|
|
Statnett avlyser kraftkrisa Av Per Anders Todal, 21.02.08 Som Dag og Tid skreiv sist veke, har Noreg dei siste atten åra eksportert langt meir kraft enn landet har importert. Likevel hevdar Noregs vassdrags- og energidirektorat(NVE) framleis at Noreg har eit kraftunderskot i eit normalår. Dette har til no vore den offisielle oppfatninga også i Statnett, som har hovudansvaret for overføringa av kraft i Noreg. Men no er det nye tider. – Statnett er i ferd med å revidere oppfatninga om kva som er normal kraftproduksjon og kraftforbruk i Noreg, seier Jan Bråten, som er sjeføkonom i Statnett. – Vi har ikkje ein endeleg konklusjon enno, men vi trur at Noreg er nær energibalanse i dag. Statnett har både sett på dei historiske trendane og på prognosane til klimaforskarane, og båe delar peikar på to ting: Forbruket blir dempa av mildare vintrar, og tilsiget blir høgare på grunn av meir nedbør. – Om ein trur desse trendane er varige, er det rimeleg å justere forventningane både til tilsiget og til forbruket, seier Bråten. – Statnett har ikkje endeleg avgjort kva tal ein skal leggje til grunn. Likevel er det ei god gjetting at med større tilsig, lågare forbruk og noko ny produksjonskapasitet er Noreg no nær energibalanse. Varmare og våtare – Om politikarane så gjer alt dei har snakka om når det gjeld fornyeleg energi og omlegging, kan Noreg få eit stort kraftoverskot i framtida. – Men NVE hevdar framleis at vi har kraftunderskot i normalår? Bråten strekar under at ein veit lite om komande variasjonar i tilsig. – Ein kan ikkje utelukke at det kjem tørre år eller kalde vinterperiodar. Og einskilde område, som Midt-Noreg, kan ha forsyningsproblem sjølv om balansen i landet som heilskap er god. – Da eg såg på perioden frå 1990 til 2007, fann eg ut at Noreg har eksportert 55 TWh meir enn landet har importert. Det verkar rart at så mange i heile denne perioden har hevda at Noreg hadde eit stor kraftunderskot? – I norsk energidebatt har påstanden om det kroniske norske kraftunderskotet vore ei vedteken sanning i mange år. Det tek til å bli vanskeleg å hevde bombastisk at Noreg har eit kraftunderskot, slik så mange har gjort? « Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|