Dag og Tid nr. 52, laurdag 24. desember 2004
Helgheim
Dei svært få kriminelle
Å ta imot asylsøkjarar er jamgodt med å importere kriminalitet, hevdar både Frp og andre. No har vi fått politietatens ord for at asylsøkjarar gjer seg skuldige i svært få lovbrot. Med Ingerid Killengren som øvste ansvarleg har Politidirektoratet denne månaden levert ein rapport der konklusjonen er at asylsøkjarar står bak mindre enn ein prosent av dei oppklarte lovbrota i landet, afrikanarar og asiatar blant dei berre eit par promille. Om dette har gått deg forbi, er det ikkje så rart. Det må vere den minst medieomtalte rapporten om emnet i år. Til Ny Tid, som følgde opp saka sist veke, sa politidirektør Killengren at ingen hadde ringt henne eller invitert henne til debattprogram. Verken TV2s Holmgang eller tilsvarande debattprogram i NRK hadde meldt interesse.
Mens eg skriv dette, melder NRK at eit førtital asylsøkjarar som har fått avslag, går jula i møte som uteliggjarar, fordi dei ikkje får hjelp frå sosialkontor eller andre offentlege instansar. Er dei kriminelle? Ei anna NRK-sak denne veka var: «Asylsøkere skaper kaos i psykiatrien».
Ved eit sjukehus i Bergen vågar legane ikkje å skrive ut pasientar med asylbakgrunn av redsle for sjølvmord. Psykiatriske sjukehus blir framstilte som vår tids kyrkjeasyl, men statssekretær Bretzeg i Kommunaldepartementet er snøgt ute med å slå fast at trugsmål om sjølvmord ikkje er grunnlag for opphald. I sitt departement er Bretzeg ansvarleg for asylsøkjarar, men ingen spør henne om kriminalitetsrapporten.
Departementet har likevel gjort plikta og opplyst om rapporten på den framifrå nettsida www.innvandringsnytt.no, med peikar til politiet si nettside. Rapporten er eit lett leseleg dokument på førti sider. Statistisk sentralbyrå som er med på undersøkinga har laga ein endå enklare kortversjon.
Politidirektoratet kallar rapporten sin Utlendinger, asylsøkere og kriminalitet Hvem er hvem og hva vet vi?. Påstandar om asylsøkjarar og kriminalitet dukkar stadig opp i media, står det. Difor er det behov for eit oversyn over kva register som finst, kva statistikkar som blir førte. Det vart nedsett ei tverrfagleg arbeidsgruppe med folk frå dei relevante etatane. Rapporten tener eit dobbelt formål: å få oversyn over talmaterialet som finst om asylsøkjarar eller personar med tidsavgrensa opphald, og å klargjere kven som er asylsøkjarar, flyktningar eller innvandrarar, omgrep som ofte blir brukte om einannan. Arbeidsgruppa har vore samansett av folk frå Utlendingsdirektoratet, Statistisk sentralbyrå, Oslo politidistrikt, Politiets utlendingsavdeling, Kriminalpolitisentralen, og altså Politidrektoratet.
Etter den siste tilgjengelege kriminalstatistikken over ferdig etterforska lovbrot i Norge frå 2001, var talet på siktingar eller oppklarte lovbrot det året 197.000. 178.000 av dei sikta hadde norsk statsborgarskap, 12.000 var utlendingar med fast busetjing i landet. Att står 7000 sikta personar (3,5 prosent) som høyrer til gruppa ikkje busette utlendingar i Norge. Men kor mange av dei er asylsøkjarar?
Her har talgranskarane møtt den største utfordringa. Til denne gruppa høyrer både turistar og ikkje-busette frå land vi ikkje får asylsøkjarar frå. Berre folk med statsborgarskap frå nordiske land utgjer åleine ein tredjedel av desse. Frå andre europeiske land er det også folk med kortvarig opphald som ikkje søkjer asyl, men som gjer seg skuldige i brotsverk. Ved å studere statistikkar over lovbrytarar frå land vi får ingen, få eller mange asylsøkjarar frå, konkluderer rapporten med at dei samla står bak mindre enn ein prosent av brotsverka, og at afrikanarar og asiatar utgjer to til tre promille.
Kva fortel tala oss? Ettersom ein ikkje veit kven som stod bak dei ikkje-oppklarte lovbrota, kan ein ikkje seie eintydig om asylsøkjarar er over- eller underrepresenterte i kriminalstatistikken i høve til kor mange dei er. Likevel konkluderer rapporten: «Ut fra dette mener vi å ha vist at asylsøkere ikke kan tillegges å stå for en betydelig del av de lovbrudd som blir begått i Norge snarere tvert imot: Asylsøkere står bak en svært beskjeden del av den registrerte kriminaliteten.» Med kriminalitet meiner ein alle typar brotsverk, der nokre få også har vore alvorlege. «Det er imidlertid ikke denne typen saker som preger de statistikkene som dominerer her.»
Likevel står Frps talsmann Per Sandberg på sitt. Når Politidirektoratet seier at dette er det mest fullstendige oversynet som det er mogleg å skaffe om dette spørsmålet, svarar Sandberg: «De kommer med påstander man ikke kan tro på og vrir på statistikker slik det passer dem. Uansett er noen promiller alt for mye. Det skulle vært null prosent(!). Fremdeles betyr dette for meg at vi importerer kriminalitet gjennom asylsøkere.» Etter Sandbergs logikk må det å sleppe folk inn i landet i det heile til dømes svenskar vere det same som å importere kriminalitet. Også om prosenten av kriminelle skulle vere mindre enn i til dømes Frp.
Tidlegare i år kom Flyktningregnskapet 2004 frå Flyktningerådet, også det lite omtalt i media. Det fortel at talet på asylsøkjarar i Europa i 2003 var mindre enn på mange år. Rekneskapen viser dessutan at langt dei fleste flyktningane i verda rømer frå fattige land til andre fattige land. Rapporten min i denne siste spalta før jul skulle liksom vere eit tilbakeblikk på året som gjekk, på godt og vondt. Så kjem det ein rapport frå politiet sitt høgste organ og set tinga på plass. Sjølv ventar eg på mappa mi frå ein annan etat. Innsynsutvalet lova henne ferdig innan utgangen av året. God jul!
Roald Helgheim
|