|
|
Må greia seg sjølve Av Svein Gjerdåker, 05.10.07 Det er snart to millionar flyktningar i Syria, men merkeleg nok er det internasjonale hjelpeapparatet ikkje å sjå. Då Dag og Tid sist veke vitja Syria og Damaskus, var det fyrste som slo oss at alle dei private hjelpeorganisasjonane som i tusental driv på rundt om i den fattige verda, ikkje var der. Også flyktningorganisasjonen til SN, UNHCR, er marginalt til stades, med eit kontor plassert i eit villaområde som er vanskeleg å finna fram til. Kontoret er styrt av personar som etter informert hald knapt har kompetanse på store flyktningkatastrofar. Det dei kan, er å få vidaresendt bahai-flyktningar til eit tredjeland. UNHCR-kontoret har til nyleg hatt kapasitet til å registrera 3–400 flyktningar dagleg – og det i eit land der det er flust av billeg og godt kvalifisert universitetsutdanna arbeidskraft. Men vonleg er UNHCR-kapasiteten no i ferd med å betra seg. Ei lita brakke Større enn i 1948 Syria fører ein svært open flyktningpolitikk – trass i nesten null internasjonal assistanse – noko ein knapt har sett døme på før nokon stad. Under store flyktningkatastrofar endar mange av flyktningane som regel opp i leirar – som dei mange millionar afghanarane i Pakistan. Men i Syria overislar flyktningane samfunnet og vert ein del av det vanlege gatebiletet. Difor er det heller ingen hjarteskjerande bilete som fotobyråa kan senda heim. Så kvifor får ikkje Syria hjelp? UNHCR har ingen «eigne» pengar til å hjelpa flyktningane med, men må samla inn for kvar flyktningkatastrofe. Hovudkontoret i Genève har klaga og trygla, men får lite pengar frå dei store landa i Vesten. Eit stort problem er at flyktningane er eit stort nederlag for amerikanarane og at ei massiv hjelp til flyktningane er ei indirekte erkjenning av dei massive feilgrepa i Irak. Turistar Ute av kontroll Kriminaliteten aukar òg. I det syriske samfunnet har det fram til flyktningane kom, vore lite kriminalitet. Irakarane derimot, etter fleire år med brutal krig, tek med seg ein langt meir kriminell kultur, med organisert kriminalitet, prostitusjon og menneskehandel. Og Irak har ikkje dei seinaste åra hatt skikkelege vaksinasjonsprogram, så faren for epidemiar i Syria aukar. Irritasjon Om det kjem fleire flyktningar i månadene framover, samstundes som dei som alt er komne, meir og meir går tom for pengar, vert situasjonen svært uføreseieleg. Vert det mange nok syrarar som ikkje greier å betala husleiga, eller som ikkje slepp til på sjukehuset, så kan flyktningstraumen inn i landet få store politiske konsekvensar for Syria. Styresmaktene må gjera noko. Å stengja grensene har likevel sete langt inne. Panarabismen har stått sterkt i Syria, så det er eit stor nederlag for syrisk politikk om brørne frå Irak måtte avvisast. Syrias gamle president Assad lét seg nesten alltid fotografera saman med både det syriske og det panarabiske flagget. Likevel vart grensene stengde dagen etter at vi reiste frå Damaskus; sist det hende, vart dei rett nok opna att etter fem dagar. Syria treng no internasjonal hjelp. Som den norske ambassadøren, Hans Wilhelm Longva, sa til Dag og Tid i Damaskus: – Situasjonen er prekær. Det internasjonale samfunnet må reagera raskt. «Etnisk» reinsing i Irak «Du må reisa til utlandet, og ikkje til ein annan stad i landet, innan ti dagar, elles vil vi kidnappa dotter di, valdta henne og levera henne tilbake som eit kadaver. Etterpå drep vi deg, din saddamist. Blodets folk.» Den irakiske flyktningen syner oss brevet han fekk som gjorde at familien til slutt flykta frå Bagdad til Damaskus. I månadsvis hadde sjiamilitsen drive utreinsking av sunniar i bydelen hans. Han gjekk knapt ut og sat med gevær i huset og venta på mobben. Dagleg vert folk kidnappa og drepne i ei storstilt «etnisk» reinsing i Bagdad. «Blodets folk» er berre ei av mange grupper frå den pro-iranske sjiamilitsen som herjar rundt og drep sunniar. Andre grupper drep sjiamuslimar. Å gå rundt i dei flyktningdominerte bydelane i Damaskus og tala med flyktningane er ei vandring i lidingshistorier. Ein mann fortel at han kom for to veker sidan og at kona vart drepen i Irak. No bur han hjå nokre slektningar på eit overfylt rom. Han merkar at syrarane er mektig leie av alle flyktningane. «Då dei skulle sjekka handveskene våre ved grensa, skar dei opp med kniv i staden for å opna dei på vanleg måte.» Han synest det er audmykjande å bu i Syria. «Folk i Damaskus elskar pengar. Vi må heile tida betala meir for husværa og for visumet som vi må fornya jamleg.» Banka opp Islamistane slegne ut «Statar som dette, og dei allierte terroristane deira, utgjer ein akse av vondskap, rusta opp for å truga freden i verda», sa president George W. Bush i State of the Union-talen til Kongressen i 2002. Landa han tenkte på, var Irak, Iran og Nord-Korea. Seinare på året vart lista utvida av USAs SN-ambassadør John R. Bolton til òg å gjelda Libya, Cuba – og Syria. Ingen politistat Når ein går i rundt i Damaskus, er det vanskeleg å skjøna at Syria er så nær alliert med det fundamentalistiske prestestyret i Iran. I Damaskus er det færre kvinner som er dekte til med store sjal enn i mange andre muslimske land. Mange kvinner er like lettkledde som i Noreg sommarstid. Det er eit muslimsk land, men politisk islam og den muslimske brorskapen vart grundig og brutalt slegen tilbake av tidlegare president Assad i 1980-åra. Reelt kan det vera annleis, men på overflata ser det i alle fall ut til at islamistiske grupperingar har lite støtte i dag – sjølv om den subtile sympatien for det islamistiske prosjektet, etter det mange seier, likevel har styrkt seg. Ikkje ideologisk Det er sjølvsagt utanrikspolitikken og konflikten med Israel, og støtta til Hisbollah og Hamas, som gjer Syria til ein hovudfiende for USA. Den viktigaste politiske leiaren til Hamas sit i Damaskus. På nytt ikkje på grunn av ideologi; regjeringa i Damaskus er sekulær og har ingenting sams med det islamistiske Hamas, men på grunn av Israel-politikken. Og så lenge det ikkje vert fred mellom Israel og Syria, vil konflikten liggja der. Gryande kontakt? Om flyktningsituasjonen held fram, må Syria ha omfattande hjelp for å hindra ein humanitær katastrofe. Kanskje kan det opna for nærare kontakt mellom Vesten og Syria og gje eit lite bidrag til å få til fred mellom Syria og Israel? Og eit bidrag for å hindra at islamismen får større oppslutnad i landet. Svein Gjerdåker er redaktør i Dag og Tid.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|