|
|
Reform, reform og reform Av Jon Hustad, 12.02.09 Lærarskulane skal reformerast – endå ein gong. Bakgrunnen kjenner vi: Norske skuleelevar vert år for år berre meir og meir kunnskapslause. Før jul kom til dømes den internasjonale matematikkgranskinga TIMSS. Berre to prosent av norske elevar som går ut av fjerdeklasse, maktar å gonga 53 med 26. Det var dårlegast i OECD, som hadde eit gjennomsnitt på 41 prosent rette svar på den oppgåva. Men no skal noko gjerast. Førre fredag kom stortingsmelding nr. 11 (2008–2009), «Læreren. Rollen og utdanningen». I innleiinga får lesarane vita slikt som at «Elevene er de viktigste i skolen» og at «Dette fordrer at lærerutdanningsinstitusjonene etablerer gode arenaer for faglige drøftinger og samhandling med yrkesfeltet», attåt at «Regjeringen ønsker en helhetlig oppvekstpolitikk, og vil legge til rette for godt tverrsektorielt samarbeid omkring oppvekst og ivaretakelse av utsatte grupper av barn». Verkeleg interessant vert det fyrst når departementet fortel om korleis lærarskulane har fungert dei seinaste åra: På side 71 kan vi lesa at «Skikkethetsbegrepet kom inn i lov om lærarutdanning av 1973. Lovens formulering var: ‘Ved slutten av ei lærarutdanning skal høgskolen ta endeleg stilling til om kandidaten er skikka for læraryrket.’» Det synte seg at lova ikkje fungerte, og i 1999 kom regjeringa med eit skjerpa krav. Fem år etter vart det røkt etter kor mange av lærarstudentane som hadde vorte kasta ut av di dei ikkje var skikka. I perioden hadde det vorte utdana 27.000 lærarar ved norske lærarskular; tjue hadde vorte kasta ut. Hit eit steg... Det er òg eit problem at vi har så mange lærarskular her til lands og at kvaliteten på lærarane ved desse institusjonane er nokså skiftande. I Finland er all lærarutdaning fem år og lagd til universiteta. Slik er det ikkje i Noreg; her har vi 32 lærarskular. Det gjer at det vert vanskeleg å etablera ei femårig masterutdaning, og difor går heller ikkje regjeringa inn for det. Mellom anna kjem distrikts- og sysselsetjingspolitikken i vegen: «Mange læresteder vil ikke kunne gi et bredt og fullverdig tilbud på masternivå. Institusjonene som mangler en slik bredde i tilbudene, vil få rekrutteringsproblemer. (…) En obligatorisk masterutdanning av høy kvalitet kan medføre redusert antall institusjoner som tilbyr lærerutdanning.» Forsking, fru Blom Nivået mellom studentane er heller ikkje alltid så høgt, og yrket dei utdanar seg til, er ikkje særleg populært. Då norske studentar vart bedne om å seia kven dei vil ha til arbeidsgjevar, kom ikkje skuleverket med på femti-på-topp-lista. Det er òg slik at berre to tredjedelar av dei som byrjar på ein lærarskule, fullfører, og under helvta fullfører studiet på normert tid. I tillegg sluttar svært mange av dei som kjem ut i læraryrket, alt før det er gått to år. SSB har laga framskrivingar der dei reknar på kor mange lærarar vi treng i 2020. Mellomalternativet syner at Noreg vil mangla 16.000 lærarar, men då er premissen at 70 prosent av studentane fullfører utdaninga. Karakterkravet Kontrasten til det finske opptakssystemet er nokså stor. I Finland, fortel departementet, er læraryrket høgstatus. Berre dei med toppkarakterar frå gymnaset treng å søkja. Opptaket går føre seg i to omgangar. Fyrst vert tre til fire gonger så mange som kan koma inn, bedne om å koma til eit intervju. Då gjeld berre karakterar som opptaksgrunn. Så kjem fase to. Der får dei fyrst ei skriftleg oppgåve. Så får dei ei oppgåve der evna til sosial interaksjon og kommunikasjon med born vert observert. Til slutt vert dei utsette for eit intervju. Denne prosessen, siterer departementet frå ei gransking, gjer at ein både får svært gode studentar og at utdaninga i seg sjølv vert mykje betre av di studentane er så flinke. Men skulle noko slikt skje i Noreg, ville det i praksis vera å leggja ned det meste av norsk lærarutdaning. Seminar eller universitet? I seminartradisjonen gjekk studentane nærast på vanleg skule. Dei fekk tradisjonell undervising heile dagen, men i 1994 førde Gudmund Hernes inn høgskulereforma, som i sin tur leidde til at studentane fekk undervising i samsvar med universitetstradisjonen: «Omfanget av organisert undervisning i de nye høyskolene ble redusert. Økt selvstudium ble forutsatt.» Men det hende ikkje; lærarstudentane tok ikkje ansvar for eiga læring, og lærarskulelærarane kravde heller ikkje at dei skulle gjera det. «Lærerutdanningene hadde også ofte problemer med å få studentene til å møte opp og delta i undervisningen.» Så kva skal no henda? Departementet viser til ei rekkje nasjonale og internasjonale granskingar som syner at fagkunnskap er avgjerande for kor god ein lærar er. Difor lagar dei no to laup: eitt for barneskulen, klasse ein til sju, og eitt for storskulen og ungdomsskulen, klasse fem til ti. I barneskuleutdaninga skal det leggjast vekt på nybyrjaropplæring og normalt fire undervisingsfag, norsk og matematikk vert obligatorisk. På steg fem til ti skal studentane verta opplærde i tre fag, der kvart fag normalt vert undervist svarande til eitt år. Åra mellom fem og sju vert altså overlappande og krava til fagkunnskap klårt tydelegare. I tillegg vert pedagogikkfaget utvida til eitt år og får namnet «pedagogikk og elevkunnskap». Det vert gjort gjeldande for båe studielaupa. Departementet seier at det ikkje er gjennomført mykje forsking som syner kva effekt pedagogikkfaget har på kvaliteten på lærarane og den undervisinga dei gjev, og at faget har hatt og har ei uklår rolle, men viser mellom anna til at mange av høyringsinstansane har ynskt at pedagogikkfaget skal utvidast og styrkjast. Og dei vert altså høyrde. Tiår med bortkasta tid Kristin Clemet er tidlegare forskings- og utdaningsminister for Høgre. No leier ho tankesmia Civita. – Noreg har svært mange forskarar i pedagogikk; korleis har det seg då at det har vore forska så lite på effekten av faget? Paradigmeskifte – Kvifor har så mange skift meining om skulen? Departementet løyner no lite eller ingenting? – Vi har fått kunnskap om korleis stoda verkeleg er. Ein kan ikkje lenger nekta for realitetane. Hugsa korleis det var: Nils Christie drøymde om eit samfunn utan skule, sjå på kva Ap-politikarar sa, fagforeiningane til lærarane kom med dei mest underlege utsegner. No har venstresida hatt tre år i regjeringskontora, og dei har møtt realitetane. No finst kunnskapen som ikkje var der og som gjorde at alle kunne hevda nær sagt kva det skulle vera om norsk skule. – Men departementet skjerpar ikkje karakterkravet, og dei aukar som sagt satsinga på pedagogikk? Før undergangen
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|