Dag og Tid nr. 52, laurdag 24. desember 2004
Klok på bok
Hegglands hær
Først kom det ingen svar, men så kom det mange, og mest alle var samde.
«Johannes Heggland har sytt for ein viktig del av barndomsminna mine. Då far las Folket i dei kvite båtane for meg, var eg so oppslukt i den verda at eg meinte det var Torgrimsmennene som hadde vore på ferde (og dei var fæle folk) då me var på fjelltur og gjekk etter dei raude T-ane åt turistforeininga. No ja, eg skjøna vel at det ikkje var sanninga, men han skreiv so levande at det var vanskeleg å ikkje verta ein del av den tida.
I Kpb førre laurdagen var det ikkje ei av barnebøkene utdraget kom frå, men boka Gud skifter andlet frå Tusen vårar-serien.
No dreg eg heim til jol. Farvel, hovudstaden. Eg vonar på kaldare grader og kvitare dagar når det lid mot eit nytt år«, skriv Gyro Knutsdotter Homme frå Valle.
Ho får julepremien i år!
Ellen Borch Veum frå Gaupne har også sendt inn rett svar, og ho skriv:
«No nett kom ho fru Kreken inn på biblioteket og leverte Johannes Hegglands serie Tusen vårar fire band so langt. I tredje bandet, Gud skifter andlet, fann eg løysinga. Jo, denne forfattaren er produktiv. Vi har heile to hyllemeter med bøker av han i Luster folkebibliotek.«
Gunnar Bæra fann også løysinga:
«Johannes Heggland er fødd i Tysnes i 1919. Han debuterte i 1941 med Folk under fjell, fyrste boka i ein romankvartett. Kvartettar og trilogiar har det vorte fleire av gjennom forfattarskapen som tel over 60 bøker. Forfattaren likar breidd og detaljrikdom i framstellingane sine. Handlinga er oftast lagd til Sunnhordland, noko som har gjeve han eit feilaktig stempel som heimstaddiktar. Bøkene hans er prega av store historiske kunnskapar, bygdesamfunnet sine verdiar, eit udogmatisk kristensyn og trua på det gode i mennesket. Med Gard frå 1951 gjekk han over frå i- til a-mål og har utvikla eit stilrikt, fargerikt og poetisk språk, heiter det i Gunnar Bæras glimrande svar.
Frå Frekhaug i Nordhordland skriv forfattaren Sigbjørn Heie:
«Heggland har sine lesarar, men fleire burde det ha vore, for han er den største og beste forteljaren i norsk litteratur i dag. No gjev eg han plass i hylla til årets bok Ingibjørg.»
Også ein annan forfattar har sendt inn rett svar, og Truls Horvei frå Stord har sjølvsagt også funne fram til at utdraget stamma frå nestoren i sunnhordlandsdiktinga. Han kan til og med skryta av å ha gått inn i hirda den gongen Mostraspelet av Johannes Heggland vart vist på Færøyane.
«Det er fint at ein forfattar kan skriva så gripande og spanande om vanlege folk sin kvardag. Stor litteratur«, skriv Norvald Hestholm frå Kjerrgarden.
Det har kome så mange rette svar på denne oppgåva at eg er heilt overvelda. Eg kan ikkje anna enn seia tusen takk til Ranveig Lundquist, Orkanger; Inger Marie Saltnes, Valen; Halldis Bjørkum, Rubbestadneset; Olav Molven, Bergen; Lisbeth Dalquist Homme, Valle; Birgitte Berge, Rådal; Liv Andresen, Gunder Runde, Ulsteinvik; Elen Maria Todal, Aure og Marla Bjerkeng, Nesttun.
Tusen takk for alle brev og kort!
No trur eg at eg satsar på Heggland i jula.
Klok på bok 693
Ho var ei draumesyn og ein song
då eg fekk sjå ho første gong,
ei hildring frå ei venleiks-verd,
send ned ein blunk til prydnad her.
Som skymingsstjerner augo såg,
og skymingsmørkt var håret òg.
Men allting elles bar eit drag
av morgnings-lått og maidag:
ein alv i dans, eit vetteljos,
å fanga før det flyr sin kos.
Eit svært gammalt dikt som er skrive av ein av dei store. All sin dag var han viss på at naturen har ei gudgjeven kraft til å kalla fram i oss det edlaste og beste. Same kreftene såg han i sjela til barnet, og i livet til det enkle mennesket som stod naturen nær.
Send svar til klok@dagogtid.no, eller til Dag og Tid, Postboks 7044 St. Olavs Plass, 0130 Oslo, eller til faksnummer 22 41 42 10.
Eg ønskjer alle ei retteleg god jul!
Barrabas
|