Flytrafikken slepp billeg
Av Eva Aalberg Undheim, 28.06.07
Skal du reise tur–retur Oslo–Stavanger frå fredag til sundag og tingar billettar onsdag morgon, kan alternativa sjå slik ut: Dei billegaste togbillettane kostar 1692 kroner. Dei billegaste flybillettane får du hjå Norwegian for 929 kroner. Vil du tinge billettar for same strekninga måndag til torsdag veka etter, har reknestykket same tendens: Dei billegaste togbillettane kostar 1145 kroner. Med Norwegian kostar turen 710 kroner. Ingen konkrete tiltak Her er fleire tal: Nordmenn er av dei europearane som flyg mest innanriks. Vi flyg tre gonger meir enn svenskane og fire gonger meir enn finnane. Det syner ein studie frå 2006, utførd på oppdrag for Avinor. I 2000 gjekk det fleire fly mellom Oslo og Trondheim enn mellom London og Paris, og i fjor frakta flya mellom Oslo og Bergen 54.471 passasjerar per veke. Det er berre 300 passasjerar mindre enn på ruta mellom London og Paris. Samstundes har talet på flyreiser her i landet auka kraftig dei siste tjue åra. Sidan 1980 er talet på flyreiser innanlands tredobla. Berre i 2006 auka trafikken med 8,4 prosent til 23,7 millionar passasjerar, rapporterer Avinor. Som ei følgje av dette auka utsleppa frå norsk luftfart med ti prosent frå 1990 til 2005. Norske politikarar kjenner til desse tala. Klimameldinga, som vart framlagd førre veke, inneheldt likevel ingen konkrete tiltak for å redusere flytrafikken innanlands. Regjeringa vil mellom anna halde fram med å styrkje jernbanen, gå gjennom den samla verkemiddelbruken innanfor luftfart for å vurdere kva tiltak styresmaktene eventuelt bør setje i verk, og attåt skal Noreg delta i ein eventuell europeisk kvotemarknad for luftfart. Men CO2-avgifta på drivstoff til innanriksflygingar vert ikkje heva. Mot stortingsfleirtalet Prinsippet om at den som ureinar, skal betale, gjeld i lita grad for flytrafikken. Medan bilistar må ut med 80 øre i CO2-avgift og kring fem kroner totalt i avgifter per liter bensin, slepp flyselskapa unna med ei CO2-avgift på 54 øre per liter. Kvifor er det slik? – Det må du spørje regjeringa om, ikkje meg, svarar SV-politikar Hallgeir Langeland i transport- og kontrollkomiteen på Stortinget. – Fleirtalet i transportkomiteen ønskjer høgare avgift på flybensin. Det var eit av framlegga vi gjekk til samferdsleministeren med tidlegare i år, men som ikkje vart teke inn i klimameldinga. Langeland ser likevel ikkje svart på tilhøva. – Flyrutene på Vestlandet – særskilt den mellom Oslo og Bergen – er mellom dei mest trafikkerte i Europa, så vi må sjå på alternativa til flytrafikken også. Her har regjeringa kome oss i møte når ho no vil gå vidare med planane om høgfartstog. Dette er eit langt steg vidare. Tidlegare har SV vore rimeleg åleine om å stø desse planane. No kjem det fleire og fleire til. Seinast denne veka investerte Karmøy kommune 100.000 kroner i selskapet Norsk Bane, som er det alternativet til høgfartstog som er utvikla mest. Så det skjer ting både på Vestlandet og i regjeringa, seier Langeland. – Gjev ikkje dei låge drivstoffavgiftene flytrafikken ein stor konkurranseføremon jamført med bakketransport? – Jau, heilt klart. Men for meg som er yrkespendlar mellom Oslo og Stavanger, er ikkje det å sitje fjorten timar på tog kvar helg eit reelt alternativ, så no treng vi å jobbe med alternativa også, seier han og strekar under at han ikkje ser CO2-avgifta som noka tapt sak. – Det var mange av framlegga frå komiteen vår som var utelatne i meldinga, men vi kjem til å jobbe meir med desse når meldinga skal opp i Stortinget til hausten. Då er flyavgifta eit av punkta vi må prøve å få Høgre, Venstre og KrF med på å gjere noko med. – Opp til Halvorsen – Vi har alt ei CO2-avgift på innanlands luftfart, svarar samferdsleminister Liv Signe Navarsete når Dag og Tid etterlyser flyavgifta i klimameldinga. – CO2-avgifta er lågare for fly enn for bil. Kvifor er det slik? – Spørsmålet om denne avgifta skal aukast, er det finansministeren som avgjer. Det må vi kome tilbake til. No arbeider vi for å få EU til å innføre klimakvotar på luftfart. Eg er på veg til Portugal for å diskutere temaet med representantar for dei andre EØS-landa nett no. Det vi kan få til nasjonalt, er lite jamført med effekten av ein internasjonal avtale. – Nokre av dei norske innanlandsrutene er av dei mest trafikkerte i Europa. Burde ikkje regjeringa ta eit særskilt ansvar her? – Jau, og difor er det også relevant å drøfte avgiftsauke i Noreg, attåt å skape alternativ til flytrafikken. Det arbeider vi med. – Trur du CO2-avgifta på flytrafikken innanlands kjem til å verte auka? – Det kan eg ikkje seie noko om no. Vi har sett oss mange ambisiøse mål i klimameldinga. Det viktigaste innanfor luftfart no er å vere pådrivarar for å få til eit internasjonalt regelverk, som reduserer noko av den enorme veksten i flytrafikken.
« Tilbake
|