Førstesida
  Nr. 35   Fredag 3. september 2010                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
Fakta om avisa
Meldingar om abonnement
Redaktøransvar
Riksfondet
Tilsette
Vinjeprisen
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Mat er ikkje lenger på billegsal

Av Per Anders Todal
,  21.09.07


Gjennom fleire tiår har forbrukarane rundt i verda note godt av stadig lågare prisar på matvarer. Men skummar ein nyheitsoppslag frå rundt i verda om matprisane no, er det ein klar tendens som syner seg: Maten blir dyrare – mykje dyrare. Her er nokre døme:

Prisen for kveite på verdsmarknaden er dobla sidan april.

Det siste halvåret har tørrmjølkprisen i verda stige med 48 prosent.

I Kina har kjøtprisen gått opp med 49 prosent det siste året.

I Italia har pastaprisen gått opp 20 prosent, og forbrukarorganisasjonar har arrangert pasta­boikott i protest.

I Tyskland kjem ølprisen truleg til å stige 40 prosent i år, mykje på grunn av høgare kornprisar.

I Mexico har prisen for tortillas firedobla seg, noko som førte til rasande demonstrasjonstog i hovudstaden sist vinter.

I New Zealand har prisen for mjølkeprodukt gått opp med 23 prosent dei siste månadene.

Slik går altså refrenget her. Kva er det som skjer?

BIODRIVSTOFF OG KLIMA
Det er ei rekkje årsaker til den eksplosive auken til matvareprisane. Ei av dei er den store satsinga på biodrivstoff: Mais som elles kunne blitt tortillas, hamnar i staden på tanken. Jord der ein før dyrka mat, blir i staden brukt til planter for biodrivstoffproduksjon.

Ei anna årsak er truleg klimaendringane: I alle fall har korn­avlingane i store jordbruksland som Australia og Canada vore langt under det normale, på grunn av tørke.

Ei tredje årsak er den auka velstanden i store land som Kina og India. Når folk får betre råd, et dei meir kjøt, noko som driv opp prisen på både kjøt og korn: Det krevst i snitt sju kilo korn å produsere ein kilo oksekjøt.

Ei fjerde årsak er den ved­varande høge oljeprisen, som er med på å drive opp kostnadene i industrilandbruket.

Og ei femte er den generelle folketalsveksten i verda – folk må ha mat, og matproduksjonen held ikkje tritt med folkeauken. Til saman gjer desse utviklingstrekka mat til eit stadig knappare og dermed dyrare gode. Mykje tyder på at dette ikkje er eit tilfeldig og kortvarig oppsving i prisane, men ei strukturell endring som kan bli langvarig. Og som vanleg er når store endringar skjer i verda: Somme vinn, og somme taper.

Fattige vinn og taper
– Taparane i denne utviklinga er land som har permanent mat­underskot, seier Arvid Solheim, leiar for Utviklingsfondet.

– Ein god del land i Afrika har kronisk underskot på mat, til dømes Eritrea og Etiopia. Dei er avhengige av hjelp. Og i mange land i tredje verda er taparane dei jordlause på bygda og dei fattige i byane.

Men miljøet er kanskje den største taparen, meiner Solheim.

– Etterspurnaden etter biodrivstoff fører til større satsing på til dømes soya, palmeolje og sukker. Dermed blir regnskogen i Amazonas og Indonesia høvla ned enda raskare enn før.

Dermed blir miljøvinsten av biodrivstoff særs tvilsam, påpeikar Solheim.

– Eg trur få er klare over at avskoging er opphav til 20 prosent av CO2-utsleppa i verda. Når skogen blir hogd og brend, blir det frigjort enormt mykje karbon. Og på stader som Sumatra blir det dyrka opp mykje myr, slik at metertjukke lag med organisk materiale tek til å rotne og avgje klimagassar.

– Svært mange av dei fattigaste i verda er bønder. For dei er det bra om prisane på varene deira stig?

– Ja, vinnarane i denne utviklinga er bøndene. Ikkje minst er dette bra for bønder som driv i marginale område og som tidlegare så vidt har overlevd med dei låge prisane. No kan dei få betre betalt for produksjonen sin. Vi skal vere glade for at bøndene for betre betalt. Men i mange land kan det bli matmangel. Og stadig fleire av menneska i verda bur i byar og er avhengige av å kjøpe maten sin.

Marknad og bistand
Prisstiginga på mat får lite å seie for folk i rike land, meiner Stein Bie. Han har vore forskingssjef for FAO, mat- og landbruksorganisasjonen til FN. I dag er han dels økobonde, dels forskar ved Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås.

– I dag er løna for to timars arbeid nok til å kjøpe mat for heile veka. Om ein må arbeide nokre minutt ekstra for den maten, spelar det lita rolle, seier Bie. Han er langt meir oppteken av konsekvensane prisauken får for dei fattige i verda.

– For mange menneske i fattige land kan dette føre til lågare mattryggleik. Det gjeld både dei fattige i byane og dei jordlause på bygda. Men to tredjedelar av dei fattige i verda er bønder. For desse kan prisstiginga vere nyttig.

Men om desse bøndene skal få ein vinst, må mark­nadsprisane lokalt i dei fattige landa reflektere prisane på verdsmarknaden, understrekar Bie.

– Dette er eit viktig poeng i bistandsarbeid: Vi må tenkje meir på korleis vi skal få marknads­mekanismane til å fungere i fattige land. Skjer ikkje det, får ikkje fattigbønder glede av prisopp­gangen.

– Etter mange tiår med stadig billegare mat – ser vi eit historisk vendepunkt?
– Det kan vere. Men førebels trur eg opphaussinga av bioenergien og spekulasjon på framtidige kornprisar er årsak til mykje av prisstiginga. Førebels er det litt usikkert kva grad bioenergi driv prisane på verdsmarknaden. Biodrivstoff er enno berre i start­fasen. Men om verda brukar stadig meir mat til å lage drivstoff, vil nok matvareprisane halde fram med å stige.

Stein Bie tek det ikkje for gjeve at klimaendringane får ein eintydig negativ verknad på matproduksjonen i verda.

– Det kan vere at vi er i ein vêrsyklus som er ille for dei tørrare kornproduserande landa, som USA, Australia og delar av Afrika. Men for Nord- og Sentral-Europa kan vilkåra for landbruk bli betre – det gjeld òg Noreg.

– Noreg vinn i lagnadslotteriet, nok ein gong?
– Ja, om ein berre tenkjer på dette i eit «Leve Toten»-perspektiv, ser det ikkje så ille ut, seier Bie.

Ny von for norsk landbruk
I haust skjedde det noko oppsiktsvekkjande: Kornprisen på verdsmarknaden vart høgare enn kornprisen i Noreg. Det har bondelagsleiar Bjarne Undheim registrert med interesse.

Vi kjenner alle den gamle soga: Grunna dei vanskelege vilkåra for landbruk i Noreg, må norske landbruksvarer subsidierast og vernast mot utanlandsk konkurranse. Men i august overgjekk kornprisane på verdsmarknaden dei norske. Medan engrosprisen for norsk fôrkveite var på 1,72 kroner per kilo, kosta tilsvarande vare på verdsmarknaden 1,81 kroner kiloen, melde Nationen 29. august.

Noko slikt har ein berre sett i to korte periodar tidlegare, ein gong i 1996 og under oljekrisa i 1973. Men denne gongen kan unntakstilstanden syne seg meir varig: «Om ikke denne utvikling­en er et blaff, og jeg tror ikke nødvendigvis det, så vil vi se at prisene på verdensmarkedet nærmer seg norske nivåer», sa til dømes ekspedisjonssjef Leif Forsell i Landbruksdepartementet til Nationen. Og Bjarne Undheim, leiar i Noregs Bondelag, er ikkje misnøgd med utviklinga.

– Argumenta til dei som vil ta vare på matproduksjonen i Noreg, bør no vere styrkte. Fleire bør forstå verdien av å ha eit norsk landbruk, seier Undheim til Dag og Tid.

– Den utviklinga vi no ser, syner kor viktig det er med ei trygg matforsyning. Når land som Kina og India nærmar seg europeisk levestandard, har det enorme konsekvensar.

Undheim understrekar at det er usikkert om prisutviklinga vil halde fram.

– Men mange meiner denne situasjonen kan vere av varig karakter. Norske landbruksvarer har eit atskilleg høgare prisnivå enn nabolanda, og det tek tid før prisane ute tek oss att. Men tendensen er at avstanden blir mindre.

Den komande kornhausten i Australia og på New Zealand kan bli avgjerande. Prisane kan stige enda meir om han vert dårleg, trur Undheim.

– Har matvareprisane kome til eit vendepunkt, etter mange år med prisfall?
– Det er vanskeleg å seie. Men den enorme overproduksjonen av mat som har vore vanleg, kjem vi neppe til å sjå så mykje av i framtida. Det blir hevda av folk som skal ha innsikt, at sjølv om ein tek i bruk land som ligg brakk, og moderniserer landbruket i område som Aust-Europa, vil det likevel ikkje auke produksjonen meir enn forbruket veks. Mykje tyder på at vi går inn i ei tid med knappare produksjon. seier Undheim.

– Oppslutninga om norsk landbruk har vore ganske god, den. Folk ser verdien av eit landbruk i Noreg. Men bonden har vore akterutsegla i inntekt lenge, og talet på bønder har gått drastisk ned. Vi treng eit lyft no. Eg håpar utviklinga kan vere med på å understreke kor viktig det er å ha eit norsk landbruk.

Skraper botnen i kornlagra
Kanskje er dei høge kornprisane eit varsel om ei komande forsyningskrise.

Kornlagra i verda er no på det lågaste nivået sidan 1973, og produksjon av biodrivstoff er ikkje den viktigaste forklaringa. I sju av dei åtte siste åra har verda forbrukt meir korn enn det har vore produsert – og i det meste av den tida har ikkje produksjon av biodrivstoff spelt noka nemneverdig rolle.

Ein viktigare grunn er derimot den elendige kornhausten mange stader i verda, dels grunna tørke og dels grunna for mykje regn. Anten dette kjem av menneskeskapte klimaendringar eller ei, er i alle fall resultatet miserabelt: Europa, Nord-Amerika og Sør-Amerika og delar av Asia har alle hatt dårlege kornhaustar, og no ser det ut til at langvarig tørke kan gje nok ei dårleg kornavling i Australia.

Kornlagra i EU var i fjor på 14 millionar tonn, no er dei nede i ein million tonn. Kornmangelen har nyleg fått EU til å droppe politikken med å betale bøndene for å leggje ein del av jorda brakk. Tida med massiv overproduksjon i europeisk landbruk ser ut til å vere over: No er målet å få opp att matproduksjonen, og det kjapt.


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake