføringsmekanismar. Daly og Wilson strekar under at forskinga deira har vore avgrensa til relasjonar der éin forelder er biologisk forelder og den andre ikkje, og at forskinga dimed ikkje har overføringsverdi til adoptivforeldre.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|