Førstesida
  Nr. 35   Fredag 3. september 2010                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
Fakta om avisa
Meldingar om abonnement
Redaktøransvar
Riksfondet
Tilsette
Vinjeprisen
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


God natt, Albert Åberg
Odd W. Surén,  26.10.07

ROMAN
Johan Harstad:
Hässelby
Gyldendal

Det er som kjent mange måtar å lesa ei bok på, og fleire di meir innfløkt teksten er. Romanen Hässelby vil sikkert møta eit stort og nøgd publikum mellom dei som les for å vera med på mykje og til dels eksotisk handling, for å sjå nostalgiske syner attover mot dei kolossalt fjerne 1980-åra eller for å få servert ein original endetidsvisjon.

Dei som les for å sjå at dei ikkje er åleine, vil finna mindre å gleda seg over i denne boka. Den mødesame jakta på åndeleg skyldskap er fåfengd i ein tekst der inkje er sett med personlegdom og integritet. Det er tydelegvis ikkje målet til forfattaren å grava fram det innvendig særmerkte med personane i romanen, men heller peika på utvendige strukturar som var med på å forma dei til dei gjekk i eitt med kvarandre. Johan Harstad høyrer altså til den flokken av forfattarar som gjer alle romanar til oppvekstromanar, med alt det sjangeren ser ut til å krevja av song- og filmtitlar.

Også i Hässelby er kulissane tidsrette og aktivitetane typiske, og her er skildringar av folk helst gjorde ved hjelp av stereotypiar. Til dømes denne kollektive dommen over klientellet på skjenkjestadene på Stureplan (og eg lèt motviljug vera å kommentera det slurvute språket): «De hadde stikkende blikk som skar hull i alt de traff, sittende i flatterende posisjoner som om de når som helst regnet med å bli avfotografert og smørt utover store reklameflater eller i neste nummer av Hänt Extra eller hva det nå var de leste, alle sammen», eller denne, om alle dei handlande på eit stort kjøpesenter: «Og når de først var her på senteret, ville det jo være idiotisk å dra et annet sted, for eksempel til Vällingby, for å handle inn kjøttbollene og folkölet man inntok på hybelen foran kveldens kinobesøk.»

Snodige skuldingar
Det er mogeleg at ein kan sjå sosialdemokratiet slik, som eit samfunn der individualitet ikkje er synonymt med personlegdom, og då vert nok romanen Hässelby eit stykke på veg eit vitneprov frå ei tid eller ein stad der alle, slik forfattaren eller hovudpersonen ser det, leitar etter den same identiteten. Men det er eit vitneprov med snodige skuldingar mot den moderne ordninga. Til dømes skriv Harstad: «Ingen får gå i sin egen begravelse. Ingen får legge seg selv i kisten, sette på musikken og trekke lokket på plass over seg og bli borte. Slik har man ordnet det.» Ja, forfattaren har så rett, så rett. Men kven man er her, og kven dette altså skal råka, vert diverre ikkje presisert.

I Hässelby er hovudpersonen den tidlegare barnebokkjendisen Albert Åberg, son av Bertil Åberg, som heilt først i boka døyr i «begynnelsen av september», ei byrjing som seinare vert tidfest til den 22. Bertil Åberg er kvass som ein bomullsdott, og Albert er ikkje stort betre, men tjue år gammal har han tiltak nok til å leggja ut på ei reise som mellom anna fører han til Hongkong, der han opplever noko forfattaren trur er angst, ikkje av di han «einsleg uti verdi stend, heimlaus, frendelaus og lite kjend», men i eit åtak av otte for sur nedbør og atomkrig. Sidan går ferda hit og dit, og Albert Åberg imponerer med fotografisk så vel som fonografisk minne, slik at han, når han har lært seg fransk, kan repetera heilt presis kva fransktalande folk sa til han på eit tidspunkt då han ikkje kunne eit ord av språket.

Ragnarok light
Plottet fører handlinga forbi vår eiga tid og eit lite stykke fram, mot ei demontering av samfunnet. Og rett nok skjer dette på eit vis som ikkje skremmer, som ein undergang under full narkose, noko som kanskje kan seiast å høva som eit framhald av og ei endeleg løysing på Åberg-spørsmålet, i om lag same tonelag som dei oppbyggjelege barnebøkene, men den verda som i romanen går mot ragnarok light, er når alt kjem til alt ei verd utan personlege røynsler, og dermed utan personar, og då er det ikkje så mykje vits i heile undergangen.

Harstad skriv lett, smidig og med store rørsler, det er tempo og driv i scenene og alt er som på film. Men det er ikkje god litteratur. Her er flust opp med setningar og vendingar som: «De manglende snorkelydene fra naborommet var kommet for å bli», «Ingen får være bare verdens beste menneske man har møtt hele livet» og «stillheten fra avslåtte maskiner og trykkende inaktivitet var til å bli sprø av».

Dei som les Hässelby for å finna eit framhald av livet til Albert Åberg, møter ein gimmick, og berre det, i ei bok som hermer den store, internasjonale romanen der sutlause folk reiser overalt og opplever sære komplott frå innsida og utsida. Her er distansen frå vill idé til vitlaus handling lik null, og personane i boka veit nok at dei er personar i ei bok, for dei skyr ikkje noko middel når det gjeld å setja i scene fullstendig uturvande løgner.
Dette fungerer som underhaldning og vil truleg gjera seg på film, der blikket på dei andre vert nyansert rett og slett ved at dei er ulike av utsjånad, men sjølv om forteljartalentet til Harstad er tydeleg, også i denne boka, kan eg ikkje seia at Hässelby er heilt vellukka som litteratur.

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   
« Tilbake