Dag og Tid nr. 51, laurdag 18. desember 2004


Helgheim
Tigerstad eller tiggarstad?

I november i fjor stod det i Aftenposten at ein 34 år gammal mann i Oslo var tiltalt for å ha tigge på gata. Oslo Sporveier, som vanlegvis jaktar på taggarar, gjekk rettens veg for få att 760 kroner som dei meinte mannen skulda dei, for tigging på T-banestasjonen på Jernbanetorget. Ikkje hadde han skadd nokon, ikkje hadde han truga nokon, men kva med dei 760 kronene? Oslo Sporveier meinte dette var det mannen hadde kosta dei, fordi dei hadde brukt store ressursar på vektarar som skulle halde tiggarar unna stasjonsområda.

Korleis det gjekk med saka, veit eg ikkje. Forsvararen meinte det var første gongen nokon vart tiltalt for tigging i landet utan å ha provosert nokon eller oppført seg trugande. Med ei tidsmessig omskriving kunne soga ha vore henta frå Jack Londons roman Avgrunnens folk. Men ser vi framover i tid, er det andre vyar som opnar seg. Avgrunnens folk vil sjølve få krav om å betale rekninga for det det kostar det offentlege å jage dei rundt som fredlause. Det kan råke dei narkomane som vart fordrivne frå Plata i hovudstaden, og som politiet hersar med byen rundt når dei finn det for godt. Det er nemleg jobben til politiet, som har ein eigen uropatrulje med oppgåva å plage og uroe ei frå før utsett gruppe menneske. Eller det kan vere tiggarane, ettersom vi frå tid til anna les om at no skal også dei bli jaga. I mai stod det at politiet skulle registrere og jage dei frå sentrumsgatene. Ingen visste kor mange det var, men det var snakk om «mange titals personer». Visste du at tigging er straffbart etter lausgjengarlova? Trudde du at lausgjengarlova var avskaffa? Det trudde eg også. Men denne veka kom det eit verkeleg sjokk.

Nær ein halv million menneske i Oslo og Akershus gir pengar til tiggarar! Det er den oppsiktsvekkjande konklusjonen etter ei undersøking byrået Visendi hadde gjort for Dagsavisen. Vi snakkar om 45 prosent av vel ein million innbyggjarar i den mest folketette delen av landet. Tigging er «en akseptert form for inntektskilde i store deler av befolkningen», står det, mens reaksjonane frå politi og politikarar er som venta. Givargleda vil auke tiggarmarknaden i Oslo, seier ein politisjef. «Når det ser ut til at det lønner seg, blir det flere tiggere». Til spørsmålet om korleis det gjekk med aksjonen for å reinske gatene for avskummet, er svaret no at politiet har anna å tenkje på. Ein forskar seier at ei dagsinntekt på 5-600 kroner ikkje er uvanleg blant tiggande stoffbrukarar. Ein av dei narkomane seier at utan tiggarpengane hadde han måtta stele pengar. Forskaren seier at berre ein av fire stoffmisbrukarar skaffar seg pengar gjennom vinningskriminalitet. Mens Frp-byråd Eckbo, som vekte oppsikt med å trasse justisministeren sitt påbod om ikkje å hjelpe asylsøkjarar som hadde fått endeleg avslag, meiner byen har nok ordningar for bustad, mat og klede til alle som treng det. «Man tigger vel helst for å få penger til stoff, og det er jeg ingen tilhenger av». Men er det ikkje det som er poenget? Den narkomane får ikkje stoffet sitt om han får tak over hovudet. Er det ikkje det offentlege sin narkotikapolitikk, «nulltoleransen» andsynes dei narkomane, som tvingar dei ut i tiggargata?

Då eg ein gong høyrde ein høgrepolitikar oppmode folk til ikkje å gje pengar til tiggarar, gjekk eg ut i gata og gav ein hundrelapp til den første og beste i lauget. Mange har fast tilhaldsstad rundt hjørnet, så det var lett. Eg kan ikkje skryte av å vere fast gjevar. Å skyte seg inn under at det er det offentlege si oppgåve å halde liv i folk, er lett. Det er mest ungdom som gir pengar til folk, viser undersøkinga. Ein fjernsynsreportasje viste det same. Dei lèt seg ikkje dupere av åtvaringa mot fleire tiggarar. Som generalsekretæren i Oslo Bymisjon seier, viser meiningsmålinga at mange er opptekne av livssituasjonen til dei elendige. Å klage på tiggarane er å avspore debatten om samfunnsutviklinga, fordelingspolitikken og fattigdomsutviklinga i Norge, seier ho.

Er du mellom dei som tykkjer det er ein lettvint måte å tene pengar på? Kvifor prøver du ikkje sjølv, vel å merkje etter at du først til dømes har sagt opp jobben. Å ha ein trygg økonomi å falle attende på, er å fuske i faget. Hans Fredrik Dahl gjekk for ei tid sidan ut i Dagbladet og kalla tigging ei plage og ei skam, og heldt dommedag over alle dei blauthjarta, mellom dei biskopen i Oslo, som han mistenkte for alltid å ha ein femmar klar til å gi. «Vi har fått et betydelig innslag av dårlig trekkspill og mye annet rart som ikke er de trengende stakkarar vi er vant til. Jeg tror vår godhjertethet åpner for et marked hvor noen ser sitt snitt», seier han no. Falske tiggarar? Skrekk og gru!

Personleg blir eg for tida meir opprørt av dei stadig fleire, større og meir glorete reklamemontrane som står i vegen for ferdsla til folk. Det er reklame kommunar sel seg til i byte for til dømes leskur, bossbøtter, benker og offentlege toalett. Vi har sett elles radikale politikarar i hovudstaden orsake seg med at det er den einaste måten å få pengar til naudsynte tiltak på. Kjem reklamen til å gjere inntog i skulane også, til dømes for at ein nybygd skule skal ha råd til anna enn femti år gamle pultar? Du såg det sikkert på fjernsynet hin kvelden. Når det offentlege sel seg til reklamen for å få råd til elementære gode, er ikkje det ei storstila, offentleg tiggarferd? Er ikkje det ei stor skam?

Det er endå ei sak som irriterer meg meir enn tiggarane. Det er dei glorete og stygge tigerfigurane i ein by som prøver å leike tigerstad. Mot dei falske tigrane er tiggarane i alle fall ekte vare.
Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |