|
|
Veksten og avfortryllinga av verda Av Bredo Berntsen, 13.11.08 I den interessante debatten mellom Kristin Clemet og Arne Johan Vetlesen i Dag & Tid for 10. oktober sa Clemet mellom anna: «Pessimistane har, i alle fall sidan Malthus og sannsynlegvis lenge før han, hevda at grensa for vekst er nær. Ein av suksessane til kapitalismen er at grensa enno ikkje er nådd – og vi veit framleis ikkje kvar grensa går, fordi kapitalismen stadig kjem med nye løysingar der han møter knappheit». Dette er diverre so gale som det kan verta! Ein av dei som klårt har hevda at det er grenser for økonomisk vekst, er tidlegare professor Trygve Haavelmo som fekk Nobels minnepris i økonomi. Han presiserte at straumen av naturressursar på den eine sida og menneskestyrt kapital på hi, er av komplementær, ikkje-erstatteleg art. Han skreiv (saman med Stein Hansen) i Sosialøkonomen 1992 at stendig auke i akkumuleringa av menneskeskapt kapital i seg sjølv legg aukande press på det kloten har av naturkapital ettersom det krev aukande tilførsle av naturressursar for å oppretthalde den menneskeskapa kapitalens produktivitet. Og når no naturressursane ikkje er uendelege, vert det krise: «Vi nærmer oss raskt en situasjon hvor tilgangen på innsatsfaktorer er i ferd med å bli snudd på hodet. Det som nå i økende grad blir mangelvare og global bremsekloss i produksjonsprosessen, er naturressursene, ikke menneskeskapt kapital og faglært arbeidskraft». Denne artikkelen av Haavelmo og Hansen vart òg publisert i boka Økonomisk politikk for en bærekraftig utvikling: Oppfølging av Brundtlandkommisjonen. Ho vart utgjeven av UNESCO i 1992. Her blei det vist ein figur som syner at grensene er i ferd med å verta nådd. Men desse fråsegnene vart for det meste teia i hel. Dokumentasjonen Den nemnde rapporten til UNEP vert òg støtta av Verdas Naturfond i deira rapport frå 2004: Living Planet Report. Her er konklusjonane at forbruket i verda av fornybare ressursar ligg 20 prosent for høgt til at naturen greier å fornya dei. Rapporten har òg ein indeks - Living Planet Index - grunna på utviklinga av meir enn 1100 arter over heile verda. Indeksen syner ein nedgang av bestandane på heile 40 prosent sidan 1970. Dei avgrensa areala og ressursane på kloten vår toler kort og godt ikkje det moderne vekstsamfunnet – me ruinerer oss sjølve og etterkomarane våre. Kollisjonen mellom miljøtenking og marknadsambisjonar er openberr. Di meir økonomien veks, dess mindre attverande natur. Til liks med UNEP seier Verdas Naturfond at den gjennomsnittlege verdsborgaren har eit «økologisk fotavtrykk» som ligg for høgt. I den siste rapporten Living Planet report, 2006, er Noreg på tiandeplass på rangeringa over dei landa i verda som forbrukar mest av dei fornybare ressursane på kloten. 15 589 artar er truga I tillegg til dei nemnde rapportane vil eg òg trekkje fram det grundige oversynet som er presentert av FN i det høgt respekterte vitskapsselskapet Royal Society i London i 2005. Studien er ei global oppfylgjing av FNs Millennium Ecosystem Assessment frå 2001. Bidraga her er frå 1360 forskarar ifrå 95 land, og dei er koordinerte og samla av eit styre på 45 personar, leia av sjefsforskar i Verdsbanken, Robert Watson. Den omfattande rapporten slår fast – som dei andre nemnde rapportane – at verda lever over evne. To tredelar av det livsviktige maskineriet i naturen er skadd og svekt av rovdrifta åt menneska. Tilstanden i 15 av 24 av verdas økosystem er så dårleg at fylgjene her vert sers alvorsame – og truleg vil desse økosystema verta endå meir svekte i åra framover. Dei fattige i verda vil råkast hardast av di tilgangen på ferskvatn, fisk, matjord og brensel er truga. Skal menneska lette presset på naturen, må det radikale brigde til i måten naturen vert nytta på av styresmakter og næringsliv. Vil ikkje høyra La oss til sist sjå litt på kva EU gjer med desse problema, mange trur at her ligg det eit svar. Kva er so det overordna målet for denne store europeiske organisasjonen anna enn det som kjem fram i det sokalla Lisboa-målet: å verta den mest dynamiske og konkurransedugande økonomien. EEA – EUs eige miljødirektorat – seier faktisk i klåre ord at ein slik vekstpolitikk ville leggja aukande press på naturressursane. Mellom anna vert ti hektar jord i gjennomsnitt kvar dag omdanna til motorvegar. Ein eigen EEA-rapport fortel at meir enn ein firedel av landområda i EU no er direkte prega av den aukande urbaniseringa. Mellom 1990 og 2000 er meir enn 800 000 hektar nedbygd. Ein ynskjer i EU i prinsippet å verna naturen og hegna om mange av artane. Men den økonomisk-materielle veksten motarbeider vernet i praksis. Einsemdas tidsalder Jernburet Bredo Berntsen er forfattar og universitetsbibilotekar « Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|