Dag og Tid nr. 51, laurdag 18. desember 2004
Bokmelding
Mystikk på Helgelandskysten
Bjørn Johnsen skriv med fantasi og stor fortelje- og skriveglede, men kunne hatt god bruk for manushjelp, meiner Oddmund Hagen.
ROMAN
Bjørn Johnsen:
Menneskejerven
Jerv Forlag
Da Vinci-koden har ridd landet som ei mare i snart eit års tid. I kjølvatnet av denne suksessen står Sirkelens ende (2001) av Tom Egeland opp frå grava og sel som hakka møkk, og om ikkje det var nok, så kjem hovudkjelda til desse to bøkene, Hellig blod, hellig gral, ut på norsk 22 år i etterkant med varsla rettssaker og det eine med det andre. Det er lagt opp til ein litterær såpeopera der det å koke såpe blir sjølv konseptet.
Koke såpe gjer også Bjørn Johnsen med romanen Menneskejerven. Det er ei bok som eit stykke på veg følgjer same oppskrifta som Dan Brown og Tom Egeland, eit djupdykk i det okkulte og mystiske, eit frieri til det kvasireligiøse med New Age i spissen og det kvasivitskaplege med Thor Heyerdahl, der berre fantasien set grenser for kva det går an å koke i hop. Og Bjørn Johnsen koker betre enn mange andre som driv butikk i denne bransjen.
Med ei slik innleiing kan ein vente at denne meldaren vender tommelen ned. Nei, så enkelt er det ikkje. Tommelen vender heller ikkje opp, snarare blir det ein flat tommel som viser ei bok som er grei nok, men samtidig ei bok som kunne blitt verkeleg god med kyndig hjelp og rettleiing frå ein garva konsulent eller ein forlagsredaktør. Problemet er at Bjørn Johnsen er sin eigen konsulent og redaktør.
Vil for mykje
Bjørn Johnsen skriv godt, det skal han ha, han skaper forventningar, og han greier å halde på lesaren slik at ein legg ikkje frå seg boka før ho er lesen. Samtidig har han ingen grenser, han vil for mykje, for det som startar i det relativt jordnære i høve til mennesket i naturen, ein slags parafrase over Robinson Crusoe, tar mot slutten av i det idémessig absurde og innhaldsmessig konstruerte og endar i hyperrealisme.
Kva handlar det så om? Med den heilage gralen og hemmelege brorskap i friskt minne handlar det om jakta på ei antikk gresk steintavle, Aneximanders tavle. Denne tavla blei truleg i si tid tatt som bytte av norske vikingar på tokt i det austlege Middelhavet, og sidan desse vikingane var frå Helgeland, hamna tavla i dette distriktet før samane fekk tak i ho og brukte ho i religiøse offerseremoniar. Ingen anar lenger kor tavla er.
Det spesielle med Aneximanders tavle er at ho skal avsløre djupe innsikter og dannar i romanen basis for ei religiøs sekt som ser det som si oppgåve å redde menneskeslekta ved å skape ei ny slekt gjennom genmanipulasjon. Alt dette er hemmeleg og heilt i startfasen, avhengig av glupe, nyttige idiotar som kan bidra med ekstraordinær intelligens og intuisjon. Slik intelligens og intiusjon kan nordmannen Jon Andersen og sørsamen Axel Kvitfjell bidra med, men ikkje utan at det blir stilt visse krav i form av ei utveljing i konkurranse med andre med liknande eigenskapar. Dermed endar ein opp i dataspelet og realitykonseptet, alle mot alle i jakta på hemmelege steintavler der den siste er Aneximander si.
Ein heng med i denne kampen mellom det gode og det onde, og ein tenkjer at dette er fantasy, science fiction og mysterieforteljing av rimeleg bra kvalitet, for det heile er såpass intelligent komponert at forfattaren heile vegen greier å overraske lesaren med nye og uventa innslag. Handlinga utspeler seg som sagt på Helgelandskysten, og innslaga av samisk sjamanisme, samisk mytologi, gamle offerseremoniar og ei audmjuk haldning til skaparverket i kontrast til ei hyperverkeleg dataverd og medisinsk genmanipulering fungerer faktisk etter dei intensjonane forfattaren har lagt til grunn, sjølv om logikken blir strekt i lengste laget. Men forteljinga skaper sin eigen indre logikk slik gode forteljingar skal gjere, og denne logikken turnerer Bjørn Johnsen ganske bra.
Det følgjer også ein CD med romanen. Ein kunne tru det var ei lydbok, men nei da, det er melodiøs og stemningsskapande musikk, komponert av forfattaren. Det er originalt gjort slik romanen også er det; originalt tenkt, og gjennomført med fantasi og stor fortelje- og skriveglede. Men dersom han vil prøve seg på nytt, bør han oppsøkje kyndig manushjelp.
Oddmund Hagen
|