 |
FØRSTESIDA
NYHENDE

KRITIKK

Meiningar

AKTUELT

BUTIKKEN

MARKNADSPLASSEN

DAG OG TID

ANNA

|
|
Ja, vi kan! Utan blod, sveitte og tårer
Av Jon Hustad, 12.02.09
Denne veka gjev professor Ottar Brox ut boka Klimakrisen. Hva kan vi gjøre?– Snart vert vi ni milliardar menneske på jorda, og likevel er du så naiv at du trur ho kan bergast? – Eg trur ikkje det er gjeve at den veksten vi har sett, vil halda fram. Utviklinga i folketalet er eit godt døme på det eg freistar å seia: Før fekk folk i Noreg born når dei passerte tjue, og dei fekk gjerne fem eller seks. No får dei born når dei passerer tretti, og det vert som regel berre to. Få om nokon ser på det som noko negativt eller som ei forsaking. Ei liknande utvikling kan vi godt tenkja oss i bruken av fossilt brennstoff. – Som til dømes? – Lat oss seia at du køyrer fem kilometer til arbeid og set bilen i garasjen til arbeidsgjevaren. Eg ynskjer at du i staden skal taka 20-bussen, som går kvart femte minutt. Du ventar ei lita stund og må kanskje gå i ti minutt til arbeid frå endestasjonen din. Det er ei bagatellmessig endring av livsstil på individnivå, men som vil få særs positive konsekvensar på eit kollektivt nivå, betre bymiljø, færre ulukker og så bortetter. – Men det er ein del positive utviklingstrekk der ute alt; veksten er ikkje så energiavhengig som han ein gong var? – No trur eg ikkje at energibruk heilt kan frikoplast frå vekst. Men datamaskinene er eit godt døme, dei fyrste reknemaskinene bruka mykje meir energi enn moderne datamaskiner, som har skapt stor vekst og eit mykje betre og enklare liv for mange. Men på mange andre felt kjem vi ikkje unna at vi medvite må redusera energibruken. – Men om du har rett i at vi kan redusera energibruken dramatisk utan at det får store negative konsekvensar på individnivå, men positive konsekvensar på kollektivt nivå, kvifor gjer vi ikkje det då? – Valperioden er fire år, og særs mykje av det som hittil har vorte lagt på bordet, gjev ein reduksjon i komfort; det er nok til at politikarane dreg seg unna. Det meste vert vonlaust å sjå til, og for å bøta på den vonløysa byrjar dei med symbolproduksjon; CO2-lagring og månelandinga til Stoltenberg er vel gode døme i så måte. I tillegg har vi desse såkalla skeptikarane som diverre legitimerer handlingslaming og politikarar som seier at livet vert uturvande surt for den og den stakkaren som må nytta så mykje tid på å få ungane i barnehagen. Difor får vi ikkje langsiktig arbeid og nok folkeopplysing. Men vi må tenkja utanfor boksen, eit amerikansk framlegg som eg ikkje har med i boka, er ein karbonskatt som vert nytta til å byggja opp fond som mellom anna kan nyttast til å gje folk ein sjekk i posten. Då får folk som syklar eller går, ein nettovinst. – Den vanlege måten å tenkja økonomi på er å skattleggja eit knapt gode som vi vil ha mindre bruk av, hardare. Du seier det lett vert oppfatta som urettvist; i staden tek du til ords for det nokre vil kalla krigsøkonomi, altså rasjonering? – Når noko vert opplevt som urettvist, engasjerer du deg mot det, til dømes ved å røysta på Frp. Gjer du bensin mykje dyrare, vil dei med store og dyre bilar og gode inntekter få betre plass på vegen og koma seg raskare til arbeid. Og då får vi påstandar om at fattigfolk vil lida. Det ser ut til å vera ein tanke der ute om at nordmenn lever i dei knappe 50-åra og at samfunnet framleis er egalitært, men i røynda er det fleire og fleire som har råd til nesten kva det skal vera. Eg trur at mange tradisjonelle verkemiddel ikkje lenger vil ha særleg effekt. Tak dei eldre i dag: Svært mange av dei har særs god råd og vil bruka opp alt dei har av pengar, før dei døyr. Det eg har kalla seniorhedonismen, breier om seg. Mot slikt må du truleg nytta noko andre verkty enn berre skattleggjing. – Det er på eit vis ei litt defensiv bok du har skrive; du føreseier mykje motstand og diskuterer dette. Er du redd for å ha tapt før du byrjar? – At eg diskuterer mottakinga, er basert på røynsle. Eg freistar mellom anna å imøtegå ein for sterk teknologioptimisme, det at vi skal få til ein dramatisk nedgang i framtida basert på andre løysingar enn dei vi har i dag. I 1970-åra trudde vi fullt og fast på at fusjonsreaktoren var rett rundt hyrnet, og at vi straks skulle byrja å byggja slike. Det vart ikkje slik. Eg vil at vi skal forstå at vi med enkle tiltak tufta på dagens teknologi kan oppnå mykje. Difor freistar eg å imøtegå kritikaren på førehand.
« Tilbake
|
|
|