|
|
Å banke rust av ramponerte voner Oddmund Hagen, 12.10.07 LYRIKK Jóanes Nielsen: Frå alle kantar ber vinden med seg ord og plantar og teikn Utval og gjendikting ved Lars Moa Det Norske Samlaget Jóanes Nielsen er den færøyske samtidsdiktaren som er best kjend utanfor heimlandet. Han har vore innstilt til Nordisk Råds litteraturpris fire gonger mellom 1988 og 2004, og i år er han ute med ei ny diktsamling, Tei eru, sum taka mánalysi í álvara, eller på norsk: «Det finst dei som tek månelyset på alvor». Det kan fort føre til enda ei innstilling. Knytte nevar Så skulle det gå seks år før neste bok, Brenneved til sosialismen (1984), og her har han utvida repertoaret, blitt mildare og ømmare i røysta utan å ha lagt bort det han trur på: den sosialistiske utopien. Naturen får ein breiare plass, familien og dei næraste, og månen og månelyset tek til å falle på plass. Men enda er ikkje det rytmisk bølgjande episke botndraget heilt utvikla, og den biletskapande fantasien som imponerer i dei seinare samlingane, er berre i emning før han skal falde seg ut mot slutten av 1980-åra og finne si endelege form frå og med Kyrkjene på havsens botn. Også Tjørebredde plankar stemnar inn i drømmen (1985) har ein klar politisk appell. Samtidig uttrykkjer han ein sterk kjærleik til heimlandet, og han skriv personleg og ømt om faren som han mista i ung alder, han skriv til kona og dei to døtrene, og han gjer klart kva han ønskjer å oppnå med dikta sine; dei skal vere «Medisin mot sorga. / Granatar mot makta. / Saltet i rykande middagsgryter.» Vakkert Kyrkjene på havsens botn (1993), også prisnominert, er rikt representert i utvalet til Moa og fyller vel 30 sider av i alt 115. Her får også Gud ein plass i Nielsens diktarlege univers som ei usynleg kraft ein berre aner nærværet av i naturen, i kjærleiken, i poesien og politikken. Dette sakrale og audmjuke går att i fleire dikt og står i kontrast til debuten og dei tidlege samlingane. No har Nielsen også funne fram til eit avklart tilhøve til kva han vil med diktinga si: «Eg vil ned til røtene / til kyrkjene av salt og mold / til jordrøter, flyterøter og himmelrøter / opp i den heilt tynne lufta / der dikt blir skrivi med barberblad.» Utruleg flott er diktet «Attmed ein lysbøye» der han følgjer slekta ein generasjon tilbake og skriv om tantene sine som no er døde, den siste året før, og «Attmed ein lysbøye ein stad langt ute i himmelen er kista fortøydd. Allsidig arbeidsrøynsle Lars Moa har gjort eit viktig arbeid med desse gjendiktingane, og til framhjelp for det litterære mangfaldet håpar eg at han vil halde fram med å omsetje og gjendikte frå færøysk. Det er eit lite og sårbart språksamfunn som først og fremst må ta vare på seg sjølv, men som også treng støtte og handslag frå Norden elles. Derfor all ære til både Orkana og Samlaget som heldigvis tek på seg eit kulturelt ansvar som ikkje kan reknast om i kroner og øre. Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar for Dag og Tid.
|
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|