|
|
– Tsjetsjenia er framleis farleg Av Per Anders Todal , 16.10.08 I fjor haust gjorde norske styresmakter ei radikal endring av politikken sin overfor tsjetsjenske asylsøkjarar. Før dette fekk kring 75 prosent av dei som kom hit, opphald. Etter kursendringa har berre kring 15 prosent fått opphald. Har verkeleg risikobiletet endra seg så brått til det betre for desse menneska? Nei, meiner mange menneskerettsorganisasjonar. Sjølv om forfølging, tortur og andre menneskerettsbrot har blitt mindre vanlege enn før i Tsjetsjenia, er dei framleis utbreidde. Helsingforskomiteen og Amnesty International er blant dei som har åtvara skarpt om at retur av tsjetsjenske asylsøkjarar kan setje folk i fare. Det gjeld òg om dei blir returnerte til ein annan stad i Russland som internflyktningar. Men norske styresmakter meiner tsjetsjenske asylsøkjarar no kan returnerast både til Tsjetsjenia og andre stader i Russland. – Umenneskeleg praksis – Ein god del av tsjetsjenarane har vore utsette for tortur eller valdtekt frå representantar for styresmaktene i heimlandet. Da er det umenneskeleg å returnere dei. Og det er svært uheldig at Noreg ikkje følgjer UNHCRs tilråding, seier Frihagen. Han meiner at arbeidet til Landinfo er ein viktig grunn til omlegginga av politikken overfor tsjetsjenarane. Landinfo er eit fagorgan for utlendingsforvaltninga, og gjev vurderingar av menneskerettssituasjonen i land som Noreg får asylsøkjarar og flyktningar frå. Mannen med hovudansvar for Russland og Tsjetsjenia heiter Hans Arne Kjelsaas, og Frihagen meiner rapportane hans har vore svært viktige for den nye politikken overfor tsjetsjenarane. – Vurderinga til ein person i Landinfo blir rekna som betre enn UNHCR si. Landinfo er svært sentrale premissleverandørar. Men når det gjeld Tsjetsjenia, har Landinfo uttalt seg klart i strid med annan kompetanse, seier Frihagen. – Men situasjonen i Tsjetsjenia er mykje fredelegare enn for nokre år sidan? – UDI meiner det er trygt å returnere tsjetsjenarar til andre delar av Russland? Torturert av presidenten – Ein tsjetsjensk mann som hadde vart torturert i fengselet av president Kadyrov personleg, fekk avslag på asylsøknaden sin. Om det å ha vore torturert av presidenten ikkje kvalifiserer til vern, kva skal da kvalifisere? – Statssekretær Libe Rieber Mohn har sagt at departementet legg til grunn at det Landinfo seier, er rett. Men vi opplever at Landinfo vurderer situasjonen i Tsjetsjenia annleis enn dei fleste andre kjelder. Det gjeld ikkje berre organisasjonar som russiske Memorial og Amnesty International, men òg FNs høgkommisær for flyktningar og Europarådets torturkomite, seier Borchgrevink. – Europarådet seier til dømes at alle som blir pågripne i Tsjetsjenia, risikerer å bli mishandla. Sjølv om dei fleste kjelder meiner at menneskerettssituasjonen i Tsjetsjenia har betra seg noko, seier dei framleis at han er svært alvorleg. Og Landinfo si oppfatning skil seg frå desse. Mange roller Landinfo-ekspert Hans Arne Kjelsaas spelte ei kontroversiell rolle i ei slik sak i haust. Eit tsjetsjensk par hadde anka avslaget på asylsøknaden sin til tingretten. Der viste Kjelsaas til ein advokat frå menneskerettsorganisasjonen Memorial, som skulle ha fortalt Kjelsaas at «han ikkje kjende til 'fabrikkerte rettssaker' i Tsjetsjenia det siste året». Da Helsingforskomiteen kontakta Memorial om saka, vart dette sitatet tilbakevist som feilaktig av organisasjonen – og av advokaten sjølv. Dette har Memorial skarpt understreka i eit brev til Landinfo-direktør Jörg Lange. – Det eksperten frå Landinfo sa i retten, stemde ikkje. Ein kan spørje seg kva system Landinfo har for kvalitetskontroll av sine eigne ekspertar, seier Aage Borchgrevink. – Legg berre fram kunnskap – Landinfo baserer vurderingane sine på mange ulike kjelder. Det kan vere ulike syn på situasjonen i eit land, og eg er kjent med at Helsingforskomiteen har eit anna syn på situasjonen i Tsjetsjenia enn landrådgjevaren vår, seier Jörg Lange, leiar for Landinfo. – Landinfo er faginstans for både UDI, Utlendingsnemnda og domstolane. Er det bra for rettstryggleiken til asylsøkjarane når same kjelde er så viktig for avgjerdene til tre ulike instansar? – Einskilde landrådgjevarar sine vurderingar kan vere viktige både i UDI, UNE og i retten. Er det rett at vurderingane til ein person skal vege så tungt i så mange instansar? – Organisasjonen Memorial meiner at Kjelsaas gav feil framstilling av deira syn på rettstryggleiken i Tsjetsjenia i ei rettssak i Noreg i haust. De har fått eit skarpt brev frå Memorial om dette. Går du god for framstillinga Kjelsaas gav i vitneprovet sitt? Landrådgjevar Hans Rune Kjelsaas vil ikkje kommentere verken vitneprovet sitt eller den generelle kritikken mot Tsjetsjenia-rapportane hans. « Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|