Samfunnsvitskap som politisk verkty
Av Bernt Hagtvet, 21.09.07
Samfunnsvitskapane – kan henda med unnatak av økonomien – har aldri stått sterkt i Oxford, i alle fall ikkje jamført med dei klassiske faga, humaniora, medisin og naturvitskap. Hugs det var i Oxford Florey gjorde Flemings penicillinoppdaging til medisin som kunne nyttast. Universitetet tok lang tid på å akseptera sosiologi som fag, endå sosialpolitikk lenge hadde vore eit tradisjonelt studieemne og sosialpolitisk aktivisme og kristen-sosialistisk politikk har hatt og har eit sterkt nærvær ved Oxford-collega. Og jamvel om statsvitskap med vilje har vore omtala som «politics» eller «government», ikkje «political science» som ved amerikanske, franske og nordiske universitet. Ulike tradisjonar Bak dette ligg det ulikskap i lærdomstradisjonar. Historie har lenge vore ein paradedisiplin i Oxford (tenk berre på A. J. P. Taylor). Statsvitskapen kom i klemme mellom jus og historie, nett som i Noreg, men i Storbritannia utan å utvikla seg til ein sjølvstendig disiplin og langt mindre som eigen profesjon i yrkeslivet, t.d. i forvaltinga. Undergraduates i Oxford, d.e. studentar fram til BA-graden, studerer ikkje statsvitskap isolert, men som ein del av ein PPE-grad i filosofi, politikk og økonomi. Det finst ikkje tal på kor mange britiske statsministrar og statsrådar som har teke denne graden – ein ålmenndannande eksamen der ein kan spesialisera seg i dei tre retningane. På dei britiske øyane er det college-funderte universitetet ankerfestet for forsking og utdanning. Det inneber m.a. at forskinga står i nær kontakt med undervising av studentar. Det er på denne bakgrunnen ein må sjå Nuffield College i Oxford. Dette colleget, som berre tek inn folk med grunnutdanninga BA, spesialiserer seg i samfunnsvitskap og historie. Politisk kontakt Det interessante ved Nuffield er det nære sambandet mellom politikken og dei akademiske miljøa. Særleg i 1960- og 70-åra vart Nuffield eit senter for brei kontakt mellom politikk og vitskap, endå sterkare enn vegen frå t.d. Harvard til Washington. Hit kom dei fremste politikarane. Eg har sjølv høyrt på Edward Heath og Jim Callaghan her. Ikkje berre har aktive politikarar kome på vitjing; dei har òg kome som «fellows», tilknytte lærarar som held seminar og førelesingar. Det var på tale å få Margaret Thatcher dit, om ikkje anna så for å jamne ut balansen til Labour, men det vart ikkje noko av. Norsk sakn Denne kontakten med politikarar og forskarar saknar vi i Noreg, til stor skade begge vegar. Ein grunn til det tette samkvemet i Storbritannia er at politikarane ofte kjem frå Oxford og Cambridge og at dei både i klasse og utdanning er nærare universitetsforskarane enn i Noreg. Og dei britiske politikarane er langt meir litterært skolerte og akademisk kunnskapsrike i den polemiske framferda si enn mange av dei norske politikarane. I Noreg er denne kontakten langt tynnare. Det er ikkje til å koma utanom at det på norske universitet er ei djup politikarforakt som gjer at langt færre forskarar har omgang med det politiske miljøet. Gjesteforskarar Men mange norske politikarar ville ha tilført det statsvitskaplege miljøet uvurderleg innsikt gjennom den personlege røynsla si. Vi hugsar striden då Hallvard Lange skulle verta professor i historie og Jens Arup Seip sette foten ned: Det var ei særs uheldig sak fordi Lange vart framstilt som akademisk kompetent som historieprofessor. Det var ein blindveg. Vi burde heller få ein type gjesteforskarstillingar der ein ikkje legg vekt på vanlege akademiske kriterium, men politisk røynsle som kan vera til nytte for studentar i samfunnsfag og historie. Politikarar som Kåre Willoch burde sjølvsagt få tilbod om eit kontor på universitetet etter at dei gjekk av. Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Han var student ved Nuffield i 1975–76.
« Tilbake
|