Dag og Tid nr. 52, laurdag 24. desember 2004
Fiskeri
Politikarane har skapt krisa
Krisa i Finnmark er resultat av feilslått politikk, meiner sosiolog Ottar Brox.
Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no
Krisa i nordnorsk fiskeindustri har bygd seg opp over fleire år, men i 2004 har situasjonen gått frå verre til verst. Den eine etter den andre foredlingsbedrifta har permittert dei tilsette eller gått over ende. 2000 arbeidsplassar har gått tapt i fiskeindustrien dei siste to åra. Somme lokalsamfunn er ekstremt hardt råka: Arbeidsløysa i Vardø er nær 20 prosent, og Frelsesarmeen har drive innsamlingsaksjon for å hjelpe folk gjennom jula. Arbeidarpartiet krev ein krisepakke på 150 millionar for dei mest utsette kommunane. Korleis har det gått så aldeles gale, i slik ein enormt ressursrik landsdel?
Krisa i Finnmark er politikarskapt, og kjem slett ikkje som resultat av uheldige omstende, seier Ottar Brox, pensjonert professor i sosiologi og mangeårig forsvarar av kystfisket.
Han meiner krisa kjem som ei direkte følgje av mange år med feilslått politikk.
Dette er ein konsekvens av ei langsiktig feiltilpassing i Finnmarksfisket. Det tradisjonelle sjarkfisket var vel tilpassa tilhøva i Finnmark, det gav attraktive arbeidsplassar og kravde liten innsats av kapital. I løpet av sesongen kunne ein tene ei brukbar årsløn, slik at ein kunne drive med andre ting på vinteren, seier Brox.
Men med storsatsinga på fiskeindustrien på land, kom krava om å få fast leveranse av råstoff heile året. Sjarkfisket har blitt systematisk diskriminert. Det vart mykje lettare få lån til store båtar enn til små. Ein har skapt eit næringsliv frikopla frå dei gamle fangstmåtane.
Yrkesforbod
Utdanningssamfunnet har nok medført at færre enn før vil bli fiskarar, seier Brox.
Men innføringa av båtkvotar i 1989 innebar nærmast yrkesforbod for folk som ville inn i ei berekraftig næring.
I kortform er denne samanhengen slik: Når båtkvotar gav rett til torskefiske, og kvotane var noko ein kunne kjøpe og selje, vart retten til å få fiske i stor grad eit spørsmål om å ha nok kapital. Inngangsbilletten til fisket har blitt dyr, og rettane til fisket blir samla på færre hender.
Men det er vel ingen som har villa finnmarkingane vondt med vedtaka sine?
Nei, det var ikkje intensjonen, men konsekvensane av politikken har blitt dårlege. Det er ingen som har ønskt å leggje ned Vardø. Men kampen som har blitt ført mot sjarkfisket, grunngjeven med å skape heilårsarbeidsplassar, har øydelagt dei berekraftige arbeidsplassane. Da eg skreiv Hva skjer i Nord-Norge på 60-talet, var Fiskarbanken den største skurken. Men det verste overgrepet kom i 1989, da systemet med båtkvotesystemet vart innført.
Kontrollen med ressursane er heilt avgjerande for å kunne halde busetjinga oppe, meiner Ottar Brox.
På 60-talet heldt eg foredrag i Sverige, der eg forklarte korleis Nord-Noreg hadde halde på folketalet, medan Nord-Sverige vart lagt ned. Forklaringa mi var: «Nokon eig skogen, men ingen eig fisken». Skogressursane kunne monopoliserast, medan fisken i Nord-Noreg var der for alle. No går Nord-Noreg same vegen.
Råstoff og lønsemd
Men kva med krisa i foredlingsindustrien den blir ofte forklart med at det norske kostnadsnivået er for høgt til at ein klarer konkurransen med utlandet?
Det er innlysande at det lønsame i Finnmark er å hauste råstoffet, fisken. Det er difor folk som Røkke er ute etter konsesjonane. Men når ein skal leve av foredling, klarer ein ikkje å vere konkurransedyktig. Skal ein klare å halde folketalet oppe i Finnmark, må ein ta vare på den attraktive, folkelege forma for innhausting. Da må ein late folk drive sesongfiske, eit arbeid dei fleste finn meir interessant enn heilårsjobb i trålfiske eller på ein filetfabrikk, som ofte er helsefarleg.
Du har òg kritisert rolla dei lokale politikarane i nord har spela i omlegginga av fiskerinæringa?
Nordnorske politikarar må ta sin del av ansvaret. Stortingsfolka frå nord har vore med på desse endringane, dei har nekta å sjå at det vil øydeleggje levekåra for kystbefolkninga. Det har ikkje mangla på åtvaringar. Dei nordnorske politikarane har i det lengste vore meir interesserte i få investeringar i infrastruktur enn i å ta vare på det folk skulle leve av. No har mange av dei byrja å vakne, fordi dei ser kor det ber. Men når det gjeld fiskeriminister Svein Ludvigsen, lurer eg på kva kvakksalvarar han omgjev seg med i departementet.
Regjeringa har i haust gjeve ein pakke med krisehjelp til dei mest utsette kommunane i Finnmark. Men det løyser ikkje noko på litt lenger sikt, meiner Brox.
Ein kan ikkje rette opp dei fatale feilgrepa ved å slengje pengar på problemet. Folk må få attende retten til å engasjere seg i det ein kan leve av i Finnmark. Det er ikkje gjort over natta, det tek tid få opp att rekrutteringa, og ein blir ikkje sjarkfiskar på ein, to, tre. Men på ti års tid kan mykje gjenreisast.
Sjølv om ein følgde råda dine, ville fisket likevel vere ei næring som er utsett for svingingar. Treng ikkje Finnmark fleire bein å stå på?
Ein ting er uår, som da kobben kom inn i store mengder på 80-talet. Men det kan eit fiskarsamfunn tole. Politikarane fantaserer om alternativ til fisket, men dette er i utgangspunktet den suverent mest levedyktige næringa i Finnmark. Det finst ikkje verkelege alternativ til fisket som basisnæring i ein by som Vardø.
Satsinga var velmeint
Vi i Ap er fullt innforståtte med at vi treng å endre vår eigen kyst- og fiskeripolitikk, seier Karl-Eirik Schjøtt-Pedersen.
Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no
Strukturproblem. Internasjonal konkurranse. Svikefulle trålarar. Og kanskje ein del feilslått politikk. Krisa i fiskeindustrien i Finnmark har mange årsaker, meiner stortingsmann Karl Eirik Schjøtt-Pedersen. Den tidlegare fiskeriministeren har leia Kystutvalet til Arbeidarpartiet, og vedgår at det må tenkjast nytt i fiskeripolitikken.
Etter krigen kom det ei arbeidsfordeling mellom landsdelane. Finnmark fekk industrianlegga for frosne fiskeprodukt, som i si tid var rekna som det mest framtidsretta. Men no er fryseprodukta dei mest utsette for internasjonal konkurranse. Det er ikkje spesialiserte varer, dei kan produserast kor som helst. Fisken kan frysast i båten og fraktast til Kina, seier Schjøtt-Pedersen.
I tillegg kjem altså problema med råstofftilgangen.
Når ein skal få industrien på fote, treng industrianlegga stabil tilgang på fisk. Mange av trålarane som har leveringsplikt til industrien, har ikkje levd opp til krava, påpeikar Schjøtt-Pedersen.
Men når krisa no har oppstått, nyttar det ikkje at regjeringa seier at marknaden skal ordne opp. Det gjer han ikkje. Regjeringa må sy saman løysingar for dei lokalsamfunna som er råka.
Er ikkje denne krisa eit resultat av mange år med feilslått politikk?
Eg vil ikkje seie det slik. Det vart satsa på denne typen industri fordi ein trudde det var det beste og i mange år var det det. Satsinga var velmeint. Men i dag må vi erkjenne at desse produkta er dei mest utsette for konkurranse.
Var det ikkje ein feil å satse så massivt på dei store båtane og dei store industrianlegga?
Vi treng kystflåten, som sikrar fisk av høg kvalitet. Men samtidig treng vi trålarane, som kan levere heile året, òg i periodar når kystflåten leverer lite. Det er ikkje noko anten eller.
Ordninga med omsetjelege båtkvotar har ført til at meir og meir av fiskerettane er samla på færre hender?
Ja. Og dersom vi får ein liknande konsentrasjon av rettar i kystflåten som vi har i havfiskeflåten, er det dramatisk, seier Schjøtt-Pedersen.
Blant dei mange framlegga i innstillinga som Kystutvalet til Ap la fram i haust, stå mellom anna dette: «Det foreslås en nasjonal strategi for utvikling av fiskerinæringa som bygger på vårt fortrinn ved tilgang på ferskt råstoff av høy kvalitet. Leveranse av ferskt råstoff må ha prioritet i forhold til leveranse av råstoff som er frosset på havet.» Innstillinga tek òg til orde for at fylke og kommunar kan få råderett over opptil 15 prosent av fiskekvotane.
Den nytenkinga som Kystutvalet til Ap har opna for, inneber ikkje den ein sjølvkritikk for fiskeripolitikken til partiet i heile etterkrigstida?
Til ein viss grad inneber dette ein sjølvkritikk, sjølv om det går for langt å strekkje det til å gjelde heile etterkrigstida.
Det verkar absurd at eit samfunn som Vardø, som ligg nær så rike fiskeressursar, skal trenge Frelsesarme-hjelp og krisepakkar frå Staten?
Eg er heilt samd i det. Eg kjem frå Vardø sjølv, og meiner utviklinga er aldeles uakseptabel. Vi treng ei nasjonal omlegging av heile kyst- og fiskeripolitikken. Ap er fullt innforstått med at vi treng å endre vår eigen politikk og det er det fleirtalet i Kystutvalet går inn for, seier Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.
Smått er godt i Kvalfjord
Store båtar og store fabrikkar, det har vore gjennomgangstonen i norsk fiskeripolitikk. Den vesle bedrifta Lean Fish AS går stikk motsett veg, og lukkast med det.
Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no
Medan mange av dei store foredlingsfabrikkane har gått nord og ned dei siste åra, har vesle Lean Fish AS i Kvalfjord i Finnmark klart seg bra. Bedrifta vart starta for to år sidan, og driv eit lite fiskemottak og eksport av fisk. Lean Fish tek berre imot fisk frå kystflåten, ikkje frå dei havgåande trålarane.
Vi brukar mykje tid på å få tak i fisk av rett kvalitet, og for oss er sjarkfisket avgjerande. Dei store båtane leverer for dårleg kvalitet. Dei tek om bord for mykje fisk, og har for lite mannskap til å handsame han skikkeleg, seier dagleg leiar Andreas Wiese, som driv bedrifta saman med kona Lene.
Norsk fiskeripolitikk har satsa på dei store båtane?
For meg verkar det mystisk. Det må botne i ei ideologisk førestelling om stordriftsfordelar. Men dei små sjarkane er i røynda meir lønsame. Likevel har vi sett denne enorme satsinga på havfisket. Dette er ein politisk prosess, han er ikkje driven fram av marknaden.
Men havfiskeflåten må vere meir effektiv enn sjarkane?
Dei store båtane er effektive, men det tyder ikkje at det er rasjonelt å drive på den måten. Ser ein på kroner per kilo, blir utbytet dårlegare.
Wiese meiner krisa i fiskeindustrien i Finnmark heng saman med avhengigheita av havfiskeflåten.
Det blir sårbart. Når fisken i staden blir sendt ut av landet, mistar fabrikkane råstoffet sitt. Men erfaringa vår er at marknaden etterspør ferskfisk frå små båtar.
Tolv båtar leverer fast til Lean Fish, og bedrifta har sju-åtte årsverk i land. Selskapet driv òg med litt foredling men ikkje på fabrikkmåten.
Vi har stor etterspurnad etter handskoren filet. Eg meiner ein må spørje seg om dei store fabrikkane er lønsame, samanlikna med folk som er flinke til å skjere. Prisskilnaden på marknaden er stor, seier Wiese, som ikkje utan vidare går med på at det er arbeidskraftkostnadene i Noreg som har gjort fiskeindustrien til dårleg butikk. Er kvaliteten på varene god nok, blir salsverdien høg nok til at det går rundt, meiner han.
Eg skal ikkje påstå at opplegget vårt er ein sikker vinnar, men det ser bra ut så langt.
Lean Fish satsar på ei veksling mellom ferskfisk og tørrfisk. Når det er dårlegare prisar for fersk torsk, hengjer dei han til tørrfisk.
Det er ikkje mange som driv på den måten de gjer?
Nei, det er ikkje det. Men vi vil ikkje seie at vi opererer på ein nisjemarknad. Vi har store kundar i Europa, som ber om mykje meir fisk av den typen vi leverer. Det er plass til fleire som driv på denne måten, seier Andreas Wiese.
|