Førstesida
  Nr. 35   Fredag 3. september 2010                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
Fakta om avisa
Meldingar om abonnement
Redaktøransvar
Riksfondet
Tilsette
Vinjeprisen
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


– Den danske politikken verkar

Av Jon Hustad
,  24.08.07


I Danmark var arbeidsdeltakinga mellom innvandrarar i arbeidsfør alder med bakgrunn frå Den tredje verda under 50 prosent i år 2000. For kvinnene med same bakgrunn var arbeidsdeltakinga under 40 prosent. Mellom etniske danskar var den same prosentdelen over 80.

I tillegg kom det at svært mange med innvandrarbakgrunn fann seg ektefelle utanfor EØS-området. Rett under 50 prosent av kvinnene med bakgrunn frå Den tredje verda valde seg ektefelle frå sitt opphavlege heimland, for fleire innvandrargrupper var talet over 80 prosent i 2000.

I 2000 hadde elles Danmark innanfor grensene sine om lag 150.000 personar fødde i Den tredje verda. Prognosane synte at i 2050 ville Danmark ha om lag fire gonger så mange med slik bakgrunn.

Ny politikk
2001 fekk Danmark ei ny regjering utgått frå partiet Venstre og Det konservative folkepartiet og med fast stønad frå det nasjonalistiske og innvandrarfiendslege Dansk Folkeparti. Den nye regjeringa stramma kraftig til. For å få gifta seg med ein person som ikkje kom frå EØS-området, måtte ein ha fylt 24 år. I tillegg måtte tilknytinga til Danmark for eit potensielt ektepar minst vera like høg som tilknyting til andrelandet. Fyrst når ein danske vert 28 år, kan han eller ho no gifta seg fritt med ein person utanfor EØS.

Det vart òg innført ein regel som sa at innvandrarar som har butt mindre enn sju år i Danmark, får lægre sosialhjelp enn personar som har butt lenger i landet.

Tysdag morgon skipa tenkjetanken Civita til debatt i Oslo om dei danske røynslene. Hovudtaler skulle vera Danmarks mest populære minister, tidlegare Europa- og integrasjonsminister, no undervisingsminister Bertel Haarder. Men måndag kveld vart han kalla attende til Danmark av statsminister Anders Fogh Rasmussen.

Overvismannen
I staden for Haarder kom økonomiprofessor Niels Kærgård, såkalla dansk overvismann og medlem av Det økonomiske råd frå 1995 til 2001, og frå 2001 til 2006 medlem av ein integreringstenkjetank underlagd det danske Integrasjonsministerium. Denne tenkjetanken har skrive åtte rapportar om dansk integrering, sju av dei har Kærgård vore med og forfatta.

Kærgård forsvarar det nye regelverket.

– Innstrammingane var naudsynte. For å forstå kvifor må vi forstå kva ein velferdsstat etter nordisk modell er for noko. Ein velferdsstat er ein freistnad på å manipulera økonomien slik at det vert større økonomisk likskap mellom innbyggjarane. Dei med låg produktivitet får då høgre løn enn dei elles ville ha fått, dei med høg produktivitet får lægre. Men denne likskapen gjeld berre innanfor nasjonalgrensene, seier Kærgård.

– Dei fleste land i verda er ikkje velferdsstatar. Med andre ord: Det er ein fornuftig strategi for ufaglærde å flytta til ein nordisk velferdsstat. Men vert det for mange lågproduktive innanfor grensene til velferdsstaten slik vi kjenner han i dag, bryt han saman.

Modellar for innvandring
Kærgård skisserer tre klårt ulike og teoretiske løysingar for å møta utfordringane innvandringa gjev:

– 1: Vi gjev opp velferdsstaten. Dei ufaglærde og lågproduktive får ikkje meir enn den frie marknaden er viljug til å gje.

– 2: Vi lèt att dørene for ufaglærde frå andre land.

– 3: Vi diskriminerer hardt. Velferdsstaten gjeld berre dei som alt er inne. Innvandrarane får ikkje vera med.

– Same kva: Vil vi vera solidariske med velferdsstaten, må vi regulera innvandringa.

Etter Kærgårds syn er det noverande danske økonomiske regimet eit kompromiss mellom dei tre teoretiske modellane. På lik line med alle andre velferdsstatar aksepterer ein no noko høgre ulikskap mellom høgproduktive og lågproduktive, ein lèt dørene delvis att for ufaglærde og ein gjev innvandrarar noko mindre økonomisk stønad.

Kva er så resultata av innstrammingane i Danmark? Kærgård tek fleire atterhald; det er kort tid sidan regimet vart innført og Danmark har vore inne i ein økonomisk høgkonjunktur etter tilstramminga.

– Men: Fleire ufaglærde innvandrarar er no i arbeid, og prosentdelen av innvandrarkvinner som hentar ektefellar frå det opphavlege heimlandet, var i 2006 komen ned i 29 prosent. I tillegg har giftealderen for danskar med innvandrarbakgrunn gått opp, noko som gjev fleire høve til å fullføra utdanning.

Også i absolutte tal har endringane vore store. I 2001 godkjende styresmaktene 10.950 familiesameiningar for personar utanfor EØS-området, i 2005 var talet kome ned i 3522.

– Effekten av at så mange med innvandrarbakgrunn no gifter seg med personar som alt er i Danmark, er mellom anna at vi i mykje mindre grad enn før omlegginga av innvandringspolitikken må starta integreringa på nytt og på nytt, seier Kærgård.

Andregenerasjonen slit
Utviklinga er likevel ikkje berre roseraud, det ser ein mellom anna på utdanningsnivået mellom ungdom med innvandringsbakgrunn.

– 42 prosent av andregenerasjonen fell ut av utdanningsstellet før dei er ferdige med vidaregåande skule. Tilsvarande tal for etniske danskar er 25 prosent. Men her er tala svært ulike for dei ulike innvandrargruppene. Gutar med tyrkisk eller pakistansk bakgrunn fell i svært høg grad utanfor, medan vietnamesiske jenter gjer det vel så godt som etniske danskar.

Problemet kan vera at medan dei fyrste innvandrarane måtte læra seg dansk, kan delar av andregenerasjonen no halda seg mellom sine eigne av di dei har vorte så mange, trur Kærgård.

– Vi ser tendensen til ei utvikling i retning av parallelle samfunn.

Verdiar og haldningar er viktig for integrasjonen, meiner Kærgård, og her kjem religion inn. Kærgård har òg vore med å granska om islam kan vera ei forklåring på at så mange innvandrarar ikkje kjem med i arbeidslivet.

– Funna våre tyder på at det vert for enkelt å skulda på islam. Både iranarar og pakistanarar er muslimar, men haldningane og tilknytinga til arbeidslivet er svært ulik. Det er på mange område større skilnader mellom iranarar og pakistanar enn mellom iranarar og danskar. Med andre ord: Biletet er særs komplekst.


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake