Dag og Tid nr. 52, laurdag 24. desember 2004
Bokmelding
Skrivande bønder med daning
Bygdefolk i gamle dagar, heilt attende til 1600- og 1700-talet, var mykje meir åndsmenneske enn mange har gjort dei til i kulturhistorieskrivinga.
SAKPROSA
Jostein Fet:
Skrivande bønder. Skriftkultur på Nord-Vest-landet 1600-1850
Samlaget, 2003
«Eg har likt å sjå på meg sjølv som ein grøftegravar, sjølv om det har vore i overført tyding», sa Jostein Fet då han nyleg vart heidra med Kongens fortenestemedalje i gull (etter Sunnmørsposten 22.10.2004). Utsegna førekjem meg å gje uttrykk for ei uvanleg råkande sjølvinnsikt. Alle som har teke opp att steinsette veiter i gammal dyrka mark, skjønar grøftegravarbiletet: Utan gode grøfter kan det vanskeleg gro på Vestlandet. Og det tek ofte lang, lang tid å få veitene i så god stand at det syner att på groren i landskapet.
Set ny dagsorden
Nett dét har Fet klart igjen, atter med langsameleg, tolmodig arbeid. Lesande bønder (1995) var eit stort nybrottsarbeid der Fet sette ny dagsorden for ordskiftet om lesehistoria, og tok knekken på gamle fordommar ved å analysere eit overveldande empirisk materiale. Skrivande bønder. Skriftkultur på Nord-Vestlandet 1600-1850 (2003) er ikkje mindre av eit pionerarbeid, men er samansett av alskens ulike fragment frå mange ulike situasjonar der folk har funne trong og lyst til å skrive. Her teiknar Jostein Fet eit kart over nettverk og påverknadskjelder som har forma seg or skriftbruken, som har vore med på å endre kulturutviklinga, men som for dei fleste tidlegare har vore ukjende, løynde
samanhengar. Fet meiner, nei, orsak, han veit han har då brukt store delar av livet på å finne ut av det at bygdefolk i gamle dagar, heilt attende til 1600- og 1700-talet, var mykje meir åndsmenneske enn mange har gjort dei til i kulturhistorieskrivinga.
Detaljert
Skrivande bønder får, just gjennom den noggranne konsentrasjonen om detaljar, særleg måten dei blir fuga inn i bilete av kulturtilstanden på, ei stor og allmenn rekkjevidd. Her kjem fram resultat som ropar på oppfylging frå andre kantar. Det finst mest ingen studiar av liknande slag frå heile Europa. Og dei som finst, kan knappast tene til samanlikning; dei tek feste i praksisar og levemåtar i snevre sjikt av byborgarskapen. Ingen banebrytande arbeid om skriftkulturutvikling har på same viset systematisk teke for seg verknadene for allmugekulturen av at vanlege folk tok i bruk skrifta for eigne føremål; nærmast kjem vel R.A. Houston om tilhøva i Skottland, men heller ikkje han har teke for
seg dei kjeldetypane Fet no lyfter fram.
«Vanlege folk?» Jau, det må ein kunne seie, sjølv om dei fleste vi møter her, tilhøyrer dei ressurssterke delane av det norvestlandske bondesamfunnet som då også var meir prega av likeverd og jamgodskap enn mange andre stader. Vi får innsyn i koss skriftbruk er eit organiserande prinsipp for tilhøvet mellom menneske liksom for den einskilde sine måtar å ordne kunnskap og reflektere over livsens tilburdar.
Kunnskap og distanse
Å lese kjend tekst med forståing er eitt, å jamleg lese ukjend tekst er straks meir krevjande. Men den som sjølv skal produsere tekst, treng ikkje berre kunnskap, men òg eit visst mot og ei evne til å skape distanse til det nære som blir omskrive, og til endeframme førelegg som kanskje ikkje alltid er like høvelege for det ein vil ha sagt. Mange har såleis framleis eit nevrotisk tilhøve til skrift, og kjenner seg uvel når slikt blir skrive som dei helst berre vil mulle eller sladre om, eller også når ordet fangar ved at det blir skrive.
Så er det då heller ikkje så rart at dei eldste folkelege formene for skriftbruk har noko magisk over seg, anten det er signande innskrifter over dører eller innhogde teikn og formular på steinar i terrenget. Fet tek oss fyrst med på ein tur i slikt landskap, men går raskt over til å syne kva boka fekk å seie, såleis når folk førde inn eigarinnskrifter, sidan familieinnskrifter, og at eit eige formelspråk kom i bruk til slikt. Ofte kan ein fylgje den personlege utviklinga til skrivaren i måten han eller ho blir støare med åra, både i den tekniske utføringa av skrifta og i formelverket.
Rik bok
Vi møter bønder som fører kalendrar og drøftar årets gang, lager ættelister og sidan ættekrøniker, vi får vere med på at unge og eldre lærarar i Ørskog prestegjeld drøftar syndslæra og Guds vreide seg imellom; vi får innsyn i framvoksteren av annalar, dagbøker og personlege memoarar, der sjelslivet og personlege suter og voner, kjærleik så vel som sorg, kan utformast i skrift og dermed gjev rom for eit personleg tanke- og kjensleliv. Vi ser òg koss bruken av mange slag former for litteratur som stod i overgangen mellom det munnlege og det skriftlege såleis salmar og viser, andaktsbøker osb. var med på å prege sosial utvikling.
Jostein Fet har gjeve oss ei rik bok, og mykje å tenkje på. Det slår meg at han skildrar noko av grunnhåtten i det som filosofen Jon Hellesnes har kalla «daning» (med éin n!), evna til å møte utfordringane sjølvstendig, utan å gjere seg underlegen og tilpasse seg alle former for overmakt ein blir best sosialisert som aktiv del av eit samfunn om ein har mot til sjølv å gje utfordringane (skriftleg) form.
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen
|