|
|
Lat pengane fylgja elevane Av Jon Hustad, 26.02.09 For to veker sidan presenterte vi stortingsmeldinga om ålmennlærarutdaninga her til lands. Ho var ikkje lystig lesnad: Om lærarstudentane møtte eit krav på fire i norsk og matematikk frå vidaregåande, ville 70 prosent av dei som kom inn i 2008, ikkje ha fått plass. I tillegg fell ein tredjedel av lærarstudentane frå under utdaninga, og dei komande lærarane arbeider minst av alle norske studentar og har lægst motivasjon. Og når stoda er som ho er, treng vi ikkje å verta forundra over at norske elevar ligg to år etter finske når dei går ut av ungdomsskulen, at 20 til 25 prosent er funksjonelle analfabetar ved fylte seksten, eller at berre to prosent av fjerdeklassingane kan gonga to siffer med to andre siffer. Heller ikkje bør vi verta forundra over at vi har mest uro i klassene av alle i OECD og at norske småskuleelevar har gått frå å vera best i lesing i den industrialiserte verda til å verta dårlegast. Det tyske alternativet Vi har ikkje angra eit sekund på at vi har valt ei anna løysing enn stort sett alle andre norske foreldre. Den tyske skulen i Oslo vart byrja i eit lite kyrkjelokale i 1980. No har han vakse til ein mellomstor norsk skule, med barneskule, realskule og gymnas. Undervisingsspråket er tysk, men i tillegg får borna undervising i læreplanen for norsk. Om lag ein tredjedel av borna har tyske foreldre, ein tredjedel tysk-norske foreldre eller av ein annan nasjonalitet, og ein tredjedel har norske foreldre. Det er ingenting særmerkt ved skulen; undervisinga er tradisjonell klasseundervising, disiplinen er god og lærarane er godt utdana – fleire av dei som underviser i den høgre skulen, har doktorgrad. Resultata vert deretter: På dei nasjonale prøvene for femtenåringar gjer skulen det best i Noreg, ja, tilmed i norsk gjer elevane det betre enn gjennomsnittet, men det er særleg i matematikk og engelsk at elevane gjer det bra, og så godt som alle elevane er flytande både i norsk og i tysk. Skulepengane er om lag 2500 i månaden per elev, men har du fleire born i skulen, får du rabatt. Samla sett finansierer foreldra noko over ein tredjedel av utgiftene, i tillegg får skulen subsidiar frå den tyske regjeringa og ein mindre sum frå den norske. Men underleg nok: Skulen har alltid ledige plassar; truleg er det slik at skulepengane diverre gjer at mange som kunne ha tenkt seg å senda borna sine til skulen, lèt vera av di dei ikkje har råd. Det er ikkje av di skuledrifta i seg sjølv er så dyr. Tek ein med det faktumet at skulen må betala høg leige for dei privatåtte lokala på Majorstua, syner det seg at skulen vert driven med nokre av dei lægste driftskostnadene i Noreg. Like dyrt som i England Alt i alt er det ikkje urimeleg å gå ut frå at den gjennomsnittlege kostnaden per elev i den norske skulen – om vi tek med alternativ forrenting av kapital, avskrivingar, pensjonsavsetjingar og så bortetter – no er åt å passera 100.000 kroner per år. Kor mykje kan ein få for 100.000 2009-kroner? Tja, 100.000 kroner svarar til skulepengane ved dei dyraste engelske private dagskulane. Og alle som har sett sin fot på slike, veit at standardane ikkje nett er låge. Sagt på ein annan måte, og dette er neppe ein kontroversiell påstand: Sett i ljos av dei enorme summane som vert pumpa inn i skulen, får norske elevar lite att frå det offentlege norske skulesystemet, og norske lærarar er i høve til BNP lægst betalte i heile OECD-området. Mitt ynske er av vi byrjar å tenkja radikal nytt på skuleområdet, og at foreldra sjølve får velja kva slag skulegang borna deira skal få. Kvifor i alle dagar kan ikkje foreldre med langt dårlegare økonomi enn det kona og eg har, få det same eller liknande tilbod som det vi nyttar oss av på Majorstua? Tek eg no til ords for stykkprisfinansiering i den norske skulen? Ja. Men har ikkje stykkprisfinansiering vore ein økonomisk katastrofe i sjukehusstellet? Jau, og eg er sterk motstandar av finansieringsmodellen for sjukehusa og privatisering av helsetenester. Men at ein modell ikkje fungerer på eit område, tyder ikkje at han ikkje fungerer på eit anna. Loddtrekking Kva slags kontrollfunksjon bør det offentlege ha med desse skulane? Ein så liten som råd er. Dei private skulane bør missa dei offentlege overføringane om elevane gjer det dårlegare enn gjennomsnittet på dei nasjonale prøvene, og elevane må taka alle dei nasjonale prøvene og alle dei nasjonale eksamenane. Utover dette bør ikkje det offentlege skulebyråkratiet ha noka form for kontrollfunksjon andsynes desse skulane. Fri lønsfastsetjing Bør så desse skulane få høve til å gå med overskot og taka ut profitt? Svaret på det spørsmålet er òg ja. Om ein skule gjer det bra og vert populær hjå foreldra, så bør skuleeigaren ha incitament til å starta ein eller fleire nye skular. Eg vil rett nok setja grensa ved éi form for private skular: dei religiøse. Noreg er i dag eit multikulturelt samfunn. Eit multikulturelt samfunn må ha ein sekulær og livssynsnøytral skule. Offentlege pengar bør ikkje gå til religiøs indoktrinering. Kreasjonistane tek feil; Darwin hadde rett. I byrjinga av 1990-åra gjennomførde Carl Bildt-regjeringa ei privatskulereform i Sverige. Dei påla kommunane å betala for privatskular på lik line med offentlege skular. I dag er det over 900 offentlege finansierte privatskular i Sverige. Inga sosialdemokratisk regjering har våga å oppheva denne reforma, ho er vorten svært populær, og kvart år vert det skipa nye privatskular, som jamt over gjer det betre enn den offentlege skulen. Forskingsresultata er eintydige: Område med store innslag av privatskular har fått ein mykje betre offentleg skule òg. Sviket mot borna Og ja, eg veit at framlegga mine er utopiske og ikkje uttømande. Men kor lenge skal vi lata Utdanningsforbundet, skulebyråkratiet og pedagogar få halda fram med det økonomisk-ideologisk motiverte sviket av norske born? « Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|