|
|
– Ein farleg paragraf Av Jon Hustad, 22.01.09 Professor i jus Jan Fridthjof Bernt er tidlegare preses i Det Norske Videnskaps-Akademi og rektor ved Universitetet i Bergen. Han har leitt ei rekkje offentlege lovutval. – Som alltid må vi hugsa regelen om at det mange gonger er dei som er ute etter å gjera det rette, som gjer mest skade. Ja, det er forståeleg at vi har lyst til å stogga slike som medvite er ute etter å hissa opp dei muslimske folkegruppene eller andre. Men her kan medisinen lett verta verre enn sjukdomen. Då er det lita trøyst i at departementet nyttar nokre litt diffuse formuleringar om at dette berre skal gjelda i dei mest alvorlege tilfella og ikkje råka gjennomtenkte ytringar. For korleis skal ein få til det? Problemet er, seier Bernt, at utan å vurdera om det er rimeleg å taka så hardt i i den konkrete samanhengen, er det særs vanskeleg å skulla draga ei grense mellom det lovlege og det ulovlege ut frå ei vurdering av kor sakleg og god formuleringa er. – Det kan faktisk vera slik at vi av og til bør skjella ut religiøse rørsler, og det bør i alle høve ikkje vera slik at politiet har til oppgåve å vurdera kor hardt vi har lov til å ta i. Den som meiner at til dømes scientologane er nokre sjarlatanar som berre er ute etter pengane til folk, eller at muslimsk sharialovgjeving er mellomalderleg og avskyeleg, må ha høve til å seia det. Så får andre seia frå om dei meiner at det er grovt og usant. Farleg og ueigna – Men er ikkje det meininga? Ein treng ikkje å tiltala mange om mange er redde for å verta tiltala? Menneske, ikkje Gud – Men då kan vi ikkje skuva eit slikt vern inn bakvegen att i lovverket ved å seia at no vernar vi ikkje Gud, men kjenslene til dei som meiner han bør vernast. Då er vi altså på ville vegar, for kva vert det neste om vi skulle taka ein slik tenkjemåte på alvor, spør Bernt. – Skal Brann-tilhengjarane kunna gå til sak mot dei som seier at Brann er ræva, skal medlemer av Framstegspartiet kunna gå til sak mot dei som krenkjer dei ved å seia at det er eit parti for opportunistar, rasistar og stutumar, eller SV-arar mot dei som seier at dei er nokre farlege sosialistar som aldri har gjeve slepp på draumen om det kommunistiske tusenårsriket? Kvar skal vi stogga når vi fyrst byrjar å gje strafferettsleg vern for folks kjensler for det dei trur på eller identifiserer seg med? Bernt peikar òg på at med eit slikt lovverk vert det vanskeleg for Noreg å kritisera regime som til dømes driv med kvinneundertrykkjing på religiøst grunnlag. Uintendert effekt « Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|