Førstesida
  Nr. 35   Fredag 3. september 2010                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
Fakta om avisa
Meldingar om abonnement
Redaktøransvar
Riksfondet
Tilsette
Vinjeprisen
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Storsløsarane

Av Per Anders Todal
,  18.12.08


Dette har vore eit rart år. Mellom anna vart 2008 det store redningspakkeåret: Ei rekkje bankar og forsikringsselskap rundt i verda har blitt berga frå konkurs av enorme, statlege bergingsoperasjonar. Og sjølv bilgigantane i USA tigg no om hjelp frå staten for å overleve.
Det er mange interessante sider ved desse bergingsoperasjonane. Mellom anna kastar dei lys over forholdet mellom privat og offentleg verksemd. For dei storselskapa som treng berging, blir òg underlagde visse krav frå styresmaktene – og frå media og opinionen. Når offentlege pengar blir sette inn for å hjelpe, blir det nemleg forventa at desse selskapa ikkje sløser dei vekk på tull, men brukar dei berre på nyttige, nøkterne tiltak som styrkjer selskapet. Opplagt? Kanskje det. Men for fleire av toppsjefane ser dette ut til å ha kome som noko av eit sjokk.

Flygande tiggarar
Eit døme er det amerikanske forsikringsselskapet American International Group, som måtte bergast frå kollaps i september. Det første leiinga gjorde etter å ha fått løyvd 600 milliardar kroner i kriselån frå sentralbanken, var å spandere ei veke på luksushotell for ei gruppe utvalde tilsette. I den store samanhengen ein bagatell, men i PR-samanheng ein katastrofe.
Og somme av innstramming­ane overfor AIG var det meir mon i. Eit fond på fire milliardar kroner som var sett av til bonusutbetalingar, vart frose. Det same vart 140 millionar kroner som skulle utbetalast til den avgåtte toppsjefen, som løn for å ha styrt selskapet til randa av avgrunnen.
Toppsjefane i General Motors, Ford og Chrysler lærde tydelegvis ikkje av PR-blemma til AIG. Da bilbossane skulle dra frå Detroit til Washington for å tigge styresmaktene om krisehjelp, kom dei i kvar sine privatfly. Det vart ikkje godt motteke, for å seie det mildt. I møtet med Kongressen vart dei tre regelrett håna. «Kunne de ikkje i det minste ha nøydd dykk med å flyge første klasse i staden for å kome i private luksusfly? Det ville synt at de skjønte poenget», sa kongressmann Gary Ackerman spydig.

Offentleg og privat
Det er noko av ei etablert sanning at privat sektor sløser mindre og er meir effektiv enn offentleg sektor, også i Noreg. 70 prosent av nordmennene er overtydde om det, synte ei undersøking frå Telemarksforsking for nokre år sidan.
Men sidan det snart er jul, tillèt eg meg å stille nokre naive, barnlege spørsmål: Kvifor er det så få som bryr seg om sløsinga til private storselskap, medan vi ikkje toler sløsing med offentlege middel? Er ikkje all øydsling med ressursar eit tap for samfunnet? (I denne omgangen handlar det ikkje eingong om dei enorme tapa som følgjer av uansvarleg spekulasjon, som vi har sett så grelle døme på i år. Og det handlar heller ikkje om pyramidespela til megalomane svindlarar som den nyleg avslørde Bernard Madoff.)

Dei midlane som leiarane i storselskapa øydslar med, til privatfly og sjukt store bonusar, kjem ikkje dei òg frå vanlege folk – frå betalinga til kundane og arbeidet til dei tilsette? Og, ikkje minst: Vi får så ofte høyre at privat sektor alltid er meir effektiv og sløser mindre enn offentleg sektor. Kva kjem det da av at sløsinga i store, private selskap først blir ei sak når det er det offentlege som må inn og berge dei?

Trua på marknaden
Det finst ideologiske grunnar til at vi nyttar så ulike briller på offentleg og privat ressursbruk, meiner Kåre Hagen. Han er leiar for Institutt for offentlege styringsformer ved Handelshøyskolen BI.
– Dette er utslag av ein ideologi som seier at all ineffektiv ressursbruk i marknaden vil bli avslørd fort, medan det ikkje blir avslørt i offentleg sektor. Denne ideologien eller religionen seier at dei økonomiske disposisjonane til privat sektor ikkje treng regulering, fordi marknaden straks vil oppdage og straffe sløsing. Offentleg sektor må derimot overvakast, seier Hagen.
– Når ein bilfabrikant eller bank betaler leiarane sine løner bortanfor all fornuft, er det fordi ein trur at dette vil gje ei yting som gjer det lønsamt. Marknads­ideologien seier at marknaden per definisjon har rett, på grunn av konkurransen. Og i rekneskapen til eit stort firma er sjølv eventyrlege løner til sjefane ein relativt liten del av lønskostnadene.
– Men sjølv vesle Noreg har mykje fleire skattebetalarar enn General Motors har tilsette. Likevel vil vi ikkje godta det om norske regjeringsmedlemer løyvde seg sjølve like feite bonusar som sjefane i GM?
– Nei, løna til Stoltenberg blir på ein heilt annan måte oppfatta som «våre pengar». Om sjefen i banken din tener ei eventyrløn, ser du det ikkje på same måte som «dine surt erverva pengar». Så kan ein seie at skatt er noko du må betale, medan du kan byte bank om du synest sjefløna i banken din er for høg. Men det siste er det få som gjer.

Den dydige marknaden
Kristin Clemet, leiar for tanke­smia Civita, synest ikkje det er rart om folk ser på offentleg og privat pengebruk med ulike briller.
– Eg trur det er allmenn aksept for at folk sløser bort sine eigne pengar. Det er ein sunn refleks. Men når ein forvaltar pengane til andre, må ein gjere det ansvarleg og omsorgsfullt, seier Clemet.
– Men debatten kring bergingsoperasjonane i USA tyder på at offentleg pengebruk blir granska langt meir kritisk enn privat?
– Det skulle berre mangle. Når eg har betalt skatten min, har det lita offentleg interesse om eg kjøper appelsinar eller sjokolade for pengane eg har att. Men det har stor interesse korleis staten brukar fellesskapsmidlane.
– Med andre ord: Vi forventar meir ansvarleg, nøktern ressursbruk frå offentleg sektor enn frå privat?
– Eg er ikkje sikker på at det alltid er slik. I Noreg blir er det lett å hengje ut folk som har ein ekstravagant livsstil. Men vi fører ikkje særleg nøye kontroll med offentleg pengebruk.

– I mars i år skreiv du ein kommentar med tittelen «Fornyelse av offentlig sektor». Der stod det: «I privat sektor regnes nøysomhet som en dyd og sløsing som lite aktverdig. I offentlig sektor ser det merkelig nok ut til å være omvendt.» Dette får eg ikkje til å stemme med dei døma vi har sett i USA i haust.
– Eg trur ikkje det eg skreiv, gjeld i alle tilfelle. Det er kulturskilnader mellom USA og Noreg. I USA er det mykje større aksept for at du gjer som du vil med dine eigne pengar. Men i Noreg er det meir hakking på dei rike, medan pengebruken til det offentlege blir gått lite etter i saumane.
– Richard Fuld, som køyrde finansbanken Lehman Brothers i grøfta, fekk utbetalt 3,5 milliardar kroner på åtte år for innsatsen sin. Læt ikkje det som sløsing?
– Det lønsnivået er heilt ute av proporsjon, sett med norske auge, men eg trur ikkje reaksjonane på dette blant vanlege folk er like sterke i USA som her. Det er meir aksept for slike løner der borte, seier Clemet.

– Eindimensjonalt sprøyt
Bent Sofus Tranøy, statsvitar, Fafo-forskar og forfattar av boka Markedets makt over sinnene, ser saka stikk motsett av det Clemet gjer.
– At offentleg sektor sløser meir enn privat, er ein myte som har sett seg dei siste tretti åra, seier Tranøy.
– Alle som har jobba i båe sektorar, veit at det ikkje er så enkelt. Påstanden byggjer på ein enkel idé om at privat sektor ikkje sløser, fordi selskapa er ansvarlege for sine eigne pengar. Men det stemmer ikkje. Dei mange opsjonsskandalane vi har sett, vitnar til dømes om ein enorm vilje til å sløse.
Tranøy ser fleire grunnar til at privat sektor ofte sløser meir enn offentleg.
– For det første: I mange bedrifter er det svært langt mellom eigarane og dei som tek avgjerdene. Eigarane har lite kontroll med pengebruken i bedrifter med spreidd eigarskap. For det andre: Sidan næringslivet kan føre opp utgifter som skattefrådrag, er det ein god del pengebruk som framstår som gratis. For det tredje blir det lett å sløse når ein har mykje pengar mellom hendene, nett som i privatlivet. Somme bedrifter går jo veldig godt i periodar. Eg jobba sjølv som vikar i VG på 80-talet og har aldri sett slik sløsekultur nokon stad. Pengebruken er ofte ein direkte konsekvens av kor mykje pengar ein har.

– I privat sektor er nøysemd ein dyd og sløsing lite aktverdig, i offentleg sektor er det omvendt, meiner Kristin Clemet?
– Det der er eindimensjonalt sprøyt, og Clemet har ei dårleg forklaring på kvifor det eventuelt skulle vere slik. Ho framstiller det som om det djupaste motivet for menneskeleg handling er å passe på si eiga lommebok. Eg kan bli støytt av den ideologiske, tanketomme mobbinga av offentleg tilsette som Kristin Clemet driv med. Sjå på skilnadene i frynsegode og løner mellom offentleg og privat sektor. Offentleg tilsette må nøye seg med låg løn og ein bordkalender til jul. Men dei ser kanskje andre verdiar i arbeidet sitt, seier Bent Sofus Tranøy.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake