Førstesida
  Nr. 35   Fredag 3. september 2010                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
Fakta om avisa
Meldingar om abonnement
Redaktøransvar
Riksfondet
Tilsette
Vinjeprisen
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


– Tok inn Mao for å tekkjast studentane

Av Svein Gjerdåker
,  09.02.07


Mao kom inn i pensumboka i filosofihistorie i 1976. Mao pryder omslaget så seint som i 1980.
Arne Næss tok med 42 sider om Mao i den nye utgåva av filosofihistoria si til bruk i undervisinga på examen philosophicum ved universiteta. I 1980 prydde Mao òg heile omslaget på boka.

I utgåva frå 1967 var Mao berre nemnd i éi setning. Kva hadde hendt? Kvifor med eitt denne fascinasjonen for Mao hjå Arne Næss? Var Næss maoist i 1970-åra?
– Nei, Næss var ingen maoist. Eg vil heller seia at han var opportunist, seier historikar Peder Anker ved Universitetet i Oslo.

Anker er med på å skriva historia til Universitetet i Oslo og har studert universitetsgjerninga til Næss. Anker skriv for tida òg på ein artikkel om historia til økologifaget i Noreg.

Anker hevdar at Næss inkluderte eit kapittel om Mao for å få aksept og gjennomslag hjå studentane.

– Vi må sjå dette i ljos av studentokkupasjonen av Institutt for filosofi ved Universitetet i Oslo i 1969, der Næss var professor og nestor. Studentane, som var leidde av maoistar og andre radikale, kravde nytt pensum – som i praksis innebar å vraka det gamle pensumet som var sett saman av Arne Næss.

– Vi må vera klar over at Næss under studentokkupasjonen i 1969 alt var 57 år gamal og vart sedd på som representant for den gamle garden. Men slik såg han det ikkje sjølv. Han ville ikkje vera gamal. Han ynskte å vera saman med dei unge.

– Og no vart han sedd på som passé?
– Av mange ja, men ikkje av alle. Sidan han var genuint oppteken av miljøsaka, vart han lyft fram av den studentorganiserte Samarbeidsgruppa for natur- og miljøvern ved Universitetet i Oslo. Desse medlemene var med å organisera Mardøla-demonstrasjonane sommaren 1970.

– Under den siste dramatiske veka av demonstrasjonen vart Næss henta til Mardøla av studentane, seier Peder Anker.

Frå passé til progressiv
– Denne kjensla av å vera inkludert av dei unge var viktig for Næss, i ljos av okkupasjonen av instituttet eit år tidlegare. Biletet av Næss som vert boren bort av politiet i Mardøla, vart landskjent. Næss vart relansert i Mardøla som ein ny og aktuell filosof. Han var passé i 1969, men landskjend som progressiv etter Mardøla i 1970.

– Det var på denne tida at Næss sette seg føre å fri seg frå alle universitetspliktene og gå av som professor i 1970. Han ville no bruka all tid på miljøsaka, og på den måten stå fram som ein samtidsorientert filosof.

Peder Anker meiner at Næss vart motivert av studentar som siterte Marx om at «filosofane har på ulike måtar tolka verda; men poenget er å endra verda» – og at han difor sette seg føre å modifisera tenkjinga si i meir ideologisk retning og appellera meir til ungdomen.

Eit sitat frå Arne Næss i BBC-radio eksemplifiserer dette:

«Når vi trur at vi verkeleg må gjera noko med viktige presserande spørsmål, må vi på ein eller annan måte snevra inn perspektiva; eg trur [studentane] treng retorikk og dogmatisme. Skeptisisme fører til passivitet. Eg kjenner ikkje det slik, men studentane gjer det.»

– Eg veit ikkje kor mykje ein skal leggja i eit slikt sitat, men eg tolkar det slik at Næss sjølv ikkje ser verdien av retorikk og dogmatisme, men var opportunist og la inn maoismekapitlet i filosofihistoria for å gje studentane det dei ville ha.

– Næss freista no å utvikla ein populær miljøfilosofi som kunne knyta Mao til miljøsaka. Resultatet vart den kjende djupøkologien. I det fyrste utkastet frå 1971 skriv han:

«I kinesisk filosofi kjenner vi også en mer ‘egalitær’ innstilling. Mennesket er ikke i forgrunnen, men et helt ‘økologisk system’, hvori menneskene inngår som fragmenter. Mao har kanskje beholdt en del av den klassiske kinesiske innstilling. I hans politiske dikt får dyr, planter, mineraler, landskapselementer en plass som virker latterlig på tøffe vestlige observatører.»

– Men det burde ikkje vera ukjent for Næss i 1971 at Mao handsama både natur og menneske som fragment i det politiske regimet sitt, men Næss tok ikkje opp kritikken av Mao. I staden brukte han altså Mao som eit utgangspunkt i djupøkologien.

– Korleis vart dette teke mot av miljøaktivistane som Næss hadde kontakt med?
– Utan entusiasme, og dei direkte referansane til Mao forsvinn òg raskt frå dei djupøkologiske manuskripta hans. Miljøaktivistane slutta opp om Gandhi – ikkje Mao.

– Men Mao får innpass i filosofihistorieboka?
– Ja. Næss kom i 1974 med boka Mao Tsetung. Massene filosoferer. Boka er fri for kritiske perspektiv og handlar mest om Mao som ein viktig filosof. Det var ein redigert versjon av denne boka som han la inn i Filosofiens historie.

– Har Mao ein naturleg plass på pensum i ex.phil.?
– I dag er det vel få som meiner det. Mao var ein diktator. Det einaste han har å gjera på pensum, måtte vera som døme på korleis ein tyrann tenkjer. I ein slik samanheng kan det vera rett å be studentar lesa han, men då som ein del av politiske studium eller eventuelt òg kinesisk historie. Men han har ikkje noko i eit introduksjonskurs i filosofi å gjera.


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake