|
|
Faren ved politisk ukorrekt forsking Av Jon Hustad , 03.08.07 At forsking skulle vera heilt fri for politiske føringar, er det vel få som trur på, men om ein forskar no fyrst fekk det føre seg at han eller ho ville forska på noko politisk ukorrekt, kva vil vera mest kontroversielt? Føremonen med korporleg avstraffing av born? Ulempa med manglande dødsstraff? Samanhengen mellom fri abort og nedgang i kriminalitet? At alt dette ville vera vågalt, kan vel dei fleste av oss vera samde om, men neppe så vågalt som å forska på samanhengen mellom kjønn og intelligens. Og likevel: Nett dette siste var det Danmarks leiande intelligensforskar, professor i utviklingspsykologi Helmuth Nyborg ved Aarhus Universitet, ville finna ut av. Persona non grata Men før frikjenninga hadde han vorte sparka frå professorstillinga, uthengd i dansk og internasjonal presse og skulda for illojalitet mot universitetet i Aarhus. I tillegg hadde han fått vita at forskinga hans ikkje samsvara med verdiane det danske universitetssystemet bygde på. Historia om Nyborg og intelligensforskinga hans er elles noko lang, men av plassomsyn må vi byrja så seint som i 2005. I august det året publiserte Nyborg artikkelen «Sex-related differences in general intelligence g, brain size, and social status» i det velrenommerte Elsevier-tidsskrifet Personality and Individual Differences. (g står elles for «General Intelligence Factor» og er ein målestav for intelligens som skal vera mykje meir presis enn vanleg IQ-testing). I artikkelen hadde Nyborg mellom anna kombinert si eiga intelligensforsking på danske skuleborn med internasjonal forsking på vaksne. I artikkelen tok Nyborg fleire atterhald om at det kunne vera manglar ved forskinga hans og at meir forsking måtte til før ein kunne seia noko sikkert. Men likevel: I artikkelen stod det å lesa at menn var i gjennomsnitt 3,8 IQ-poeng meir intelligente enn kvinner. «Han er gal» Det svært så tabloide Ekstra Bladet var om mogeleg endå meir direkte: «HAN ER GAL», stod det å lesa over heile framsida på den avisa. Instituttleiar ved Psykologisk Institut og Nyborgs næraste overordna, Jens Mannen, fann at dette kunne han ikkje leva med. Rett etter publiseringa av artikkelen gjekk Mannen til dåverande dekan ved Det Samfundsvidenskabelige Fakultet, Tom Latrup-Pedersen, og leverte inn ei formell klage på forskinga til Nyborg. Eit sakkunnig utval på tre personar vart sett ned. Konklusjonen låg føre sumaren 2006. Utvalet hadde sett på tre av arbeida til Nyborg. I eitt av dei meinte dei å finna metodiske veikskapar. Friteken Jeppesen var særs nøgd med avgjerda om å sparka Nyborg og fortalde dansk presse at arbeidsklimaet ved instituttet no kom til å verta mykje betre. Nett det var ikkje kollegaene til Nyborg ved Psykologisk Institut samde i. Professoren i forskingsmetodologi ved instituttet, Steinar Kvale, kunne ikkje skjøna den harde framferda mot Nyborg: «Man skal huske på, at Helmuth Nyborg længe har været en toneangivende dansk forsker i psykologi, der har publiceret i velrenommerede internationale tidsskrifter. Nu er han blevet fritstillet på grund af problemer med én undersøgelse. Han har sjusket, men ifølge det sagkyndige udvalg ikke været bevidst uredelig. Derfor finder jeg fakultetets sanktion helt urimelig.» internasjonal stønad I fleire av breva vart det vist til at funna til Nyborg samsvara med nyare internasjonal forsking. Mellom anna publiserte professor Philippe Rushton ved universitetet i Ontario i april 2006 ein forskingsartikkel som synte nett dei same resultata som Nyborg hadde kome fram til. Rushton hadde gått gjennom over 100.000 IQ-testar av canadiske 17- og 18-åringar. Han fann at gutane i gjennomsnitt hadde 3,6 fleire IQ-poeng enn jentene. Stønadsbreva fekk ein viss verknad. Fekk att stillinga Men i august 2006 gav rektor Lauritz B. Holm-Nielsen delvis etter for presset. Rektoren oppheva «fritakinga» frå tenesta, gav Nyborg kontoret attende og tok bort sperringa av heimesida hans. Men samstundes gav Holm-Nielsen, i eit lengre brev, Nyborg «en alvorlig irettesættelse». No fann Nyborg ut at han ville gå til motåtak. Han klaga seg sjølv inn for det offisielle danske organet Udvalgene Vedrørende Videnskabelig Uredelighed (UVVU) og bad UVVU sjå om det var hald i skuldingane mot han. Men før avgjerda frå UVVU kom, vart Nyborg i januar i år sytti og måtte med det gå av for aldersgrensa. Då var det duka for nye forviklingar. Både i Danmark og i Noreg vert professorar nær automatisk gjevne emeritusstatus når dei går av for aldersgrensa. Det tyder at dei kan halda fram med å nytta kontor og forskingsfasilitetar ved universitetet og at dei kan representera den tidlegare arbeidsplassen sin når dei publiserer eller held føredrag. Nyborg fekk ikkje status som emeritus, noko som har gjeve Nyborg problem sidan han har ynskt å halda fram med forskinga si. Instituttstyrar Jeppesen kunne den 25. januar i år fortelja Jyllands-Posten at årsaka til at Nyborg ikkje fekk emeritusstatus, var at «han ikke passer til vores værdier». Men dette var ikkje nok: I eit brev til Nyborg, som hadde vore tilsett ved instituttet i 39 år, skreiv Jeppesen at Nyborg ikkje fekk halda den tradisjonelle, offentlege avskilsførelesinga ved instituttet. Frikjend på alle punkt I brevet stod det mellom anna at Nyborg hadde «udvist en groft uagtsom adfærd, der indebærer en utilbørlig vildledning om egen videnskabelig indsats», og at han altså hadde «publiceret en helt utroværdig og værdiløs undersøgelse». Den 3. juli kom domen. Helmut Nyborg er «renset for alle anklager om videnskabelig fusk og uredelighed». UVVU skriv at mange av skuldingane mot Nyborg botnar i usemje om kva slags statistiske metodar som bør nyttast ved intelligensforsking, men at dette må avgjerast gjennom debatt forskarar imellom og ikkje ved politiske eller rettslege føringar. I ein kommentar til Jyllands-Posten den 4. juli sa dekan Sven Hylleberg fylgjande: «Nu vil jeg læse afgørelsen grundigt, men umiddelbart har jeg svært ved at tro, at den kan ændre min opfattelse.» Det som ikkje kan seiast Professor Nyborg seier til Dag og Tid at han var fullt ut klår over at det måtte verta bråk då han gav seg i kast med forsking på ulikskapen i intelligensnivå mellom menn og kvinner. – Innanfor psykologien kan ein ikkje tillata seg å tala om intelligens; ein kan ikkje måla intelligens og ein kan ikkje rangera folk etter intelligens. Heile intelligensfeltet er eit såkalla «no-go-area». Om du likevel vel å gå vidare, er du eit suspekt menneske, ein person som er viljug til å rangera andre menneske etter verdi. Og om du så ser på gruppeskilnader mellom kjønn og rasar, så er du ikkje berre suspekt, du er amoralsk. – Er dette eit fenomen som avgrensar seg til Nord-Europa; du har fått mykje stønad frå nordamerikanske forskarar? – Det vart for kontroversielt? – Men hadde du venta at det skulle gå så langt at du vart fjerna frå stillinga di? – Men du har fått mykje stønad frå kollegaer? – Trur du at du får ei emeritusstilling etter dette? – Er du lukkeleg no? « Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|