Førstesida
  Nr. 35   Fredag 3. september 2010                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
Fakta om avisa
Meldingar om abonnement
Redaktøransvar
Riksfondet
Tilsette
Vinjeprisen
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Kjærleikens audemark

Av Odd W. Surén
,  04.09.08


ROMAN
Jan Roar Leikvoll:
Eit vintereventyr
Samlaget

Handlinga går føre seg i ein slags konsentrasjonsleir, men det vert ikkje presisert kvar eller når hendingane i boka finn stad. Eit par namn og nokre døme på særs primitiv humor hjå personane i boka peikar tydeleg mot Tyskland og nazismen, men dette treng ikkje å vera nokon føresetnad. Derimot er eit absolutt fråvere av empati eit grunnvilkår for det som skjer i romanen. Det vil seie eit fråvere i det ytre, i det som let seg observera utanfrå. Men den einaste tanken me får sjå inn i hjå den namnlause eg-personen, hyser mange gode og varme kjensler, i det minste er han glad i seg sjølv.

Han har status som «altmulegmann» i leiren, og arbeider i lag med ein som heiter Hans, som han er forelska i. Sjølv er han mjuk og feminin, medan Hans er sterk, hard og maskulin.

Eg-personen tenkjer seg ei framtid med Hans, eit liv i familiær tryggleik, og han er heile tida på jakt etter noko eller nokon å elska, og verta elska av, i dei mest groteske kulissar ein kan tenkja seg. Til leiren kjem folk som «altmulegmenn» og vaktar kallar for sjuke, eller snauskallar. Truleg vert dei drepne systematisk, i det minste går krematorieomnane for fullt, og det er alltid oske i lufta.

Mannen som fortel, og som tek på seg ei kvinnerolle i det som skjer, har tydelegvis ikkje mykje fortid. Nokre få glimt får me no og då, men den fiktive framtida med Hans tek mykje større plass i dei tankane han deler med oss. Utan personleg røynsle frå ei slik ekstrem stode, kan eg likevel tenkja meg at dette fråværet av fortid kan vera ein god overlevingsstrategi. Den som finn eit brød når han er ved å svelta i hel, grin ikkje i raseri over at han ikkje heller fann ein porsjon biff og fløytegratinerte poteter. Lukka er relativ, ein lyt leita etter gledene innan dei rammene som ligg føre, medan ei samanlikning med det moglege i ei fri verd truleg vil gjera kvardagen uoverkommeleg i den ufrie.

Brutalt
Jan Roar Leikvoll skriv lett og grei prosa utan nemnande ornamentering. No og då er det litt pynt i skildringa av sol og himmel, men det meste han har å fortelje er heller traurige saker, som ikkje kan skildrast sannferdig utan brutalitet. Nokre gonger kan ønsket om effektivitet gjera språket litt upresist, ein forstår kva forfattaren meiner, men tykkjer ikkje han har funne ei god løysing når det gjeld formuleringane, særleg når ei utvikling av eitkvart skal presenterast med få ord, som når det heiter at «Jenta klemde den vesle guten mot dei nye brysta sine» eller «suppa var kald, og eit feittlag frå eldre dyr låg på overflata». I det første tilfellet får me tru at jenta ikkje også hadde eit par gamle bryst, i det andre meiner forfattaren neppe at det hadde vore annleis med feitt frå unge dyr.

Hovudpersonen tenkjer heile tida, han ser på det som skjer, og held den store fortvilinga unna med kvardagsfilosofi, som etter at ein «snauskalle» er slått i hel av vaktene: «Kvar var han no, han som berre for ei lita stund sidan gjekk her saman med oss, var ein av oss, fekk vere med oss, satt på same greina og hadde funne feste, men som no ikkje var ein av oss, men lenger borte enn nokon andre, sjølv om han også var noko som låg på rygg på ein stabel med verktøy og kikka på meg. Det var som om dei daude augo sa meg noko, gjorde narr av meg, lo at eg vart den neste.»

Stillstand
Medan eit filosofisk verk er eit tilskot til det eksisterande, og vert interessant først når det anten står på akslene til andre verk, eller nektar å stå der, er skjønnlitteraturen utan, eller nesten utan, det ein kan kalla akkumulativ tyngd. Den kan berre bera fram personlege røynsler, gjerne fiktivt, men ofte slik at det som skjer er nytt for teksten, og for dei som lever i teksten, om det enn er gamalt for verda. Eg-personen i denne boka undrar seg over slikt milliardar har undra seg over før han, og syner oss dermed eit døme på at litteraturen sjølv er utan eigentleg framgong, men ikkje utan skilnad på høgt og lågt.

Ein kan undra seg over valet av setting i boka, så langt borte frå dei røynslene eg vil tru Leikvoll har sams med lesaren, altså frå vårt trygge Velstands-Noreg anno 2008. Men denne plasseringa av hovudpersonen gjer det mogleg å lausriva temaet frå støy og skodde, og presentera det reint og tydeleg. Det handlar om kjærleiken, slik den nektar å døy under sjølv dei mest ugjestmilde tilhøve. I den til tider groteske dystopien denne boka byr på, er lengten etter å nå inn til eit anna menneske, å verta elska og å kunne syna kjenslene sine, eit nordlys på den svarte nattehimmelen.

Leikvoll, som er ein mogen debutant (fødd 1974), har fått til ei bra bok, skriven i moll og utan rom for nemnande humor. Teksten er til tider litt ekkel, noko som ikkje diskvalifiserer romanen, og her er mykje sansing, særleg lukting, hovudpersonen er ein lidenskapeleg skosniffar. Men nokre laster lyt vel ein stakkar ha.

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake