|
|
Kampen for å få sende pengar heim Av Roald Helgheim, 07.09.07 Kor mykje som blir sendt frå Noreg, veit vi ikkje, men det er nok snakk om eit milliardbeløp, seier Jørgen Carling, ein av dei fire forskarane ved Institutt for fredsforskning (PRIO) som står bak rapporten Legal, Rapid and Reasonably Priced? Det er ei kartlegging av kva måtar immigrantane kan sende pengar heim på, frå vanlege kontooverføringar til pengar med kurér. Forskarane vil arbeide med eit større prosjekt om pengeoverføringar, «Remittances for Immigrants in Norway», fram til 2010. – Om pengar sende heim til foreldre ikkje er utviklingshjelp som kjem alle til gode, ligg det likevel eit utviklingsperspektiv i det, seier Carling. Forskarane har sett på høva til å sende pengar frå Noreg til dei tolv landa Bosnia og Hercegovina, Chile, Irak, Kenya, Litauen, Marokko, Nigeria, Pakistan, Filippinane, Polen, Somalia og Vietnam. Eit omfattande tabellverk viser situasjonen 26. mars i år, då forskarane gjorde fleire testar til kvart land. Norsk mistanke I USA vart banksystemet Western Union for 150 år sidan oppretta for å telegrafere pengar til utlandet, og det er no den største operatøren på pengeoverføringsmarknaden til u-land, også i Noreg, der dei har oppretta eigen bank med filialar og samarbeider med andre bankar. Det var vilkåra for å starte verksemd i Noreg. Med dei 280.000 agentkontora sine over heile verda er Western Union ikkje avhengig av at kundane har konto, men i svært mange land er det nettopp dei lokale bankane som er agentar for Western Union. Straffesaker – Likevel er det denne faren det ofte blir fokusert på, i staden for å sjå det i eit utviklingsperspektiv. Graden av utvikling heng også saman med sendemåten, då pengar på konto i ein mottakarbank eller ei mikrokreditt-verksemd også gjev større høve til å støtte verksemder i mottakarlandet. At overføringane kostar minst mogeleg pengar, er også viktig. Å sende 1000 kroner er prosentvis dyrare enn å sende 5000 kroner, og kostnadene ved å sende pengar på dei ulike måtane kan variere heilt frå null til femti prosent av pengesummen. Å vite på førehand kva det kjem til å koste, er ofte vanskeleg, seier Carling. – Det mest negative er at land som treng pengane mest, som Somalia, er det vanskelegaste landet å sende pengar til. Det gjer det også vanskeleg for somaliske flyktningar i nærområde som Kenya. Det spelar dermed ei viktig rolle også frå ein humanitær synsstad. 21 sendemåtar Kontrollargumentet – Ein veit at det har vore sendt pengar til å finansiere terror også gjennom vanlege kanalar. Men det er den «ulovlege» måten det blir fokusert på. Firma som er ulovlege i Noreg, er lovlege i andre europeisk land. Det gjer det lettare å innhente informasjon som er nyttig både for Økokrim og andre. – De er no i starten av eit treårsprosjekt som varer til 2010. Får vi då vite kor mykje pengar immigrantane våre sender heim? « Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|