Dag og Tid nr. 52, laurdag 24. desember 2004


Leiar
Valet i Spania det mest oppløftande

Kva er det positive som har hendt i nasjonal og internasjonal politikk i 2004? På miljøområdet er det fint lite. Telefonar til fire personar i miljørørsla gav ingen gode svar. Det er ingenting som tyder på at dei store problema vi slit med, har hatt noka som helst positiv utvikling i 2004. Nasjonalt vart det nemnt nokre få delsigrar som berre understrekar kor skralt det står til: Oljefondet har fått etiske retningsliner, Trondheim har fått vedteke reklameforbod i grunnskulen og regjeringa har lova ein liten vekst i kollektivsatsinga (men bilbruken held fram med å auka). Karakter: stryk (tok ein med innføringa av røykjelova, ville det ha heva karakteren med fleire poeng).

Det mest oppløftande i 2004 var det spanske valet, som fekk ført regjeringa i landet i pakt med folkemeininga i Irak-politikken. Det som hende i Spania, var ei vitalisering av det vesteuropeiske demokratiet. Valet fekk også global innverknad fordi det braut opp trippelalliansen mellom Bush, Blair og Anzar. Det førde til at mange land stilte spørsmål ved eiga deltaking i krigen, drog seg ut eller fekk innanrikspolitiske problem med å verta verande i Irak.

EU-utvidinga austover er òg viktig. Utvidinga har hatt ein positiv innverknad på minoritetspolitikken i dei nye EU-landa. Lenge før dei nye EU-landa vart medlemer, har dei måtta tilpassa seg EUs standarar for minoritetspolitikk og vern av minoritetane. Desse standardane var eit av grunnvilkåra for medlemskap og har ført til viktige sivilisatoriske framsteg. Og, talet på krigar i verda held fram med å gå ned. Nedgangen har vore markert sidan 1992. I år er også tala positive for Afrika.     

Utviklinga her heime er godt illustrert av Stabburet. Denne veka sende informasjonssjefen ut eit gledesstrålande e-brev: «Nordmenn vil i løpet av 2004 spise nesten 50 millionar dypfryste pizzaer». Det skal visst nok verta 5,4 kilo per innbyggjar. Vi slår nr. to på lista, tyskarane, med 3,3 kilo. For ikkje å snakka om svenskane som et 1.1 kilo. Det er då noko.
Svein Gjerdåker

Dag og Tid ynskjer lesarane ei god jol
og eit godt nytt år.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |