|
|
Journalismen som samfunnslære Av Roald Helgheim, 03.04.08 I boka Pressen er løs stilte Odd Raaum spørsmålet: «Hvordan kan det ha seg at så mange journalister tydeligvis har en så ukomplisert tro på sin egen og journalistfagets betydning?» Eit grunntema i boka, som Raaum som førsteamanuensis i journalistikk ved Høgskolen i Oslo gav ut i 1999, er at få eller ingen stiller spørsmål ved det oppdraget pressa meiner å ha fått av samfunnet, men som i røynda er eit oppdrag pressa har gjeve seg sjølv på vegner av det. Når spørsmålet ein hende gong blir stilt, viser mediefolk til eit allment samfunnsansvar for handlingane sine, ein samfunnskontrakt med utgangspunkt i myten om ei fjerde statsmakt. Samstundes set ein seg med nebb og klør mot alle slags krav om innsyn og kontroll av den typen dei stiller til andre statsmakter. Difor er representantane til pressa i fleirtal i sin eigen domstol, og ho peikar sjølv ut dei andre som får vere med. Det fine, samansette ordet om samfunn og kontrakt har vi høyrt sjeldnare dei siste åra, men det låg tydeleg på tunga hos mange av medias eigne kommentatorar då politikarane Audun Lysbakken frå SV og Torbjørn Røe Isaksen frå Høgre i vinter saman gjekk ut mot det etablerte kommentatorveldet i den politiske journalistikken. Når det gjeld Raaum, følgde han i 2002 opp med boka Selvsensur. Der siterte han Kåre Valebrokk, som i Aftenposten ein gong i 2001 skreiv at «Alle vår feil til trass, virkeligheten bestyres best av journalister». Ein grunntese hos Raaum er at presseetikk ikkje først og fremst er eit mål på kor edelt lauget er. Det bør heller sjåast som ein bransjestrategi som skal overtyde styresmaktene om at alle partar er tente med at pressa tuktar seg sjølv, utan innblanding utanfrå. Det lyder kynisk, men det høyrer med at forfattaren på spørsmål om det fanst ein annan og betre justis, sa at han ikkje trudde det fanst nokon betre. Så kva er då nytt under den presseetiske sola? Som alle veit, vart utspelet til Røe Isaksen og Lysbakken ikkje berre avvist av eit medielaug som verkeleg levde opp til flokkdyrinstinktet sitt. Maken til inngrep mot dei som samfunnet sine vaktbikkjer skal vere, hadde det faste kommentatorpanelet vi møter i kvar einaste debatt på alle kanalar i radio og fjernsyn, sjeldan opplevd. Store gamle ord om pressa som endeleg hadde frigjort seg frå alle politiske band, flaug veggimellom. Vi treng ikkje referere heile debatten, for dei medvitne som følgjer med, kan han utanboks. Men det forløysande og lite påakta innlegget kom i Dagbladet midt i den stille påskeveka, signert høgskulelektor Magne Lindholm ved Journalisthøgskolen i Oslo. Med sympati for dei to kritiske ungdomspolitikarane korrigerte han med at media formidlar ikkje dei sentrale politiske bodskapane gjennom kommentarane sine, men på nyhendeplass. Den dominerande pressa har ikkje som fremste oppgåve å spreie informasjon. Det er berre ein bieffekt av ei anna verksemd. Difor er informasjonen både usystematisk og tilfeldig. Den viktigaste oppgåva er å selje annonsar, som er det kommersielle medium lever av, og journalistane skal vere lokkefuglar for reklamebransjen. Oppdraget føreset at pressa er politisk nøytral, og korleis kan ein vere både kritisk og nøytral? «Mediene er firmaer som lever av å vekke oppsikt, samtidig som de ikke skal støte noen», hevdar Lindholm. Saksinformasjon sel dårleg, og politiske meiningar er tabu. Men normer er populære. Difor: «Alle store nyhetshistorier er i dag irettesettelser». Dei handlar om brot på normer, kritikken frå journalistane blir moraliserande og døme-orientert, han er ikkje undersøkjande og systemkritisk. Avvik frå det normale blir slått ned på, og det konvensjonelle blir norm, boren fram av journalistar som hevar seg over politikken og definerer kva som er normalt, og korleis samfunnet skal fortolkast. Journalismen har utvikla seg til ei heil lita samfunnslære, som liknar verda i folkeeventyra, meiner Lindholm.
Om journalistiske team like store som dei som vart brukte i Ramin-Osmundsen-saka, hadde vore sette inn på verkeleg viktige saker, kunne vi hatt medium til å leve med. Slik dei nærmar seg politikken no, blir han tømd for politisk innhald og forfell til moralisme. Og journalisten spør kommentatoren: «Kor alvorleg er dette?» «Det er svært alvorleg», får han til svar. Og då snakkar dei ikkje om det faktum at soga om utruskapen til ein kjend teaterregissør var viktigaste sak i VG i veka som var.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|