Dag og Tid nr. 51, laurdag 18. desember 2004


Bokmelding
Matematisk underhaldning

Victoria Bø debuterer med ein ganske god og annleis underhaldningsroman.


ROMAN
Victoria Bø:
Historien om Henrik Wiklunds barnebarn
Gyldendal

Victoria Bø (f. 1972) gjer det ikkje lettvint for seg sjølv når ho gir seg i kast med avansert fysikk og matematikk for å gi den rette miljømessige bakgrunnen for Henriette Wiklund, Henrik Wiklunds barnebarn. Henriette er sjølv doktorgradsstipendiat i fysikk, og bestefaren fekk Nobelprisen i den same disiplinen. No er han død, og Henriette ryddar i papira hans.

Da dukkar det opp uventa ting som ikkje har stort med fysikk å gjere, snarare gammal og hemmeleg kjærleik frå den tida farfaren studerte ved Oxford. Ho finn dikt, ho finn eit gammalt julekort, og ho finn fragment frå farfarens forsøk på å løyse Fermats siste teorem, ei 350 år gammal matematisk gåte, rabla ned av den franske matematikaren Fermat som margnotat i Diofants Aritmethica. Men sjølve beviset manglar. Likevel får ho det for seg at farfaren som ung student løyste gåta, og ho får ein mistanke om at beviset kanskje finst og at det kan hjelpe henne vidare i hennes eigen karriere.

Frigjering
Men romanen blir ikkje ei slik mysteriebok som ein kunne vente. Viktoria Bø legg også inn ein annan dimensjon i teksten; forholdet, eller misforholdet, mellom karriere og kjærleik. Kva er viktigast, kva må ein ofre for å finne lykke, faget eller familien? Samtidig blir det ein roman om å frigjere seg og finne ei sjølvstendig plattform for sitt eige liv. Det handlar med andre ord om å bli noko meir enn Henrik Wiklunds barnebarn.

Parallelt med at Henriette kartlegg farfarens tid i Oxford og bit for bit finn fram til den store kjærleiken som han ofra, finn Henriette sjølv sitt livs kjærleik, bibliotekaren og den tidlegare teologistudenten Mikkel. Han har ein heilt annan og meir allminneleg bakgrunn enn Henriette sidan han kjem frå ein familie som set mennesket i sentrum, mens Henriettes oppvekst har vore prega av fag og karrierebygging. Mikkel ser mennesket framfor faget, og han opptrer som ein slags barmhjertig samaritan som vil lindre den smerta han ser rundt seg.

Dette må Henriette forhalde seg til, men ho merkar etter kvart at den varmen som omgir Mikkel, også smittar over på henne sjølv slik at ho får eit meir avslappa forhold til sin eigen familie. Ho blir utfordra på sin eigen bakgrunn som snobbete, sjølvsentrert og litt fordomsfull overklassefrøken, og når ho mistar doktorgradsstipendet, utløyser det den frigjerings- og mogningsprosessen ho gjennomgår undervegs i romanen.

Sjølv om det er ein innfløkt akademisk materie som dannar bakteppe i romanen, skriv Victoria Bø lett og liketil, av og til for lett, for det skal ikkje stikkast under ein stol at klisjeane og det triviallitterære ligg like under overflata og trugar med å tippe heile romanen over i det idylliske, det vellykka og ukompliserte i tilværet. Likevel viser romanen ein debutant som synest å ha kraft og vilje til å skrive noko av betydning. Dermed er det også sagt at denne romanen først og fremst er ein ganske god og annleis underhaldningsroman.
Om Henriette til slutt fann løysinga på Fermats siste teorem? Det må lesaren sjølv finne ut.
Oddmund Hagen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |