Dag og Tid nr. 51, laurdag 18. desember 2004
Klok på bok
Dei stikk spaden i kommodeskuffa
Kva norsk forfattar var det som skreiv for amerikanske barn for om lag seksti år sidan?
Endeleg er det min tur. For første gong kan eg kjenna meg litt Klok på bok. Denne boka las eg som lita jente for nesten femti år sidan. «Guttene» i sitatet er Anders og Hans. Dei hadde ei syster som ikkje var heilt som andre, ho heitte Tulla. Enno hugsar eg at trekk ved boka var litt framande for ei jente frå Bergens-kanten, til dømes uttrykket «håballen», og at familien gjekk til midnattsmesse på jolaftan. Men det meste var kjent og kjært, norsk kvardag og helg frå Lillehammer-kanten, slik ein gjerne vil tru at det var før i tida. I dag kan eg tenkja at boka hadde noko vemodig over seg, ein lengt tilbake til fortida. Boka er «Lykkelige dager» og er skriven av Mor i sitatet. Ho skreiv boka i
1942, medan ho budde som landflyktig i USA. Ho gjorde det på oppmoding frå Eleanor Roosevelt for å skapa forståing for Noreg under Den andre verdskrigen. Dette var nok ikkje lukkelege dagar for Mor. Den kjære sonen Anders vart drepen i aprildagane 1940, og ho var langt borte frå alt og alle som ho hadde kjær, men ho såg seg sjølv som ein stridande for norsk fridom. Boka vart omsett til engelsk og utgjeven i USA i 1942 med tittelen «Happy times in Norway». Først i mai 1947 kom «Lykkelige dager» ut på norsk. Eg las boka kring 1955 og har ikkje lese henne sidan, men fann etter kvart ut at forfattaren har skrive andre bøker òg. Ho heitte Sigrid Undset, skriv Sigrid Alvestad frå Hauglandshella.
For denne grundige oppsummeringa får ho prisen denne veka. Men det var fleire som visste.
Oi dette var artig! Kjent og kjært! Har ikkje boka her no, men eg hugsar frå høgtlesinga i min barndom at dette mildvêret varte heilt til jul, men så kom det gode juleveret og den store julefeiringa. Blir varm av nostalgi den dag i dag ved tanken, skriv Kari Ingebjørg Todal på Kattem.
Elen Maria Todal i Aure har litt av dei same barndomsminna.
«Lykkelige dager» var ei av dei bøkene mor las til oss, ei varm, triveleg bok om lukkelege dagar på Bjerkebæk. Seinare har andre kjelder fortalt at så idyllisk var ikkje livet for Anders, Hans og Tulla i diktarheimen på Lillehammer. Las boka på nytt for nokre år sidan, og ho hadde tolt åra godt, skriv ho Elen Maria.
Gunder Runde minner om at A.H. Winsnes omtalte boka som «monumental», og at «skildringen ikke har streif av sentimentalitet, ikke enn det svakeste. En klar og rolig himmel hvelver seg over det hele. Den har serenitas».
Og Gunder Runde veit at det første kapittelet i boka heiter «Glade jul». Han har også fått med seg det vesentlege at dei på Bjerkebæk har «risengrøt og avkokt torsk med rødvin» som julemiddag. Men så lenge den gode Runde vedgår at han har to sauesider hengande til turk på mørkeloftet, kan han ikkje få prisen denne veka.
Elles så har eg fått rett svar frå trufaste R. Lundquist i Orkanger, Maj Voss i Oslo, Hilde Flatberg på Inderøya, Catherine Senje i Oslo og frå sjølvsaste Nils-Aksel Mjøs. Han fortel at også der i heimen på Stord vart boka lesen like etter krigen.
Tusen takk skal de ha for alle gode svar!
Klok på bok 692
Gamle koner ber småfolket
komme inn med juleheftene.
Gamle koner strikker ørevarmere
for evigheten.
De stikker spadene i kommode skuffen
og graver fram den lille pungen.
Her lukter det død og kamfer.
De grønne søstrene i blomster - pottene
ber oss hilse ut
til den klare luften.
Forfattaren er fødd i 1929. Han debuterte med ein eksperimentell roman, og han er blant dei som har omsett Pablo Neruda til norsk.
Send svar til klok@dagogtid.no, eller til Klok på bok, Dag og Tid, Postboks 7044 St. Olavs plass, 0130 Oslo, eller til faksnummer 22414210.
Denne helga har eg alliert meg med ein av dei beste smultringbakarane i landet. Dei små, runde er best når dei er varme, og eg skal stå ved kjøkkenbordet og ta imot den eine etter den andre. Takk og pris for at det finst smultringar i verda!
Barrabas
|