Dag og Tid nr. 51, laurdag 18. desember 2004


Israel
– Eg såg meg sjølv som fri

JERUSALEM: – Eg trur eg overlevde fordi eg bestemte meg for sjå på meg sjølv som ein fri mann. Hjernen min og sjela mi var ein annan stad, seier Mordechai Vanunu.
Dag og Tid har møtt Vanunu, mannen som sat 18 år i israelsk fengsel skulda for spionasje. For første gong fortel han detaljert til ei avis om korleis han overlevde 18 år i fangenskap.

Svein Gjerdåker
svein@dagogtid.no

Kva gjer ein for å overleva 18 år i fengsel? Mordechai Vanunu sit i nesten to dagar og snakkar om livet i Ashkelon-fengslet i Israel. Han er alvorleg, ironisk og konkret. Dei første timane smiler han knapt og eg lurer på om han ikkje har humor, men han kjem i fullt mon etter kvart som tida går.

Eg møtte Vanunu i Aust-Jerusalem. Han bur i ei anglikansk kristen kyrkje, ein nydeleg liten idyll, fem minutt frå Gamlebyen. Første kvelden sat vi saman på det legendariske hotellet The American Colony, der journalistar og diplomatar har møtt kvarandre i eit halvt hundreår.  

Eg bed han om å fortelja korleis han hadde det i fengslet. Rutinane, når stod han opp, kven snakka han med, korleis var det å sitja der time etter time, år etter år? Og aller mest – kva gjorde han for å overleva psykisk og unngå å verta galen?

Daglege rutinar
– Rutinane var enkle. Alle fangane vart vekte kl. 6 kvar morgon for å verta talde. Deretter dusja eg, barberte meg og bad til Gud. Kl. 7 fekk eg frukost. Dei opna døra og sette maten på bordet mitt. Ofte eit egg, litt brød, oliven, ost, agurk og tomat.

– Rommet mitt hadde ein vask, toalett, dusj over toalettet, ei seng, eit bord og ein stol. Veggene var kvite, golvet av sement. Det var to ljosrøyr i taket. Eg hadde ikkje varme om vinteren eller vifter om sommaren. I fengslet var det 600 palestinarar, 2-3 israelske spionar, og eg.

– Kvar dag mellom 10 og 12 fekk eg lufting i ein luftegard på 10 x 20 meter. Murane var 4-5 meter høge, utan vindauge og over dei var det jerngitter, eg såg berre himmel.

– Då eg kom tilbake frå luftegarden, las eg høgt ein halv time frå Det nye testamentet. Eg er kristen, men eg gjorde det også for å trena meg i å snakka høgt, for å høyra ei røyst, for å læra engelsk og for at vaktene skulle skjøna at eg ikkje lét meg knekkja. Kl. 13 fekk eg lunsj, som oftast ris, suppe, salat, frukt, vatn og te.

– Etter lunsj sov eg ein time, eller så lenge eg berre greidde. Dei prøvde ofte å øydeleggja søvnen min om natta. Eg kunne høyra vaktene heile tida, så det vart lett for dei å vekkja meg. Difor prøvde eg å sova så mykje som råd om dagen.

– Deretter svara eg på brev og las bøker. Folk sende meg bøker og eg fekk lov å ta imot så mange eg ville. Og eg høyrde på radio, BBC world, og etter fire år fekk eg sjå israelsk TV.

– Kl. 19. fekk eg middag. Salat, egg, suppe, ris og poteter. Deretter las eg att. Så gjekk eg fram og tilbake i cella i 1-2 timar. Av og til lenger, det kom an på kva stemning eg var i og kor sint eg var, og kva for år vi snakkar om.

Kl. 22.30 skrudde dei av ljoset. Det var natt.

Såg på meg som fri
Vanunu ser fysisk sterk ut, veltrent og yngre enn sine 50 år. Han er roleg og snakkar roleg. I dei to dagane vi er i lag, hissar han seg aldri opp, bannar ikkje og er ikkje irritert. Han gjev inntrykk av stor sjølvkontroll.

– Det verste tidspunktet var like etter eg hadde kledd på meg om morgonen. Etter at eg hadde teke på meg sokkar, bukse, skjorte og skor, var eg klar til å gå ut, berre for å oppdaga at eg ikkje skulle nokon stad. Den kjensla var like forferdeleg kvar gong.

– I starten trudde eg at eg skulle sleppa ut ganske raskt. Eg var jo ingen spion. Eg gjekk berre til ei avis for å fortelja det eg måtte fortelja.

Vanunu fortel korleis han sakna nokon å snakka med og korleis han sakna kvinnekontakt, om det berre var ei lita kjærleg berøring. Og kor mykje han sakna utsikt. Han såg ingenting frå fengslet, berre himmelen.

– Den viktigaste grunnen til at eg overlevde, trur eg var at eg bestemte meg for sjå på meg sjølv som ein fri mann. Sjølv om eg sat i fengsel, var hjernen min og sjela mi ein annan stad. Eg var avhengig av at eg heile tida innbilte meg at eg var fri.

– Eg nekta for eksempel å gå ut av cella i seks månader for å demonstrere overfor meg sjølv og andre at eg hadde ein eigen fri vilje – sjølv om eg la på meg strengare livsvilkår enn naudsynt. Det same gjorde eg då eg sveltestreika. På denne måten følte eg at eg tok kontroll over mitt eige liv.

– Mange fangar prøver å oppnå ting ved å skjera seg til blods. Det ville vore det verste eg kunne ha gjort. Vaktene venta heile tida på at eg skulle gjera det, men det var aldri aktuelt. Og eg tenkte ikkje eitt sekund på å gjera sjølvmord. Eg hadde frå første stund bestemt meg for at eg skulle vinna over dei, og då kunne eg ikkje visa veikskap.

Sveltestreik
– Eg vart aldri fysisk mishandla. Berre éin gong vart eg slegen av ei vakt. Men dei prøvde å bryta meg ned på andre måtar. I eit år, frå 1987 til 1988, var ljoset på heile døgeret. Dei meinte eg var suicidal, som berre var tull. Og dei isolerte meg. Det var ingen celler ved sida av meg. Eg var åleine og fekk ikkje ha kontakt med dei andre fangane.

– Frå 4. januar til 7. februar 1987 svelte-streika eg for å få slutt på isolasjonen. Eg gjekk ned sju kilo, men oppnådde ingenting. Frå juni 1987 til januar 1988 nekta eg å gå ut av cella av same grunn. Frå september same året til mai 1989 nekta eg på nytt å gå ut av cella til Høgsterett hadde sett på saka mi på nytt. Men heller ikkje denne gongen skjedde det noko.

– Fram til 1995 hadde eg mange små sveltestreikar, men då gav eg opp. Eg skjøna at det var berre eg som tapte på det. Men ein gong nådde eg fram. Det var då dei i 1993 utvida cella mi med ein meter i breidda fordi dei ville ha inn ein mann til der. Eg var heilt sikker på at det var ein som arbeidde for fengslet. Eg klarte å hindra det etter langvarige protestar.

Ignorerte vaktene
Vanunu fortel at han hadde minst mogleg med vaktene å gjera. Han handhelsa aldri på dei. Det var alltid to vakter som passa på han, som vart skifta ut med jamne mellomrom.

– Alle ville visa at dei hadde makt over meg, så vi «slost» oss imellom heilt til dei forstod at dei ikkje kunne knekkja meg. Men så skifta dei vaktene og nye kom til, og kampen starta opp att på nytt. Slik var det heile tida. Eg prøvde å ignorera dei. Dei kom for seint med maten eller henta meg for seint til luftegarden i håp om at eg skulle verta sint og skrika ut. Eg trur alle i fengsel vert avhengige av rutinane. Ein taktikk dei stadig brukte, var å venta med å senda eller levera posten min. Dei kunne utsetja det i månadsvis, men eg klarte å kontrollera meg sjølv.

– Fram til 1996 hadde eg ei spesialvakt, Mr. Bukara, som kom med mat og tok meg med til luftegarden. Han arbeidde på dagtid. Det var ein svært patriotisk og religiøs mann som hata meg, såg på meg som ein stor forrædar og prøvde ofte å få meg sint.

 – Eg svara at kona hans var prostituert og låg med andre menn. Det var min hemn. Då vart han stille. Han tolde ikkje å høyra at eg snakka negativt om familien hans. For å distansera meg frå vaktene såg eg på dei som fangar med løn og behandla dei som tenarane mine som kom og serverte meg. Eg sa aldri takk og helsa aldri på dei.

Vart redd
Vanunu gjorde alt for å overleva psykisk og hadde mange ulike overlevingsstrategiar, alt etter kva tidsperiode vi snakkar om.

– Den første tida gjekk eg rundt og rundt i cella i timevis, ofte medan eg las. Men tidleg fekk eg for meg at eg skulle byrja å springa. Eg sprang dei to timane eg var i luftegarden, før eg deretter sprang rundt i cella. Av og til var eg så sint at eg sprang og sprang som ein hest i timevis.

– Frå sommaren 1989 tok eg tre kalde dusjar kvar dag. I november vart det for kaldt, men eg tok til att i mars. Eg heldt fram med å springa, om det regna så sprang eg med eit teppe rundt meg. Men i juni 1991 kjende eg meg fysisk svært dårleg. Eg var redd og trudde eg skulle døy. Då bestemte eg meg for å endra rutinane mine heilt. Eg slutta å springa. Frå no av gjekk eg berre og brukte tida på å lesa og studera. Eg endra kosthaldet og bad bror min ta med seg bøker om ernæring. Eg hadde skjøna at dei ville øydeleggja helsa mi ved å gje meg usunn mat. Dei gav meg ofte tre egg om dagen og masse sjokolade. Frå no av passa eg alltid på kva eg åt.

– Eg slutta å lesa høgt frå Bibelen. Eg var uroa for at alle repetisjonane år etter år skulle gjera meg galen. Eg slutta med alle faste vanar. Eg var redd eg skulle verta som ein hest, som eit dyr.

Avvist av faren
Vanunu fekk lov til å ta imot besøk i ein halv time kvar fjortande dag frå far, mor, søster og bror.

– Eg fekk ikkje ta rundt dei.

Far kom dessutan berre på besøk éin gong. Mor mi kom fram til 1996. Ho gret alltid då ho møtte meg. Vaktene lét ho ofte venta i timevis før ho slapp inn. Berre bror min, Meir, besøkte meg heilt til siste dag i fengslet og har vore ei fast støtte heile tida.

– Eg har enno ikkje møtt foreldra mine, sjølv om dei bur i Vest-Jerusalem, 15 minutt frå der eg bur no. Bror min har fortalt meg at dei ynskjer at eg skal besøkja dei, men eg vil ikkje. Om dei vil sjå meg att, får dei koma hit.

– Foreldra mine er svært ortodokse jødar og kan ikkje godta at eg har vorte kristen. Far min kom berre på besøk den eine gongen for å overtala meg til å gå tilbake til jødedomen. Då han skjøna at eg var urokkeleg, braut han med meg for godt. Det same gjorde mor mi i 1996.

– Frå mai 1989 hadde eg i over eit år berre kontakt med presten og advokaten min. Raudekrossen eller Amnesty tok aldri kontakt.

– I åra 1987-92 fekk eg lov til å «snakka» med ein prest. Å snakka er ei overdriving, det var heile tida ei glasplate mellom oss. Eg fekk ikkje høyra røysta hans. Vi såg kvarandre, bad i lag, men vi høyrde ikkje kvarandre. Eg kommuniserte med han med lappar som vi skreiv til kvarandre og som to vakter overleverte mellom oss. Presten hadde svært mykje å seia for meg og eg elskar han for alt han var for meg.

– I 1992 ville eg ikkje møta han på denne nedverdigande måten lenger, med glasplata mellom oss. Eg bad om å få treffa han på eit eige rom, men det fekk eg ikkje lov til. Så det vart slutt på møta. Han reiste seinare tilbake til Australia og er død no.

Breva var høgdepunkta
Utanom dei korte møta med presten og broren, var alle breva han fekk dei største ljospunkta i tilværet. Han skreiv 10-15 brev i veka. Først korte brev på eit par sider, seinare vart breva lengre, stundom opp til 20 sider.

– I starten skreiv eg om kven eg var, kvifor eg var i fengsel og om trua mi. Seinare handla breva om alt eg måtte vera oppteken av. Nye idear eg hadde om kjærleik, om menneska og alle moglege spørsmål om livet.

– Eg sakna heile tida ei kvinne medan eg var i fengslet, og eg prøvde å finna ei i alle dei breva eg fekk.   

– Eg fekk ikkje lov til å skriva om atomvåpen og grunnen til at eg sat i fengsel. Men eg tok ikkje omsyn til det. Eg skreiv som om eg var ein fri mann. Det var viktig for meg og ein måte å overleva på. Deretter sensurerte dei breva mine og bad meg om å klippa ut alt som eg ikkje fekk skriva om. Breva mine var difor fulle av hol.

Over 100 personar frå heile verda skreiv til Vanunu med jamne mellomrom. Frå Noreg skreiv mellom andre leiar for den internasjonale Vanunu-komiteen, Fredrik S. Heffermehl, og forfattar og lektor Johanna Schwartz. Vanunu brevveksla med Heffermehl i over 16 år og dei to er i dag nære vener.  

 – Alle var gode menneske som ville gje meg støtte. Nokre sende bøker, sjokolade og CD-ar. Breva og pakkene var ljoset for meg og umåteleg viktige. Eg såg alltid med lengt fram til eg skulle få nye brev.
Kake på søndagen

– Dagdrøymde du mykje?
– Nei, men eg såg føre meg framtida, at eg var ute av fengslet og kunne motarbeida det korrupte og mektige israelske regimet. I starten tenkte eg ofte på korleis eg unngjekk å verta kidnappa og korleis eg gjekk som ein fri mann på gata i Japan eller andre stader.

– Kva var det du såg fram til dag for dag? Kva var dei daglege høgdepunkta?
– Breva og møta med presten og bror min. Eg såg aldri fram til maten, men søndag åt eg kaker som eg fekk på fredag, den jødiske sabbaten, og høyrde på kassetten som presten spela inn til meg.

– Eg var høgst oppe i 1987, då eg for andre gongen vart førd til rettssalen og klarte å visa handflata mi til fotografane. På den hadde eg skrive at eg var teken til fange. Eg var kanskje lengst nede då høgsterett i 1990 stadfeste dommen på 18 år.

– I mars 1998 vart det slutt på isolasjonen og eg fekk gå fritt rundt i fengselsgarden om dagen. Men eg fekk ikkje ha kontakt med dei palestinske fangane, berre dei israelske. Eg hadde då sona to tredjedelar av straffa mi. Fengselsleiinga gjorde meir og meir for at eg skulle samarbeida med dei i von om at eg slutta å kritisera dei. Mellom anna fekk eg i 1997 lov til å treffa brørne mine på fengselsdirektøren sitt kontor og for første gong halda rundt dei sidan 1986. Men eg lét meg aldri påverka.

– I 1999 tapetserte eg veggene med bilete av kvinner og natur, som eg klipte ut frå The Sunday Times. Til då hadde eg hatt veggene kvite, nesten frie for bilete, berre pappkassar med brev, CD-ar, aviser, bøker osb. Men no ville eg sjå på noko vakkert.    

Vil ut av Israel
Han har no vore ute i åtte månader under strenge restriksjonar, etter at han slapp fri frå fengslet. Men han kjenner seg ikkje fri og oppheld seg berre i Aust-Jerusalem, den palestinske delen av byen. Når vi går rundt i gatene, får han mange helsingar og vert sedd på som ein helt.

– Eg blir sprø av all denne politikken. Eg vil ut av Israel. Eg orkar ikkje vera her meir. Alt er politisert, seier han.

– Eg kan ikkje og vil ikkje vera i Vest-Jerusalem. Eg er berre her mellom Gamlebyen, hotellet The American Colony og det katolske gjestehuset. Eg vonar eg skal få reisa slik at eg slepp å sjå israelske soldatar meir. Kvar ein dum 18 år gammal soldat kan no kvar dag provosera meg og spørja etter ID-kortet mitt.

Grein aldri
– Var det noko du angra på at du gjorde i fengslet?
– Eg grein aldri og ser i dag at eg kanskje var for sterk. Men det einaste eg angrar på, var at eg enda opp i fengslet. Eg skulle ikkje reist til Roma med denne kvinna. Eg skulle ikkje gått til Sunday Times. Eg skulle gått til ein pressekonferanse og gjeve informasjonen til alle avisene samstundes.

– Er 18 år i fengsel lenge?
– 10 år i fengsel er lenge nok for ein kriminell. Held du han i fengsel lenger, er det berre på vondskap.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |