Dag og Tid nr. 52, laurdag 24. desember 2004
Kommentar
Sjølvmord eller ei ny europeisk historie?
Den europeiske delen av Tyrkia er ikkje større enn ein muselort på kartet, men vekkjer rettkomen skepsis frå europearane: Røyster i EU skrik at Tyrkia inn i EU er sjølvmord for Europa, medan tyrkarar i Sør-Tyrkia ropar: «Europa er frå Stockholm til Diarbekr».
Begge frontar har sine grunngjevingar. Mange europearar ser framleis dei tyrkiske spøkjelsa frå fortida som eit trugsmål mot integriteten, kristendomen og kulturen deira; Konstantinopel vart hærteken, endra til islam-pol (Istanbul) og var hovudstad i det tyrkiske imperiet i fire hundreår. Ein stor del av Europa: Bulgaria, Serbia, Hellas, Ungarn og Romania vart lagde under tyrkisk herredømme. Wien vart omringa, men europearane innsåg islamiseringsfaren, oppheva kringsetjinga med makt, underteikna ei avtale i 1699, og frå då av var det osmanske trugsmålet definitivt over.
Men spøkelsa frå fortida vaknar no, trass i at det nye Tyrkia har gått gjennom 75 års reformasjon og sekularisme. Denne sekularismen har Europa sett på som ein europeisk siger over islam og dei islamske røtene til Tyrkia. Men sekularismen i Tyrkia er ikkje den same som i USA og Frankrike, der stat og kyrkje har skilt lag. I Tyrkia vart sekularisme definert som total kontroll av religionen. Medan religionen i dei demokratiske landa har fridomen sin utan kontroll og forfølgjing, ja, han er ein del av det mennesket har trong for: Slik ein treng ein lækjar, treng ein ein prest samstundes. Ei slik sekularisert utvikling var fråverande i den tyrkiske praksisen. Folk levde på den muslimske planeten, medan den herskande eliten etterlikna Vesten og såg på det som modernisering. Folk kasta ikkje vrak på sine eigne islamske røter. Medan den militære institusjonen har halde fortet ved denne typen streng sekularisme som
bar i seg ei flukt frå den ulukkelege arven frå det ottomanske imperiet, med krigar, blod og fiendskap til resten av verda: Europa, Russland og arabarane. Denne 75 års sekularismen har sett bort frå den tyrkiske historia og den islamske identiteten: Atatûrks Tyrkia har neglisjert at Tyrkia er ein del av Midtausten.
Etter den islamske revolusjonen i Iran i 1979 kjende Tyrkia eit trugsmål frå det radikale islam i Irak, Iran, Syria. Samstundes kolliderte Tyrkia med Syria på grunn av ein vasskonflikt om Eufratelva. Syria akselererte den kurdiske oppreisten i Tyrkia. Irak gjorde det same. Men Tyrkia hadde eit samarbeidsprosjekt med Israel dei siste 20 åra. Tilhøvet nådde klimaks på midten av 1990-tallet. Tyrkia og Israel samarbeidde strategisk om å kvela dei aggressive tendensane i Iran, Irak, Syria.
Denne situasjonen har endra seg i det siste: Syria skifta strategien sin mot Tyrkia, jaga Öcalan, og stogga støtta til kurdarar i Tyrkia. Saddam er borte. Likevel er situasjonen for Tyrkia meir trugande i dag: Risiko for borgarkrig i Irak kan føra til at kurdarane i Nord-Irak vil skilja ut ein sjølvstendig stat med støtte frå USA og Israel. Dette vil oppmuntra kurdarar i Tyrkia til å erklæra det same. Men dersom Tyrkia er EU-medlem, vert løysingane for kurdarane ikkje ein eigen stat, men sjølvstyre og kulturelle rettar. Slik løyser europeiske land problema for minoritetane sine.
Tilhøvet til USA tek òg til å endra seg: Trugsmåla frå Syria, Irak og Iran vart uaktuelle, tvert imot har Tyrkia vorte den største makta i det muslimske Midtausten, med eit militært overtak som kan møta alle trugsmål frå grannelanda. Tyrkia treng ikkje USA som tidlegare. Tilhøvet til Israel tok til å skranta frå midten av 1990-tallet, og den islamske politiske sympatien med palestinarane har svekt tilhøvet til Israel. Tyrkia vart sett som eit mønster for islamistane, som etter 70 års sekularisme tok til å gjenoppdaga dei islamske røtene sine. Arabarane har sett med beundring til Tyrkia, som nekta ordren frå USA om hjelp til å okkupera Irak. Tyrkia har byrja ei uavhengig retning frå USA, teke til å byggja bruer til dei muslimske nabolanda sine. Tyrkia har heller ikkje same historiske spenninga til Russland lenger.
Derfor kan Tyrkia spela ei viktig rolle i den islamske verda i framtida, noko som ikkje kunne skje då lagnaden til Tyrkia berre var knytt til Nato. Likevel kviler ein fare ved at Tyrkia kan spela ei øydeleggjande rolle i EU. Den amerikanske støtta til å innlemma Tyrkia i EU vert sett på med mistru. For Tyrkia, med ein islamsk kultur og skremmande demografisk røyndom, kan vanskeleg fordøyast av EU. Derfor stiller ein naturleg det spørsmålet om USA, som konkurrent, ønskjer å øydeleggja EU ved å svekkja den kulturelle og kristne europeiske harmonien med islamske inntrengjarar gjennom ein medlemskap.
Konkurransen mellom Brüssel og Washington har alt ført til gnissingar i Tyrkia: Den pro-amerikanske militæreliten bygde eit band til USA i den kalde krigen, og føretrekkjer samarbeid med USA som ikkje krev interne reformer. Men majoriteten i Tyrkia føler at framtidsutsiktene er økonomisk meir knytte til EU. Majoriteten av kurdarane har interesse av å verta med i EU, der menneskerettstilhøve og minoritetsrettar vert overvaka og tekne vare på.
Sekularisme har marginalisert kva innverknad religionen har på samfunnet. Men etter militærkuppet i 1980 godtok generalane den amerikanske politikken som oppmuntra dei islamske tendensane, for då kunne religionen verta ein mur mot den kommunistiske domineringstrongen. Islam vart ein mobiliseringsfaktor til å invitera det trugande folket som i 75 år har vore utanfor deltaking i makta: «Kom og ta del i den politiske prosessen. Vi har ein demokratisk sjanse!» Det førde til at islamske parti no spelar ei rolle, og i dag er det eit islamsk parti som sit med makta. Men sekularismen er teken vare på og verna av den militære institusjonen som i 1997 avsette eit islamsk parti og forbaud det. Den islamske rørsla ønskjer difor medlemskap som tryggjar EU-vern av religionspraksis. Tilhengjarane av sekularismen ser på dette som ein fare for demokratiet. Samstundes vil den sekulære rørsla i Tyrkia satsa på
EU-medlemskap for å betra den økonomiske situasjonen. Ein medlemskap vil motarbeida fattigdomen i samfunnet og på indirekte måte ta knekken på ei islamsk masseomvending som trugar Tyrkia.
I den muslimske verda vert EU-medlemskap sedd på med ambivalens: Det fjerne og frykta Europa vil koma nærare den muslimske verda: Tyrkia i EU inneber at Brüssel får sams grense med Syria, Irak og Iran.
Det kan kanskje føra til demokrati og reform, men samstundes gje muslimane fri inngang til Europa som frå før slit med ei islamsk utfordring med 50 millionar som minoritetar i England, Frankrike, Spania osb.
Walid al-Kubaisi
|