|
|
Tospråklege blir halvspråklege Av Svein Gjerdåker, 31.08.07 I dag har Unni Jakobsen ansvaret for fire Oslo-skular som logoped og har dagleg møte med innvandrarelevar som slit med å læra norsk. Mellom 1998 og 2000 fylgde ho ei gruppe på 55 elevar med språkproblem. – Resultata som kom fram då, har eg fått stadfest i alle dei åra eg har arbeidd med skuleelevar sidan den tid. No kjem ho ut med boka Snakker ikke samme språk. Understimulerte – Problemet er at dei er språkleg understimulerte. Jamvel om elevane er fødde eller har budd i Noreg før skulestart, kan mange dårleg norsk. I tillegg er det grunn til å tru at kunnskapane i morsmålet er endå dårlegare enn i norsk. Eg trur det er få av elevane i grunnskulen som kan lesa og skriva på morsmålet sitt. Mange av dei tospråklege elevane tykkjer òg det er lettare å tala norsk enn morsmålet og kan heller ikkje nytta morsmålet utan innslag av norsk. Ofte nyttar dei det ordtilfanget dei har – utan omsyn til språk – og blandar norsk og morsmål. – Situasjonen er alvorleg, og mitt inntrykk er at det vert stadig verre, seier Jacobsen. – Lese- og skrivevanskane gjer at mange av dei tospråklege elevane får eit dårleg fagleg utbyte av skulegangen. Statistikkar syner tydeleg at skular med mange tospråklege elevar har svakare resultat enn skular med få. Og det gjeld i alle fag. Du må òg kunna norsk for å lesa matematikkoppgåvene. Også når det gjeld fråfallet i den vidaregåande skulen, kjem tospråklege elevar dårlegare ut. – Som logoped møter du ei særskild gruppe minoritetselevar, men du utalar deg om heile den tospråklege gruppa. Kva grunnlag har du for det? Feil teori – Kvifor har vi tidlegare satsa slik på morsmålsundervisinga? – Grunnen til at morsmålsundervisinga har overlevd så lenge, trur eg er fordi at innvandrarmiljøa sjølve av ulike grunnar har pressa på for å få det slik. Foreldreansvar – Undersøkjinga mi avdekkjer alvorleg svikt i opplæringa av borna, som har store negative konsekvensar for oppvekst og inkludering av innvandrarelevar. Men vi løyser ikkje dette med pedagogikk. Skulen står i realiteten makteslaus om ikkje foreldra tek meir ansvar. Eg veit det er vanskeleg å få til, for mange av foreldra kjem frå tradisjonelle landbruksområde i utviklingsland og har svært ofte augo retta mot heimlandet. Politisk ansvar – Men eg trur ikkje at lærarane kan få gjort så mykje med dette kvar for seg. Dette må lyftast opp på politisk nivå. Stat og kommune må leggja sterkare føringar for integrering – Ville du sjølv hatt eit barn i ein skule dominert av tospråklege elevar? – Mange innvandrarelevar greier seg godt og tek høgre utdanning? – Kva er det som motiverer deg til å arbeida som logoped for innvandrarelevar når situasjonen du skildrar, er så vanskeleg? « Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|