Førstesida
  Nr. 35   Fredag 3. september 2010                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
Fakta om avisa
Meldingar om abonnement
Redaktøransvar
Riksfondet
Tilsette
Vinjeprisen
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


– SV pinar seg sjølve

Av Svein Gjerdåker
,  14.09.07


– SV går for høgt ut i den politiske retorikken sin. Dei byggjer opp førestellingar om kva dei skal få til, som ikkje er realistiske, seier Marit Arnstad, tidlegare statsråd for Senterpartiet og ein av arkitektane bak den raudgrøne regjeringa.

– Folk gjennomskodar slikt. Dei aller fleste er praktisk innstilte og ser godt kva som er råd og ikkje råd å få til i eit politisk samarbeid med andre parti. SV gjer det til ei sjølvpine å gjera kompromiss, men ei slik tilnærming kan ein ikkje ha i politikken.

– Kva gjer leiinga med ei misnøgd SV-gruppe på Stortinget som ser at mandata kanskje ryk ved neste val?
– No må dei ha is i magen. To år er lang tid. Minnet er kort i politikken. SV må i alle fall ikkje forhasta seg slik stortingsrepresentant Olav Gunnar Ballo gjorde dagen etter valet då han kravde utskiftingar i regjeringa. Det vert altfor lettvint.

– Kjem SV no til å få større forhandlingsmakt i regjeringa fordi dei må visa til konkret gjennomslag?
– Det er umogeleg å seia noko om.

– Alle partia talar no meir eller mindre truverdig om klimaproblema. Har SV typiske saker att å profilera seg med?
– Eg synest SV har stort truverde i miljøpolitikken og i oppvekstpolitikken. Spørsmålet er korleis dei skal forvalta den kapitalen for å få oppslutnad i val.

– Sentrumspartia fekk ei oppslutning på 20 prosent. Avvikla ikkje du sentrumsalternativet for godt i ein kronikk i sommar?
– Eg avvikla sentrum som regjeringsalternativ. Men sentrumspolitikken og sentrumsverdiane lèt seg ikkje avvikla og vi kan framleis samarbeida om einskildsaker.   

– Valresultatet gjer at Venstre og KrF i god tid før valet i 2009 må avklara kva tilhøve dei skal ha til Framstegspartiet. I 2009 har ikkje Venstre og KrF lenger eit fikenblad som heiter sentrums­alternativet å løyna seg bak – for det er ikkje lenger eit regjeringsalternativ. Dei må flagga kven dei vil samarbeida med og stå på det.

– KrF og Venstre kan seia at dei vel Høgre, men ikkje Frp?
– Ja, men då vel dei eit mindretalsalternativ, og då må dei òg stå for det etter valet og ikkje gjera som i 2001 då dei sa ein ting før valet og ein annan ting etter valet, og gjekk inn i samarbeid med Høgre.

– Statsminister Stoltenberg inviterte på valnatta KrF og Venstre til samarbeid. Det veit han vel ikkje er realistisk?
– Det er ikkje noko lettare for dei to partia å samarbeida med Frp. KrF står overfor vanskelege val. Og dei må dei gjera før neste val. Og om Sponheim har stengt døra for eit samarbeid til venstre, har han plassert partiet i ein umogeleg forhandlingsposisjon. Då er han låst om partiet vil inn i regjering att.   

– Mange Frp-ordførarar har fått fornya tillit?
– Regjeringsslitasje er noko anna enn ordførarslitasje. Mange ordførarar frå alle parti får fornya tillit når dei har synt seg å vera gode representantar for kommunen og flinke til å stilla opp for lokalmiljøet. Det gjev dei ei personleg tyngd og goodwill som ein ikkje ser i den sentrale politikken på same måten. Det handlar like mykje om den tilliten ordføraren har og evna til å tilpassa politikken lokalt – som det har med partiet sentralt å gjera.

– Det kan jo tenkjast at folk er nøgde med kommunepolitikken til Frp? At dei er ubyråkratiske og har evne til å få igjennom sakene?
– Det kan tenkjast at dei ikkje er misnøgde med politikken, samstundes som at einskilde Frp-ordførarar som personar har fått ei rolle som er positiv i nærmiljøet.

– Så du gjev ikkje kommunepolitikken til Frp nokon kvalitetar?
– Kommunepolitikken til Frp er nok ikkje så skremmande som ein del har trudd ut frå den rikspolitiske debatten. Lokalt har dei heller ikkje gjennomført den privatiseringa som dei står for rikspolitisk. Det er ingen private som står klar til å overta sjukeheimane i ein liten kommune. Det er heller ikkje plass for fleire alternativ.


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake