Førstesida
  Nr. 35   Fredag 3. september 2010                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
Fakta om avisa
Meldingar om abonnement
Redaktøransvar
Riksfondet
Tilsette
Vinjeprisen
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Dei rike fattige

Av Jon Hustad
,  07.08.08


Dei fattige vil de alltid ha mellom dykk, hevda meisteren frå Nasaret. Vi går ut frå at han ikkje heldt Samfunnsspeilet, det populærvitskaplege tidsskriftet til Statistisk sentralbyrå (SSB). For, syner sosio­log Arne S. Andersen i det seinaste nummeret av bladet, ein god del av dei som fell inn under formelle definisjonar av fattigdom, har eit forbruk som er langt høgre enn det inntekta deira skulle tilseia, og det utan at dei har teke opp forbrukslån.

Som så ofte før oppstår problema når ein skal sameina teori og praksis, fortel Andersen. Teorien seier nemleg at forbruket skal vera lik inntekta minus sparing. Høgre forbruk enn inntekt må dimed tyda at ein anten låner eller tærer på formuen. Men slik er det på langt nær alltid.

Eit av problema er sjølve datainnsamlinga av inntekt. Tala for inntekt vert henta frå eit register som tek utgangspunkt i sjølvmeldinga og som viser til kalenderår. Og kva er sjølvmeldinga? Jau, det er registrering av skattepliktige så vel som skattefrie inntekter, slike som sosialhjelp, bustønad, stipend frå Lånekassa, men ikkje studielån, overføringar frå andre familiemedlemer eller andre private hushald. Men også desse pengane kan ein bruka.

Dei overraskande tala
Forbruk kan ein derimot ikkje henta inn frå noko register, så då må ein spørja eit utval av folkesetnaden. SSB bed desse utvalde hushalda føra rekneskap over kor mykje pengar dei nyttar, og på kva, i ein periode på fjorten dagar. På toppen kjem spørsmål om større utgifter gjennom dei siste tolv månadene.

Då er det på tide å koma med tala som forbruksregistreringa synte og det for perioden 2001–2003. Dei som tente 40 prosent av medianinntekta, som er midpunktet av inntektene i folkesetnaden, hadde ei registrert inntekt etter direkte skatt på 50.900, men forbruka 126.500 kroner meir enn dei hadde i inntekt. Ja, de las rett: 126.500 meir enn dei hadde i inntekt. Dei som tente 50 prosent av medianinntekta, hadde på si side eit meirforbruk på 88.700, dei med 60 prosent 58.200, og dei med 70 prosent av medianinntekta nytta 49.200 kroner meir enn dei hadde i inntekt etter skatt.

Konklusjonen: SSBs tal «viser at forskjellen mellom lavinntektsgruppen med høyest inntekt og de andre lavinntektsgruppene omtrent forsvinner».

Endå betre
Endå betre er situasjonen om vi tek omsyn til storleiken på hushalda og reknar forbruk per eining i denne gruppa.

«Mens gjennomsnittlig inntekt etter skatt per forbruksenhet for denne lavinntektsgruppen er vel 40 prosent av gjennomsnittet for alle husholdninger, er det tilsvarende tallet for forbruksutgift om lag 70 prosent.»

Kven er det så som vert definerte som fattige? Det finst ei rad ulike definisjonar, men den definisjonen som etter kvart er åt å få monopol, er definisjonen som EU nyttar: At fattige er dei som tener under 60 prosent av medianinntekta i den samla folkesetnaden. Om vi derimot seier at fattige er dei som forbrukar under 60 prosent av medianforbruket i folkesetnaden, forsvinn mest alle fattige.

Så korleis kan det ha seg at alle desse som vert definerte som fattige, reelt sett ikkje er det? Dei fleste vil vel tippa på at folk har formuar – dei vert ikkje tekne med når fattigdom skal definerast – og at dei registrert fattige vel å tæra på dei. Men slik er det ikkje: «Analysen viser at lavinntektsgruppen ikke har tært på oppsparte midler.»

Unge og ikkje fattige
Mykje av forklåringa ligg ein annan stad, nemleg i at dei fattigaste i hovudsak er unge. To tredjedelar av dei som tener minst, altså under 60 prosent, er yngre enn tretti år. I Noreg studerer svært mange av dei unge, og dei har ofte velståande foreldre og studielån. Heile 80 prosent av dei unge som vert definerte som fattige, syner det seg, tek opp studie­lån.

Sagt på ein annan måte: Godt over 50 prosent av dei som etter EU-definisjonen vert definerte som fattige, er ikkje fattige, men studentar eller skuleelevar med ein heilt grei levestandard og eit relativt høgt forbruk.

Katten or sekken
Men heller ikkje studielån eller overføringar frå foreldre gjev heile forklåringa. For «samlet vil disse to kildene til forbruk bare gi litt mindre enn halvparten av merforbruket i unge lavinntektshusholdninger», har Andersen funne ut.

Her byrjar problema med det manglande samsvaret mellom reell inntekt og registrert inntekt å verta store, særleg for dei som ikkje studerer. Noko kan kanskje forklårast med at registreringsperioden for forbruk i hovudsak berre er to veker og at ein i desse to vekene av ymse grunnar har høgre registrert inntekt enn elles i året. Men det er i høgda ei halvgod forklåring, meiner Andersen, som er ein høfleg mann og vel orda sine med om­­hug. Dei «analyser som er gjort, tyder ikke på at den korte registreringsperioden for deler av forbruket er en vesentlig forklaring på forbruket».

Men til slutt slepper Andersen katten ut or sekken: Sidan ein vanlegvis «antar at forbruks­undersøkelser i noen grad undervurderer forbruket, retter mistanken seg mot mangler i registreringen av inntekt».

Og då er det berre å minna om at vi alle er pliktige til å gje opp alle inntekter i sjølvmeldinga.

Det politikarane ikkje vil vita
– Fattigdomsdebatten kjem av di vi alle har vorte så mykje rikare, meiner Civita-medarbeidaren Lars Fr. H. Svendsen.

Det har gått føre seg eit ordskifte om fattigdom i Aftenposten i sumar. I ein større kronikk hevda fyrsteamanuensis ved Universitetet i Bergen, filosof og deltidstilsett ved tankesmia Civita Lars Fr. H. Svendsen at omfanget av norsk fattigdom er mykje mindre enn offisielle statistikkar syner, og at vi måtte få ein meir nyansert debatt om fattigdoms­politikken i Noreg.

– Eg går ut frå at du er nøgd med rapporten frå SSB?
– Vel, eg hadde inga aning om at SSB ville koma med denne rapporten då eg skreiv det eg skreiv. Men tala dei legg fram, er ikkje nett uventa. I alle høve stør SSB opp under mitt poeng om at fattigdomen her til lands har eit mindre omfang enn det har vore vanleg å hevda. Men lat meg få streka under at vi har fattige og at vi bør hjelpa dei.

Svendsen ynskjer ei endring der ein ser meir på forbruk og mindre på registrert inntekt, velkomen.

– For det fyrste har vi ei svært høg medianinntekt her til lands, og då må målingar som berre samlar seg om inntekt, gje ein del kuriøse innslag. Men eg meiner vi òg må taka omsyn til kva folk sjølve meiner om liva sine. Jamvel om vi tek i bruk den mest vidaste definisjonen av fattigdom, så fortel to tredjedelar av dei som då vert definerte som fattige, at den økonomiske situasjonen deira er god. Eg meiner vi skal tru på det folk seier.

Usamde politikarar
– Det verkar ikkje som om politikarane våre er heilt samde.
– Nei, stendig fleire parti har kasta seg utpå. I nyare tid er det vel Frp som har køyrt hardast. Eit noko kuriøst utslag av kva posisjonar har å seia, fekk vi for ei tid sidan i ein debatt på TV2 mellom Kristin Halvorsen og Dagfinn Høybråten. Høybråten tok ut­­gangspunkt i ein vid definisjon av fattigdom og viste til at vi då hadde fått 11.000 fleire fattige her til lands. Halvorsen visste på si side at alle grupper dei siste åra har fått ein reelt betre levestandard, men ho fekk seg ikkje til å seia det. Det var eit underleg skode. Høy­bråten vann debatten på walkover.

– Internasjonalt har fattigdomsdebatten gått i fleire tiår, og mange forskarar har nytta mykje tid til dette, men i Noreg er han nokså ny?
– Ja, eg har tenkt litt på det. Sverige og Danmark hadde denne debatten i 1990-åra, Storbritannia har hatt han sidan 1980-åra, men Noreg stort sett berre dei siste fire–fem åra. Eg trur det har å gjera med at vi har hatt ein så enorm auke i rikdomen dei seinaste åra. Då Odvar Nordli i 1979 sa at fattigdom og naud no var utrydda i Noreg, så meinte han ikkje at det ikkje fanst menneske som hadde det knapt. No har vi fått eit ordskifte der det kan synast som det å ha det litt knapt er det same som å vera fattig.

Vil ha klientar
– Det vert sagt at militære er av­­hengige av eit trugsmål; det er vel òg slik at velferdsstaten er avhengig av klientar?
– Ja, og det er interessant å sjå kor livredde regjeringa er for alle ordskifte som opnar for at vi kan få visse endringar i den såkalla nordiske modellen. Om så godt som alle framlegg vert det hevda at dei er eit trugsmål mot den ålmenne velferda. Problemet er at føresetnadene for den modellen vi har, er endra, utan at vi har vore i stand til å endra modellen. Dei såkalla radikale ung­domane har vorte konservative og kjempar til dømes no for AFP, som er ei overføring av pengar frå unge med høg gjeld til eldre som har store nettoformuar. Det er noko underleg å sjå på.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake