Førstesida
  Nr. 35   Fredag 3. september 2010                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
Fakta om avisa
Meldingar om abonnement
Redaktøransvar
Riksfondet
Tilsette
Vinjeprisen
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Afghanistan – eit land for alle andre

Av Roald Helgheim
,  23.02.07


Sidan landet vart sjølvstendig på ny og fekk kongedøme i 1919, har det alltid vore avhengig av økonomisk hjelp frå andre, men aldri i nærleiken av tilstanden i dag, då det nasjonale tilskotet til statsbudsjettet står for 8 prosent, mens resten kviler på utanlandske hjelparar som på same måte som dei militære hjelparane også vil vere med på å styre landet.

Om USA ikkje har all makt over den Nato-leidde internasjonale styrken ISAF (International Security Assistance Force) på rundt 35.000 mann frå 37 land, så har dei ein eigen styrke på rundt 9000 mann frå Operation Enduring Freedom som opererer på eiga hand, og USA har hundre prosent kontroll over opplæringa av den nasjonale afghanske hæren. I mai 2005 sa president Hamid Karzai på Voice of America at dersom dei utanlandske styrkane trekte seg ut, ville Afghanistan straks gå attende til kaos og aldri kunne bli ein uavhengig nasjon ståande på eigne bein. I desember i fjor stod han gråtande på afghansk fjernsyn og sa at Pakistan støttar Taliban, som sender sjølvmordsbomber inn i byane «mens NATO-soldatane drep barna våre». Det er eit dårleg signal til folket frå eit statsoverhovud. Ei meiningsmåling i 2005 viste at to tredjedelar meinte at dei utanlandske troppane må bli ståande. I 2006 vart 4400 afghanarar drepne av «konfliktrelatert vald», som det heiter i meldinga frå Human Right Watch. Det er dobbelt så mange som året før, og sjansen er stor for at ei meiningsmåling i dag hadde gjeve eit anna resultat.

Når meir er mindre
I den heimlege striden om kvar Noreg skal sende dei tapre soldatane sine, blir det store biletet av Afghanistan borte. Somme vil at Noreg ikkje skal vere der i det heile. Det er ikkje så sikkert at det er klok politikk nett no. Det som er sikkert, er at meir av det same ikkje er vegen å gå, dersom målet i Afghanistan er å byggje ein levedyktig stat, i stand til å hjelpe seg sjølv. «When More Is Less» er overskrifta på eit svært opplysande «working paper» den norske Afghanistan-eksperten Astrid Suhrke presenterte for den uavhengige tankesmia FRIDE i Madrid i september i fjor.

– I dag blir regjeringa i Kabul ikkje eingong orientert om operasjonar som den reine USA-styrken i landet set i verk. Når det gjeld den Nato-styrde alliansen ISAF, blir regjeringa i Kabul til ein viss grad konsultert, men det er liten tvil om at USA har eit avgjerande ord også her. Og som mange observatørar peikar på, er det mange land med i ISAF-styrken som ikkje har hatt interesser i Afghanistan før. Dei liknar meir på eit haleheng til USAs internasjonale agenda i den store kampen mot terrorismen, seier Afghanistan-forskar Kristian Berg Harpviken i PRIO. USA tek mål av seg å inngå eit «strategisk partnarskap» med Afghanistan, det tyder å etablere seg permanent i landet, noko det ikkje er berre Kina og India som mislikar. Men det har også vore konfrontasjonar i Nato den siste hausten, der det no er fleire land som vegrar seg for å sende fleire soldatar før ein ser konturane av ei meir positiv utvikling.

– Under opninga av generalforsamlinga i FN i september i fjor var det eit uoffisielt møte mellom utanriksministrane i Nato. Der tok Jonas Gahr Støre til orde for at ein måtte ha ein gjennomgang av Nato-strategien, og han tok på seg å forme ut ein plan for dette, som vart lagd fram på Nato-toppmøtet i Riga. Han tok til orde for å dreie politikken i retning av meir politiske verkemiddel. Det vart lytta til med velvilje, men i dag er politikken for det meste attende i det sporet som mest av alt har gjødsla den jorda Taliban vegeterer på: lite treffsikre operasjonar som fører til meir sivile tap og store øydeleggingar, seier Harpviken.

Talibans styrke
Det er ingen sikre teikn som tyder på at dette har svekt Taliban; heller rekrutterer dei breiare enn før, og dei profitterer på kunnskap frå krigen i Irak. Den tidlegare US-generalen Barry McCaffrey sa i mai 2006 at Taliban har blitt mykje meir profesjonelle, og opererte i større formasjonar enn før. I område dei kontrollerer, hjelper dei dessutan folk til å løyse tvistemål på flekken, noko som har styrkt dei i den delen i sør som er dårlegast representert i nasjonalforsamlinga i Kabul.

Det som fungerer
I 2004 fekk Afghanistan ei ny regjering. I 2005 valde landet eit parlament som fungerer innanfor dei rammene som gjeld. Målet var 25 prosent kvinner, eit mål som no er passert. I parlamentet sit det også tidlegare krigsforbrytarar, mens dei som er dårlegast representerte, er det tradisjonsorienterte pashtunfolket i sør, der grorbotnen er best for Taliban. Eit rikt spektrum av parti var med i valkampen, men dei folkevalde fekk ikkje stå på partilister. Administrasjonen er representert i alle provinsar, men svært mange av guvernørane er gamle krigsherrar, og korrupsjonen florerer i eit land der ein reknar med at den ulovlege opiumsdyrkinga utgjer tilsvarande 60 prosent av brutto nasjonalprodukt. Den uavhengige internasjonale tankesmia SENLIS har gjort framlegg om å legalisere opiumsdyrkinga for medisinsk bruk (sjå eigen artikkel). Det kan vere ein god idé for eit elles fungerande sivilt samfunn, men regjeringa i Kabul sver til heilt andre middel i kampen mot narkotika.

100.000 sovjetiske soldatar var ikkje nok til å okkupere Afghanistan. I dag har USA og Nato til saman 45.000 soldatar, i eit land med det som skulle vere eit venleg styre. Det er tre gonger så mange som i 2002. Meir av det same gjev mindre resultat.

Fleire saker om Afghanistan i papiravisa:

Opium for folket?

Rentenist-staten

Grannelandet Pakistan

Afghanistan på norsk (leiar)



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake