Dag og Tid nr. 51, laurdag 18. desember 2004


Kommentar
Omsorg med munnkorg

I helsevesenet rår det ein farleg teiekultur. Uhell og feilbehandling ved norske sjukehus blir ofte ikkje meldt vidare. Dei tilsette har ikkje «lov» å kritisere verken internt eller eksternt, noko som går ut over kvalitet og rettstryggleik for både pasientar og tilsette.
¨
Heile 43 prosent av sjukepleiarane fryktar sanksjonar om dei ytrar seg offentleg om tilhøve som gjeld helsa til pasientane. 41 prosent har formelle avgrensingar i ytringsfridomen sin, viser rapporten «Prosjekt Munnkurv» frå Arbeidsforskningsinstituttet (AFI).

Undersøkinga omfattar eitt tusen norske sjukepleiarar, og rapporten er laga på oppdrag av Norsk Sykepleierforbund.

Forbundet meiner forklaringa kan vere at sjukepleiarar er redde for å bli syndebukkar. Ved nær ti prosent av alle sjukehusinnleggingar skjer det ein eller annan feil – nokre små, andre store. Halvparten har anten sjølve fått eller sett kollegaer som har fått negative reaksjonar etter å ha teke opp kritikkverdige tilhøve internt.

Ein av ti meiner avgrensingar i ytringsfridomen har gått ut over helsa til ein pasient. Mistilhøve mellom ressursar, kompetanse og oppgåver er dei vanlegaste årsakene til at sjukepleiarane kjenner trong for å melde avvik og ytre seg, ifølgje rapporten.

AFI dokumenterer også at lover og forskrifter ikkje blir etterlevde. Berre kvar femte sjukepleiar seier at internkontrollforskrifta blir følgd, og at det blir gjeve god opplæring i rapportering av avvik. Ein sjukepleiar med oppgåver knytte til pasientskadar, seier i rapporten at «påstander om at hendelsene skyldes systemfeil blir systematisk strøket slik at fylkeslegen ikke får vite om det». Gjennom manglande system og kultur for å melde avvik og rette opp feil blir pasientane utsette for unødvendig risiko. I fleire tilfelle der innmelde avvik blir følgde opp av tilsynsmaktene, opplever dei at styresmaktene nøyer seg med å påvise manglane – utan å nytte seg av dei sanksjonshøva dei har. Sein saksbehandling og utydelege vedtak er òg med på å tilsløre og bagatellisere kritikkverdige forhold.

Avgrensingane i ytringsfridom er uakseptable. Sjukepleiarar og andre i helsevesenet må ha stor fridom til å ta faglege tema opp til debatt og ha høve til å ytre seg offentleg når tilhøve som utgjer ein risiko ikkje blir retta opp. Norsk Sykepleierforbund krev at helse- og omsorgsministeren må sørgje for at helseføretak og kommunar følgjer lova, at det blir etablert velfungerande system for internkontroll og avviksrapportering, og skapt ein kultur for å melde frå, rette opp avvik og lære av feil. Dette er krav det er lett å slutte seg til.

Det er ille at det ikkje finst ein kultur i helsevesenet for å seie ifrå om kritikkverdige forhold og feil. Lova om helsepersonell frå 2001 er klar på at tilsette pliktar å seie ifrå om slikt. Og det er ulovleg å hindre dei i å ytre seg. Likevel er det altfor få som vågar å gjere det.

Etter fleire tragiske hendingar det siste halvåret er det fleire som ope har påpeikt manglar og lovbrot i det psykiske helsefeltet. Og det trengst, for det er på ingen måte desse pasientane som klagar mest. Difor krevst det at andre tek ansvar og seier ifrå når det sviktar.

Tre modige overlegar ved Aker sjukehus i Oslo stod fram tidlegare i haust i Dagbladet og fortalde om ein omfattande ukultur i psykiatrien. Om ein karriere- og lojalitetskultur som skader pasientane; om sjuke og valdelege som blir sende heim av budsjettårsaker; om toppleiarar som ikkje fattar kva som skjer; om ein farleg hald kjeft-kultur. Dei braut med dette ein stor og tyngjande teiekultur der karrieretenking og lojalitet oppover er blitt så viktig at det går på kostnad av fagtenking og pasientbehandling. Det er blitt viktigare å halde budsjetta enn å kjempe for behova til pasientane, sa dei.
Dette var ei etterlengta kraftsalve, og dei tre overlegane Gunnar Henden, Trude Fixdal og Haakon Aars får difor Tabuprisen frå Rådet for psykisk helse i år. Nettopp fordi det krev mot og styrke å stå fram, er det viktig å rose dei som gjer det. Fordi dei slåst for dei menneska systemet er til for: pasientane. Det seier kanskje sitt at dei var tre som gjorde dette saman. Å stå åleine i slike saker er tøft og krevjande, det har mange erfart og måtte blø for.

Denne veka nekta klinikksjef Ellen Hagemo på det same sjukehuset å kutte meir i budsjettet. Det enda med at Helse Øst plussa på 10 millionar kroner i ekstraordinære midlar. Hagemo torde å seie ifrå at nok var nok, at tilbodet ikkje ville bli forsvarleg. Ho sette stillinga si inn på dette, og ho vann. Og seier at om ein argumenterer stødig og fornuftig, blir ein høyrd. Slikt burde gje håp til fleire. Det nyttar å seie ifrå.

Altfor mange held kjeft om det dei ser av lovbrot og fagleg uforsvarleg arbeid. Dersom det verkeleg er så vanskeleg å kritisere, og det ikkje er «lov» til å seie ifrå, må det ryddast opp i. Det er heilt misforstått å teie om slikt. Alle i helsevesenet har plikt til å gripe inn når ein ser uakseptable forhold. Men det må skapast ein vilje og eit ønskje om å la slikt kome på bordet, det må bli etterspurt. Leiing og styremakter må sørgje for at det er rom for kritikk og debatt, både internt på jobb og i ålmenta.

Undersøkinga om ytringsfridom for sjukepleiarar viser at det ikkje berre handlar om personleg mot og interne forhold på den einskilde arbeidsplassen. Det handlar om strukturelle feil og manglar vi ikkje kan leve med. Difor er dette eit svært viktig politisk spørsmål som ansvarlege styremakter må gå mykje grundigare inn i enn dei har gjort til no.

At lovverket er på plass, er ikkje nok. At så mange som nesten halvparten verken kan eller tør å ytre seg, er alarmerande.
Bente Riise

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |