|
|
Matematikk er makt Av Jon Hustad, 27.03.08 USA er kjende for dei bråe skifta sine, særleg når amerikanarane meiner at den «amerikanske stordomen» er truga. PISA-granskingane har vorte eit slikt trugsmål. Ikkje granskingane i seg sjølve, men resultata. For, syner det seg, amerikanske born er mellom dei minst skuleflinke borna i OECD, og særleg dårlege er dei i rekning. Og slik vil amerikanarane ikkje ha det. No står amerikansk matematikkopplæring framføre ei grunnleggjande endring. Basisen for omleggjinga er ein rapport med det prosaiske namnet The Final Report of the National Mathematics Advisory Panel (Sluttrapporten frå det nasjonale rådgjevingspanelet i matematikk). Det er ei viss flukt over opninga i rapporten: «Æra, tryggleiken og velferda til nasjonar har i hundreår etter hundreår vore samanvoven med evna dei ulike folka har hatt til å handtera kompliserte matematiske idéar (...) Gjennom store delar av det 20. hundreåret hadde USA både unik matematisk kunnskap og unikt matematisk mot – ikkje berre i djupn og i talet på matematikarar, men òg innanfor ingeniørkunst, naturfag og økonomisk leiarskap og, ikkje minst, i den omfemnande utdaninga av folkesetnaden generelt. Utan ei vidtrekkande og varig endring i rekneopplæringa kjem USA til å måtta gjeva avkall på leiarposisjonen sin i det 21. hundreåret.» Tinga av Bush Bak overskrifta gøymer det seg noko som truleg er den internasjonalt mest vidfemnande forskingsgjennomgangen av grunnopplæring i matematikk nokon gong. Den utvida litteraturlista inneheld referansar til 16.000 forskingsartiklar om rekneopplæring. I tillegg kjem ei rad offentlege høyringar som panelet har halde over heile USA. Både Kongressen og presidenten har lova at det i kjølvatnet av rapporten skal koma store ekstraløyvingar til amerikanske skule for å styrkja rekneopplæringa, og det jamvel om skulane i dei fleste stykke vert styrde på delstatsnivå. Relevant for Noreg For, syner rapporten, dei elevane som lit på det dei meiner er nedervd intelligens og matematisk talent, gjer det langt dårlegare enn dei elevane som meiner at ein må arbeida hardt for å få suksess. Kvar er det så problema er størst? Her er rapporten som eit ekko av den norske debatten. Problemet er og vert algebra (bokstavrekning), den reknemåten det meste av høgre utdaning i matematikk byggjer på: «Elevar som vel fordjuping i og meistrar algebra på gymnaset, har dobbelt så høg sjanse for å fullføra universitetsstudium som dei som vel det lettaste matematikkurset med lite algebra.» Dei store problema byrjar ved slutten av storskulen, tett før elevane byrjar på ungdomsskulen (junior high). (Amerikanske elevar byrjar på skulen det året dei fyller fem, og på high school når dei er tretten.) Fram til då gjer amerikanske elevar det nokolunde greitt jamført med elevar frå andre land, men i junior high kjem altså algebraen og avslører at reknekunna frå barneskulen ikkje er like god som testane vil ha det til. Må tenkja seg om Her er dei ymse forskingsresultata samstemde, skriv panelet: Dersom ein har lært å rekna med dei fire rekneartane – pluss, minus, gonging og deling – så godt at dei er automatiserte, altså lagra i langtidsminnet, frigjer det plass i arbeidsminnet til å læra ny kunnskap. Og automatisering oppnår ein berre gjennom øving, praksis: «Innanfor alle matematiske område ser vi det same: Praksis gjev elevane automatisering av basisdugleik – den raske, presise og avslappa prosesseringa av informasjon – som gjev minnet rom til dei komplekse aspekta av det å løysa problem.» Som Faulkner seier det: «Borna må berre kunna fakta.» Det er særleg eitt basisområde som må verta betre, skriv panelet, og det er deling. Også her er rapporten som eit ekko av norske funn: Stendig færre elevar og studentar kan brøkrekning. Som i Noreg er det i USA no eit mindretal av studentar på høgskular og universitet som kan kjenna att ei oppgåve som enkel brøkrekning om oppgåva vert presentert med ord i staden for med tal. At amerikanske elevar ikkje lenger kan brøk, skriv panelet, «er det største hinderet i å læra amerikanske elevar algebra». Tydelege råd «Ein konsentrert, samanhangande progresjon i rekneopplæringa med vektleggjing av meistring av lykelartane må verta norma for reknepensumet i barneskulen. Kvar ei tilnærming som opnar for stendige repetisjonar av dei same temaa år etter år, må unngåast. Ein må gjera seg ferdig med det ein held på med.» Panelet fortel på kva alderssteg elevane bør ha lært kva. Etter tredje klasse (vår andre) skal elevane kunna å leggja saman og trekkja frå heile tal. To år etter skal dei kunna å dela og gonga heile tal. Ved utgangen av sjette klasse (vår femte) skal elevane meistra gonging og deling av brøk og desimalar. Særleg viktig meiner panelet at det er at elevane kan å gjera overslag, altså at dei før dei byrjar sjølve rekninga, veit om lag kva svaret vert. Gong på gong dreg dei fram kor viktig øving er. Bort med kalkulatoren Kva med dette store nye som har breitt om seg dei siste tretti åra, kalkulatoren? «Om kalkulatoren vert brukt på område der elevane kan læra automatisert rekning, kan evna elevane har til å gjera overslag, verta negativt påverka.» Vidare skriv panelet at kalkulatorar ikkje lenger bør vera lovlege å nytta på matematikkprøver som skal måla basisdugleik. Men motstanden mot kalkulatorar i grunnopplæringa tyder ikkje at panelet meiner at datateknologi er negativt: «Forsking på læringsprogram har ålment synt positive effektar jamført med læring som ikkje gjer nytte av slik teknologi. Desse studiane syner at teknologibasert drilling, rettleiing og praktisering forbetrar elevane innanfor visse spesifikke område.» Kan læra heile tida For ein europeisk lesar er det ofte underleg kor lite viljuge amerikanske forskarar er til å nytta eit omgrep som klasse. Denne rapporten er ikkje noko unnatak. Han inneheld lite om sosioøkonomisk status; i staden er det side opp og side ned om etnisitet. Det er ikkje borna til arbeidarklassa eller trygdeproletariatet eller ufaglærde innvandrarar som gjer det dårleg, det er svarte eller hispanics som gjer det dårleg. Der europeiske styremakter seier dei vil jamna ut ulikskapane mellom klassene, vil amerikanske jamna ut skilnadene mellom rasane. Den brøken vert vanskeleg, men dei prøver, dei prøver. « Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|