Dag og Tid nr. 50, laurdag 11. desember 2004
Helgheim
Livet i det okkuperte Eurabia
Nazifascismen og kommunismen var to brannar som kunne sløkkjast med militærmakt, skriv Oriana Fallaci i boka Fornuftens styrke. «Med kanoner, med stridsvogner, med bomber. Ikke denne brannen. For til tross for massakrene begått av Allahs sønner ... så er krigen som islam har erklært Vesten, ikke en militær krig. Det er en kulturell krig», skriv Fallaci. Målet til muslimane er ikkje å fylle kyrkjegardane, men å øydeleggje sjela vår, ideane våre, kjenslene og draumane våre. Målet er ikkje USA, men Europa. «Men hvordan skal man kunne stole på et Europa som er blitt til Eurabia, som tar imot fienden med hatten i hånden, som støtter ham og til og med gir ham stemmerett?!! Hvordan skal man kunne stole på et Europa som selger seg til fienden lik en prostituert, som islamiserer sine barn, som fordummer dem og lurer dem allerede fra det øyeblikket de begynner i
barnehagen?»
Det er på slutten av pamfletten til Fallaci. Etter å ha skildra den eurabiske invasjonen (i George Orwells roman 1984 er det eit Eurasia), skriv Fallaci: «Å innbille seg at det fins en god islam og en ond islam, ikke å forstå at det kun finnes én islam, ikke å forstå at islam er en hengemyr og at vi er på vei til å kveles i den myra, er imot Fornuften. Å ikke forsvare sitt eget territorium, sitt eget hus, sine egne barn, sin egen verdighet og sin egen essens er imot Fornuften ... Å dø av tørst og ensomhet i en ørken der Allahs sol skinner, er imot Fornuften.»
Om vi erstattar muslimen med jøden i boka til Fallaci, er det ikkje vanskeleg å vise korleis teksten i ånd og innstilling er lik måten Hitler skildra den jødiske trusselen på i Mein Kampf. Hos Hitler er ikkje jøden eit undermenneske, men den slue og kaldt bereknande erobraren. Jøden er del av «den internasjonale verdsfinansjødedommens bolsjevikiske stormåtak». Han er løgnaktig, og om han nokon gong fortel ei sanning, «tener ho berre til å dekkje over eit større falskneri, som såleis i sin tur er ei medviten usanning». Til å kjempe mot denne faren er dei godtruande, dei intellektuelle, dei kristne, pasifistane, humanistane og alle dei andre like udugande som den naive hopen Fallaci omtalar med forakt i boka si.
Samanliknar eg Fallaci med Hitler? Som politisk demagog, ja. Eg har også lese Mein Kampf, og kan skrive under på at Føraren i mange passasjar var ein glitrande demagog for si tid. Eg er ein ihuga forsvarar av å gje ut Mein Kampf i nye opplag. Dei som gjer det, forsyner gjerne verket med eit føreord for å forklare den politiske og historiske samanhengen. I tilfellet Fallaci har forfattaren også bestemt presentasjonsmåten til forlaget, eit kategorisk vilkår for å få gitt ut boka. Ytringsfridom kostar! Om dette har det vore ein etisk debatt som forlaget slapp alt for lett unna. Det er ei anna skål no. Fallaci fortel ein stad om møtet sitt med Muhammad Ali, den svarte boksaren som tok muslimsk namn og vart eit ikon for borgarrettsrørsla i USA. I Fallacis auge er han ein dum stut. Ein gong vart den jødiske slaktemåten skildra som like barbarisk som Fallaci skildrar halal. Slik kan vi
drive på. Men det er ein omveg til det eigentlege poenget.
I ei verd der det etter Fallaci ikkje er skilnad på muslimar og muslimar, er den logiske konsekvensen at ei ugjerning gjort av ein av dei, i vår tid han som drap ein nederlandsk filmregissør, det er alle verdas muslimar sitt ansvar. Difor må alle verdas muslimar gå i tog mot det. Fallaci ville ikkje la seg lure, for i hennar auge ville det vere ein utspekulert del av den store forføringa. Men «vi» krev det. I nokre europeiske land var det massedemonstrasjonar der ikkje berre muslimar var med. I Oslo gjekk det ikkje så bra, då nokre hundre muslimar gjekk bak ein kjendisoppmarsj med norske politikarar i spissen. Etter det rasistiske drapet på Holmlia var det hundre gonger så mange menneske av alle slag som fylte gatene, i den største politiske demonstrasjonen i Norge. Kvifor skal det vere berre ei muslimsk sak å protestere mot vald og terror? For at vi andre skal kunne stå på sidelina og telje dei
verdige, dei rettferdige?
Eg forstår dei som kjenner seg bondefanga. «Jeg blir så lei av disse kravene om å ta avstand», seier Basim Ghozlan, forstandar i det islamske forbundet i Norge, til Klassekampen. «Selvfølgelig tar jeg avstand! Hvorfor må vi svare på slikt? Spørsmålet burde være stilt på en annen måte: Hva tenker du om denne saken? Eller: Hva kan dette drapet føre til? Slike avsvergelser blir umulig å forholde seg til», seier Ghozlan, og legg til: «Individualisme er viktig i Vesten, men slikt ser ikke ut til å gjelde for muslimer».
Klassekampen har hatt ein prisverdig serie med meiningsbyte om spørsmålet. Det er betre enn å slåst med lettvinte pamflettar med dei mest saftige sitata frå Koranen eller Bibelen. Det blir snakka om meir overvaking av muslimar. Som om dei ikkje har blitt overvaka heile tida, etter at det gamle fiendebildet, kommunismen og den tilhøyrande venstresida, av overvakinga vart erstatta med islam. For tretti år sidan myrda det israelske Mossad ein palestinar på Lillehammer. Ein norsk forleggjar som gav ut Sataniske vers, vart nesten teken av dage. Somme fortel om drapstruslar dei har fått, men kor mange rasistiske truslar får vi aldri høyre om? Eg veit ikkje.
I boka Islam på norsk skriv Kari Vogt: «Samtalen om disse spørsmålene har såvidt begynt, og den krever to parter. Hvordan denne samtalen videreføres uten alvorlige avsporinger, er den store utfordringen». Det er ein annan veg å gå enn å bere bensin til Oriana Fallaci sitt bål.
Roald Helgheim |