Lesarane ville ha Samtidsruinar
Av Agnes Ravatn, 15.01.09
KÅRINGRøystinga er avslutta, og vinnaren er klar: Samtidsruinar av Marit Eikemo er Årets nynorskbok! Dag og Tid nominerte ti bøker, og inviterte samstundes lesarane til å sjølve kome med forslag til andre nominasjonar – og avisa blei kraftig irettesett av ein stor og entusiastisk lesarskare som meinte at Inger Bråtveits roman Siss og Unn burde vere ein opplagt kandidat. Så mange var dei at Siss og Unn hamna på andreplassen bak Eikemo! Me gratulerer Inger Bråtveit. Gunnhild Øyehaugs kritikar- og lesarrosa roman Vente, blinke plukka bronsemedaljen. Eikemos essaysamling kom likevel eit godt hestehovud framfor dei to skjønnlitterære bøkene, med 26 prosent av alle røystene. Elles kom både Gaute Losnegårds Norsk rutebilhistorie og Elias Blix-biograf Anders Aschims Ein betre vår ein gong høgt opp på lista, så å påstå at 2008 var eit godt år for sakprosaen, er ikkje å ta spesielt hardt i. Ikkje kioskveltar – Gratulerer! Og då kan ein vel ikkje å unngå å spørje: Kva følte du då du fekk vite at Samtidsruinar er Årets nynorskbok, Marit Eikemo? – Det var sjølvsagt veldig kjekt! Men òg litt overraskande. – Kvifor? Boka har jo fått gjennomgåande rosande mottaking? – Ja, men det er ikkje akkurat ein kioskveltar heller, slik ei essaysamling gjerne ikkje er. Eg trudde ærleg tala ikkje eg hadde så mange lesarar. Gunnhild Øyehaug, til dømes, har mange fleire lesarar enn eg. Marit Eikemo (37) debuterte som skjønnlitterær forfattar med romanen Mellom oss sagt i 2006, som fekk svært god omtale. No held ho på med ein ny roman, og som informasjonssjef for Festspela i Bergen har ho nett lagt fram årets festspelprogram. – Kva er den største skilnaden på å skrive skjønnlitteratur og essayistikk? – Essayet er ein refleksjon over eit saksforhold – i dette tilfellet eit konkret møte mellom meg og samtidsruinane, og dei reaksjonane dette vekkjer i meg. Og eg-personen i essayistikken er meg, Marit Eikemo, i motsetnad til i ein roman. Arbeidet med den tekstlege komposisjonen er derimot ikkje så ulik. – Kjem det meir sakprosa frå di hand? – Ja, eg har ein idé og eit tema som eg har søkt om støtte til, og har lyst til å skrive ei essaysamling til. – Essayet er gjerne ei litt høgverdig og aristokratisk sjangernemning – er det ein sjanger du har stor respekt for? – Nei, eg tenkjer ikkje annleis om essayet enn arbeidet med tekst elles. Men det eg likar med essayet, er at ein på eit vis tematiserer si eiga skriving. Førebilete Eikemo har ikkje noko særskilt sakprosa-førebilete, men trekkjer fram Milan Kundera og Kjartan Fløgstad som døme på essayistar ho set pris på. – Kvifor har me så få kvinnelege essayistar? – Det veit eg ikkje. Men det kan nok ha ein samanheng med dette at ein heile tida blir fortald at sjangeren er så vanskeleg. Likevel, både Trude Marstein, Gunnhild Øyehaug og Olaug Nilssen har jo gjeve ut essaysamlingar dei siste åra, for å nemne nokre, seier forfattaren av Årets nynorskbok 2008.
« Tilbake
|