Dag og Tid nr. 52, laurdag 24. desember 2004
Bokmelding
Kronisk pubertet
Solgudens fall er ein sann svir å lesa, skriv Bernt Hagtvet
SAKPROSA
Jørgen Haugan:
Solgudens fall. Knut Hamsun en litterær biografi
Aschehoug
I 1927 innleier den pur unge og særs gåverike Hannah Arendt si kjærleikssoge med Martin Heidegger. Vi har breva mellom dei to. Lange, filosofiske og intime meldingar som tyder på eit djupt forhold langs alle menneskelege dimensjonar. I eitt av breva spør Arendt kva dei skal lesa saman no. Ho får då til svar frå den alt då meir og meir vidgjetne filosofen: Knut Hamsun.
Etter dei to inngåande Hamsun-biografiane i haust den til Ingar Sletten Kolloen og den til det bortblåsne litterære laurbærbladet til København, Jørgen Haugan er det endå ein gong klårt at Hamun må skrivast inn i ein vidfemnande europeisk tanketradisjon med front mot opplysingstid og modernitet. Det er naturlegvis ikkje tilfeldig at Heidegger som så mange andre tyskarar vart fascinert av Hamsun. Det vi står konfrontert med, er den enorme fascinasjonskrafta til anti-rasjonalismen i europeisk åndsliv.
I bøkene til Jørgen Haugan og Ingar Sletten Kolloen står Knut Hamsun fram som ein av dei fremste litterære representantane for det ein kunne kalla den aristokratisk-nietzscheanske, anti-moderne sivilisasjonskritikken i kveldlanda. Den aller fremste føremunen ved studien til Haugan er at han meir nitid enn Kolloen (som konsentrerer seg meir om dei psykologisk-biografiske føresetnadene for skaparkrafta) restaurerer det ideologiske universet som Hamsun er ein del av. Det er framifrå gjort. Vi har no fått to verk som kan setja Hamsun-debatten på ein ny kjøl.
Kapitalismekritikk
Frå Nietzsche til post-modernismen Hamsun står altså som leiande gestalt for kapitalismekritikken frå høgre, den romantiske og brutaliserande gløden for fascismen og ytterpunktet hans i rasistisk-biologisk skipnad, nazismen. På det politiske planet er den spanske filosofen José Ortega y Gasset motsvaret til Hamsun. Det klassiske verket hans, Massenes revolt frå 1929, gjev den filosofiske utforminga av kritikken av «hyperdemokratiet»: inntoget til massane alle stader, nivelleringa, utraderinga av sivilisasjonsstandardar, oppløysing av identitetsgjevande band og dei faste normene og sosialstrukturane i det organiske samfunnet som held den folkelege villskapen mot kvalitet og tradisjon i sjakk.
Frå tida i USA har Hamsun utforma sin kritikk av moderne industrisivilisasjon: Det avsjela og derfor av-erotiserte samfunnet, av-nasjonalisert og mergstole av kvinneglam og arbeidarkrapyl, vulgaritetane ved demokratiet, folket lenkja til konsumjag og billeg moro, urbanitet, splitting, skort på tru, vilje, handling, ungdom og kraft den gråtriste triumfen til likskapen og middelmåtigheita. Sivilisasjonen som hadde brote blodsbandet til jorda og slektene, det eigenlege livet. Dette var Blut und Boden i norskspråkleg toppform. Sivilisasjonspessimisme med anti-moderne utopisme og nostalgi som botemiddel. Denne anti-visjonen er nett det Noreg er i dag, vil somme seia.
Celebert selskap
I dette selskapet av forførde anti-rasjonalistar i Europa, det som gav grorbotnen for tiltrekkingskrafta til fascismen, finn ein på ingen måte dei meir svake åndene i den vestlege sivilisasjonen: Ernst Jünger, Gottfred Benn, Carl Schmitt, Robert Brasillach, Drieu de la Rochelle, Céline, Paul de Man, Giovanni Gentile, W.B. Yeats, Wyndham Lewis, Ezra Pound, til dels T.S. Eliot og Martin Heidegger. Ja, nett Heidegger. Det magiske fløytespelet som Hamsun forgjorde det radikale Noreg med, vart òg filosofen eit offer for. No ja, offer. Det var godt med grøderik grunn på førehand i den romantiserte anti-modernismen til filosofen og trua hans på at nazismen kunne berga oss frå den avsjelande makta til
teknologien.
Den litterære Hamsun-biografien til Jørgen Haugan står i det amerikanske gravejournalistar ville kalla ein debunking operation-tradisjon. For i eit sett vil Haugan knusa mytar. Éin er myten om litteraturen som ein stad for moralsk oppseding og daninga av menneskeånda (og i Noreg nasjonsbygging). Ein lekk i den myten er tradisjonen frå Wergeland: diktaren som eit «foranskutt lyn» og folkeoppsedar i moralsk tyding. Den arven frå Wergeland gjekk i grava med landssviket til Hamsun under krigen. Her er Haugan idéhistorisk svært interessant, tykkjer eg, jamvel om han nok gjer for mykje ut av denne analysen av den litterære institusjonen.
Ein annan myte er at det kan dragast eit skilje mellom idépolitikaren Hamsun og den geniale diktaren Hamsun. Desse to bileta av Hamsun er nærare knytte saman enn vi likar å sjå. Det er ikkje eit eintydig tilhøve mellom diktinga og meiningane til Hamsun, og heller ikkje frå dei ideologiske draga av pre-nazisme i romanane og til landssviket. Det tilhøvet må knytast saman på det kunstnarlege planet, skriv Haugan. Som han har sagt det: «Hamsun var kun dikter, alt annet forsømte han.»
Fullblods fascisme
Til liks med Ingar Sletten Kolloen syner Haugan at Hamsun oppfyller alle kriteria for ein fullblods fascisme. Han stod for ei anti-demokratisk, illiberal, i den fulle meininga av ordet reaksjonær samfunnsoppfatning, vend mot all menneskerettstenking og alle rettferdsideal. Men han var utan intellektuelle våpen som kunne ha gjeve han innsikter og reidskaper til å skjøna kva modernitet er. Hamsun var irrasjonalist, vitalist (vilje- og handlingsdyrkar), sosial-darwinist, ungdomsentusiast, maktbeundrar, germanist og tradisjonalist i synet på kjønnsroller og klasseskilje. Haugan og Kolloen syner òg at Hamsun hadde langt fleire anti-semittiske drag enn det som har vore kjent til no (t.d. i brev under krigen). Han hadde mykje forakt
for dei svake, eller for dei som var annleis og ikkje så funksjonsdyktige som dei som kom seg fram på eiga hand.
Solguden
Haugan argumenterer for at Hamsun i 1890-åra var ein hardtslåande modernist i forma, som såg diktinga som eit heilt fråskilt felt frå samfunnslivet. Karakteristisk nok set han opp dette sitatet frå Hamsun for boka si: «Diktning er ikke en Stilling, ikke et Haandverk, ikke en Utlærthet, Dikting er netop det fra det Høie som ikke gør Mennesket til Borger.»
Det oppbyggjelege er ikkje lenger kunsten si oppgåve. Tvert om, no gjeld det å skapa elitær kunst, ein priviligert stad for det vene, for oppleving, ja, ekstase. I bakgrunnen spøkjer verdsskildringa til Friedrich Nietzsche av fallet til den kristne slavemoralen og universet som oppmarsj for det einsame, sjølvhevdande kraftmennesket utan normer andre enn dei han sjølv finn føremålstenlege for eigen maktvilje.
Haugan meiner Hamsun er ein skrinn psykolog, i alle fall i høve til Ibsen. Kronisk pubertet er eit uttrykk han brukar for å karakterisera det stemningsleiet av gudnåda inspirasjon frå «helligånden» som han meiner femner inn Hamsuns psykologi. Her må ein spørja: Ser han heilt rett på dette punktet? Er ikkje persongalleriet til Hamsun fullt av personar som gjev oss eit eineståande oppbod av stemningar, kjensler, djupner og profilar som samanlagt gjev oss ein storslegen psykologi og nyanserte innsikter i menneskehugen? Har Haugan vorte forblinda av sitt eige omgrepsapparat her? Ibsen var rasjonalistisk og logisk, Hamsun nettopp ikkje det. Men gjer det han til ein grunnare sjeleskildrar?
Frå oppsedar til forførar
Hamsun talar støtt om «soloplevelsen» der «helligånden» kjem til han og set han i ein tilstand av språklege lukketreff og sæle. Frå oppsedar til forførar kan stå som overskrift over forfattarskapen. Hamsuns særeigne talent var å skapa eit fiksjonsunivers ved hjelp av språkleg trolling, der estetikken forviser etikken som grunnlag for sanning og innsikt. Boka til Haugan er eit døme på farane ved estetiseringa og dragsuget i høve til den rasjonelle tenkjeevna.
Under studien til Haugan ligg ein grunnidé at det var ei samansverjing frå høgste hald i 1945 for å hindra ei pinleg rettssak med det føremålet å berga det litterære feltet som ein oppbyggjeleg, nasjonskonsoliderande institusjon. Denne tesen har no fått eit grunnskot etter at son til Gabriel Langfeldt vedgjekk å ha kome med ein feil då han uttala at det fanst eit direktiv ovanfrå som instruerte faren til å gje Hamsun karakteristikken «varig svekkede sjelsevner». Det låg ikkje føre noko direktiv frå statsminister eller riksadvokat om å gjera Hamsun strafferettsleg utilrekneleg. Her står Haugan for ei merkeleg påståeleg grunnhaldning utan noko prov. Dette har vist seg ikkje å halda vatn. Dermed vert tesen hans om at den litterære institusjonen skulle bergast for kvar pris, sterkt svekt.
Eg las boka til Haugan i eitt strekk. Det er ein litterær tour de force som kan henda når høgdepunktet sitt i disseksjonen av Paa gjengrodde stier, denne vellystige hemnen over Gabriel Langfeldt som skal gjera hovudpersonen til uskuldig offer utan snev av anger for noko som helst. Boka er ein sann svir å lesa, og gjev oss syn for segn på kor viktig det var for Noreg i etterkrigstida å orsaka Hamsun ved å seia at han var dauv, at kona Marie var den vonde ånda osb. Thorkild Hansens Prossesen mot Hamsun (1978) står nokså ribba attende.
Bernt Hagtvet
|