Dag og Tid nr. 50, laurdag 11. desember 2004
Kommentar
Viktor eller Viktor
Den eine Viktor er betre enn den andre fordi den eine Viktor er provestleg medan den andre er prorussisk, dei to Viktor-ane i Ukrania. Og då er det viktig at den provestlege Viktor blir vald. Særleg fordi dei har ein tidlegare statspresident som ikkje er provestleg, og som difor har vore ein dårleg statspresident. Alt til skilnad frå han der arvepresidenten i Kasakhstan eller kor det no er som i demokratiske vanar er mest lik ein mellomalderkonge, men som er provestleg og lèt USA ha sine troppar der.
For der det er amerikanske troppar, er det provestlege og demokratiske regime. Og omvendt. Amerikanske militære er som kjent dei beste ekspertane på demokrati, og der det kjem marines, kjem det demokrati, i Kosovo, Afghanistan, Irak, Panama, Grenada og så bortetter og bakover i tida.
Og vi held med den demokratiske kandidaten overalt, sjølv om me nesten aldri får vita noko anna i medium enn om kandidatane er provestlege eller ikkje. Det er stort sett berre fire element som går att. Dei gode er provestlege, vil opna landet for utanlandske investeringar, privatisera statseigedom og skjera ned på sosiale program. Dei dårlege er ikkje provestlege, vil ikkje opna landet på vidt gap for utanlandske investeringar, trur framleis på at statseigedom sikrar nokre fellesgode for alle innbyggjarar og vil halda på sosiale program. Om ein ser det i historisk perspektiv, er dei gode på den ytste høgre sida og nyliberalistar, dei vonde er andre stader i det politiske spekteret og for velferdsstaten. Om dei første vert valde, får dei gjerne tittelen i media «den første demokratisk valde statspresident/statsministeren» (stryk det som ikkje passar). Om dei andre vert valde, er det mindre bra eller direkte dårleg.
Det som det ikkje vert skrive om, er kva dei vil gjera med alt anna i samfunnet. Kva for sosialt program har Jusjtjenko og Janukovitj om dei i det heile teke har noko sosialt program? Kva er det politiske programmet til Karzai i Afghanistan? Kva vil regjeringa i Irak gjera for å løysa svolten og kriminaliteten? Kva vil skje med pensjonar, forsking, skular? Vert det arbeid å få for dei arbeidslause og legehjelp for dei sjuke? Korleis vil livet for vanlege menneske arta seg når dei vert valde, ikkje for ekspertane frå Valutafondet og Verdsbanken og dei vestlege rådgjevarane?
Det er mange spørsmål ein kan stilla, men det er få svar ein kan få i meldingane frå det nyliberalist-iske CNN, det mørkeblå Fox News og dei amerikanske nyhendebyrå, desse som dekkjer det meste. Det eg saknar i media, er akkurat slike spørsmål og svar.
Det siste bidraget til det skeive blikket frå min kant av verda er valet av Ramush Haradinay til statsminister i Kosovo. Han er leiar for partiet Alliansen for Kosovos framtid, men han har tidlegare vore ein av dei fremste kommandantane i UCK. Carla del Ponte har sagt ope at Haag-tribunalet fører etterforsking mot han for krigsbrotsverk mot serbarar og albanarar, han har vore avhøyrd i Pristina av etterforskarane frå Haag, og den serbiske regjeringa har sendt kilovis med dokument som skuldar han for alvorlege krigsbrotsverk mot serbarar. Men han er provestleg osb., og dei fleste hadde nok valt å gløyma saka om det ikkje var ein hake ved han: Han har sjølv skrive ei bok om bragdene sine, der han ope skryter av kor mange han har drepe. Så no er det plutseleg vanskeleg for alle: ein provestleg statsminister som er mordar, sant nok ikkje den første, men ein av dei få som skryter av å vera dette.
For nokre år sidan sa Richard Holbrooke at FranjoTudjman hadde vore tiltalt i Haag for krigsbrotsverk om han ikkje var død, og Carla del Ponte sa at Alija Izetbegovic var etterforska for det same, men at han var no død, og det var ikkje noko meir å gjera. Del Ponte sa òg for nokre dagar sidan at ho gjerne hadde etterforska Nato for krigsbrotsverk under bombinga av Jugoslavia, men at Nato nekta å utlevera dokument, og at ho for lenge sidan hadde byrja prosessen mot Mladic og Karadzic, men at amerikanske styrkar i Bosnia-Hercegovina konsekvent nekta å arrestera dei kvar gong dei fekk beskjed om kvar dei to karane held til (dei hadde ikkje fått klarering frå høgare hald i USA). Og no går det rykte om at den siste eksjugoslaviske generalstabssjefen, Kadijevic, han som sende panservogner mot oss i mars 1991 og sikra Milosevic støtta frå forsvaret, no sit i USA med amerikansk statsborgarskap og pensjon for å ha
opplyst eitt og anna om militære anlegg i Irak.
Og no er eg ikkje lenger sikker på kva som er provestleg, og kva som er demokratisk og når eg skal jubla og når eg skal vera trist. Men eg vil gjerne få lesa og høyra noko om kva som skjer med vanlege folk når det blir meir demokrati med eller utan provestlege politikarar. Eg skulle òg gjerne vita kvifor det er så ille at nokon er prorussisk, når det er norsk offisiell politikk at Russland ikkje lenger er fiende.
Ljubisa Rajic
|