|
|
Solberg gav partifelle visumhjelp Av Jon Hustad, 11.05.07 Den 22. juli 2005 dukka Samira Munir, Høgre-politikar og bystyremedlem i Oslo, opp i den norske ambassaden i Islamabad i Pakistan. Munir hadde kome dit saman med ein svoger, broren til ektemannen hennar. Denne sommaren hadde Munir vore saman med ektemannen sin i heimtraktene i Pakistan. Munir er i Noreg kjend for å ha kome med sterk kritikk av islamistar. No meinte ho at islamistar i Pakistan ynskte å drepa henne for utsegnene ho hadde kome med i Noreg. Dette hadde ho fortalt mannen sin. Han hadde vorte sint, teke frå henne pengar og pass og låst henne inne, hevda Munir. Ho sa ho frykta mannen hennar ville drepa henne. Andre medlemer av familien hadde sagt at han kom til å gjera det. Oppspinn Ambassaden laga eit hurtigpass til Munir og sette henne på flyet til Oslo. Så byrja dei å undersøkja om det var grunnlag for å gje visum til svogeren. Dag og Tid har sett dokumentasjon som viser at ambassaden raskt fann ut at det heile var oppspinn. Det same kom Utlendingspolitiet i Oslo seinare fram til. Ambassaden, som har saksførehavingsretten når det gjeld visum, konkluderte difor med at det ikkje var grunnlag for gje svogeren til Munir visum til Noreg. Det var ingenting som tydde på at ektemannen til Munir, altså bror til visumsøkjaren, eller andre var ute etter å drepa han. Familien til Munir har elles ved fleire høve fått visum til Noreg på falskt grunnlag, viser dokument Dag og Tid har sett. instruerte ambassaden Dag og Tid kjenner til at departementet tok kontakt med UDI om denne saka, dette trass i at lovverket seier at statsråden ikkje skal involvera seg i einskildsaker. Ei sentral kjelde i forvaltinga seier at svogeren til Samira Munir ikkje hadde fått visum til Noreg dersom Solberg ikkje hadde teke opp saka. Kort Solberg – Det er rett at eg, justisministeren og ei rekkje andre involverte oss i saka i den forstand at vi bidrog til at politiet og andre organ som hadde med saka å gjera, fekk tilgang til informasjon som kunne vera relevant. Men eg gav ikkje visum til vedkomande, det hadde eg ikkje lovheimel til å gjera og det ville eg heller aldri drøyma om å gjera. Utover dette har eg ingen fleire kommentarar. Dette handlar mellom anna om teieplikta, seier Solberg. Professor i jus ved UiO, Hans Petter Graver, leidde det offentlege utvalet som granska UDI i fjor. Han svarar slik på spørsmålet frå Dag og Tid om kva han meiner om at Solberg gav ein partikollega særhandsaming. – Det er heilt uakseptabelt at politikarar gjer kvarandre venetenester gjennom det embetet dei sit på som politikarar. Sjølv om lova er heilt klår på at ministeren som er ansvarleg for utlendingspolitikken, ikkje har nokon instruksjons- eller involveringsrett i einskildsaker, er Graver likevel ikkje forundra over at UDI gjer som ministeren eller departementet ynskjer eller trur dei ynskjer. – I granskingsrapporten skreiv vi at det var ein klår motsetnad mellom det som stod i lova og det som var reell praksis. Vi såg at departementet heile tida instruerte UDI og at UDI heile tida fylgde desse instruksane. Graver meiner det er spesielt gale at innblanding i einskildsaker skjer på utlendingsfeltet. – På eit ålment plan synest eg ikkje det er bra at statsrådar blandar seg opp i einskildsaker. På andre område enn utlendingsforvaltinga kan statsrådar rett nok skyta seg inn under at dei har den endelege avgjerdsretten og at dei dimed har ein slags rett til å blanda seg inn og henta opp einskildsaker. Men på dette området kan dei ikkje gjera det. Dei har ikkje rett til det, seier Graver. Dørum møtte Munir – Solberg hadde vorte kalla inn til spørjetimen i Stortinget eller med ein gong fått ei eller anna form for kritikk. Fleire stortingsrepresentantar ville sett på Solbergs handlemåte som sterkt kritikkverdig og inkonsekvent i høve til det ho hadde sagt om dette saksfeltet tidlegare. Tidlegare justismisminister Odd-Einar Dørum seier at han hugsar saka, men at han ikkje hadde nokon informasjon å gje om saka til dei relevante faginstansane. – Eg hadde som justisminister stendige møte med menneske frå minoritetsmiljø. Eg møtte Munir etter at ho bad om eit møte om ei sak. Ho fortalde meg om saka og nemnde ein polititenestemann ho hadde møtt som var medlem av Høgre. Denne personen hadde ho tillit til, sa ho. Eg sa at det sikkert var lurt om ho heldt oppe kontakten med han. Det var det heile. Dørum seier at han ikkje var klar over at svogeren til Munir no var i Noreg. Munir døydde Personar i miljøet skal ha sett alle tre, Samira Munir, ektemannen og svogeren, i lag. Det skapte sinne og frustrasjon i det norskpakistanske miljøet på Holmlia. Mange meinte at Samira Munir som profilert Høgre-politikar hadde fått særhandsaming av di ho hadde så gode kontaktar i det politiske miljøet. Dag og Tid har fått stadfest at dei to brørne framleis har kontakt. Denne informasjonen er kjend for politiet i Oslo og UDI. Dag og Tid har ikkje lukkast i å koma i kontakt med dei to brørne. Presseavdelinga i UDI vil ikkje kommentera noko som helst som har med denne saka å gjera. Natt til 12. november 2005 døydde Samira Munir framfor eit tog like ved heimstaden på Holmlia. – Dei lever doble liv – Samira sa òg til meg at det var Erna Solberg som sytte for at svogeren kom til Noreg. Andre kjelder seier det same. Det verkar som ein del toppolitikarar taper all kritisk sans når dei vert presenterte for slike historier av ein av partifellane sine med ein annan etnisk bakgrunn enn deira eigen. Eg skjønar ikkje at ho ikkje stilte seg det kritiske spørsmålet: «Kvifor flyktar ein mann etter sin eigen bror som skal drepa han?» Då Samira Munir døydde, kjende Storhaug til kva situasjon ho hadde sett seg i, men korkje Storhaug eller HRS meinte det var deira oppgåve å gå ut med kva Munir hadde gjort. Samstundes vart Storhaug frustrert over alle teoriane som verserte om Munirs død. I den siste boka si, Men størst av alt er friheten, skreiv difor Storhaug eit kapittel om Samira. Men ho tok ut dette kapitlet på grunn av dei politiske skandalane og oppstyret dette kunne skapa. – Eg ynskte ikkje at det eg meiner er maktmisbruken og uforstanden til toppolitikarane, skulle kome i vegen for alle andre tema i boka. Sa frå til Storhaug – Ho fortalde meg at svogeren no var i Noreg. Ho sa ho var klar til ofra sitt eige liv for at han skulle få asyl. Eg spurde då om det var slik at mannen hennar framleis var i Pakistan. Ho sa at han òg var i Noreg. Då vart eg forvirra og påpeika at det var mannen hennar som ville drepa svogeren hennar og spurde korleis det då kunne vera trygt for han i Noreg. Ho svara ikkje noko på det. Samira Munir var ei tid svært mykje nytta av norske medium i integreringsspørsmål. Ho var ein beinhard kritikar av konservative imamar og det ho meinte var arkaiske og kvinnefiendslege synspunkt i norskpakistanske miljø. Ho var òg ein sterk kritikar av norsk innvandringspolitikk, og meinte han var naiv. Storhaug meiner at Munir er eit døme på krysspresset medlemer av ein føydal storfamilie busett i Vesten kan verta utsett for. – Bortgangen til Samira er nok ei stadfesting på kor ufrie individa kan vera på innsida av ein tradisjonell storfamilie i desse miljøa. Det er ofte stor skilnad mellom liv og lære, og presset om å henta slekt til Noreg kan vera sterkt, så sterkt at vedkomande for omgjevnadene står fram som fri medan det er ufridomen som reelt sett rår. Fleire som Samira – For omverda gjev dei inntrykk av å vere særs integrerte, men dei lever i «Pakistan i Noreg», der dei og storfamilien hentar slekt til Noreg gjennom både tvangs- og proformaekteskap. Medverkinga kan vere ynskt eller ikkje ynskt, direkte eller indirekte.
– Det syner kva for eit dobbelspel einskildpersonar vert tvinga ut i. Difor er det så viktig at politikken knytt til henteekteskap vert lagd om – skal individa her få fridom, må politikken leggjast til rette for frigjering. « Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|