Dag og Tid nr. 50, laurdag 11. desember 2004
Klok på bok
Om å tru og tru seg til
Det er litt stas å finna svaret i eigne bokhyller, skriv Liv Andresen frå Sandefjord. Der fann ho løysinga på Kbp 689, som var diktet «Min kjæreste», skrive av Terje Johanssen. Det står i samlinga De talende, de tause som kom ut i 1986.
Liv Andresen kjøpte diktsamlinga på sal, og det gjer vel dei fleste av oss? Plukkar med oss strålande dikt frå billegkassar i nye byar og bokhandlar? Minst halvparten av diktbøkene mine har kome derifrå, og det er ikkje lite. Eg veit at loppemarknader kan vera som Sareptas krukke for diktvener. Her oppi dalen er utvalet dårleg, men ein gong då eg rømde til byen i slaktetida, gjekk eg meg vill og hamna på ein loppemarknad. Det var den store lukka, og eg vart verande i bokhaugen heile dagen.
«Terje Johanssen har vore veldig produktiv i forfattarskapen sin og gitt meg mange gode stunder med mange av dei vakre dikta sine», skriv Ellen Borch Veum frå Gaupne.
Ein annan lesar nemner at Terje Johanssen har gjeve ut 15 bøker, men det er reint for lite. Sidan han debuterte med Vegen å gå i 1975, har Johanssen gjeve ut bøker mest kvart einaste år, og det vil seia kring 35 titlar. Den siste boka kom denne hausten, og ho heiter Slike kvelders gud. Om denne boka skreiv Knut Ødegård i Aftenposten:
En veldig billedfantasi i slekt både med middelalderens visjonsdikting og romantikkens inderliggjøring og subjektivitet.
Og den tidlegare sjefen for Bjørnsonfestivalen slår fast at dette er ei av Terje Johanssens store diktsamlingar.
«På wergelandsk vis konstaterer han at «Jeg vet at himmelen lyses opp av stjerner selv om alt er mørkt / og knapt en sjel i sikte», oppsummerer Ødegård.
«Johanssen er fødd i Svolvær, og i alle fall i dei tidlegare samlingane hans synest eg at Lofot-naturen er til stades. Seinare har det kanskje vorte meir allmennlyrikk, om ein kan kalle det slik, men biletbruken til Johanssen er alltid ei like stor glede å fordjupe seg i. Han er tydeleg kjent i latin-amerikansk litteratur, og har gjendikta den peruvianske lyrikaren Cesar Vallejo», skriv Gunder Runde.
Spania, ta denne kalk fra meg heitte den boka.
Gunnar Bæra på Løten veit elles å fortelja at Terje Johanssen er handelsutdanna frå Trondheim og London. Han har studert biologi og historie ved universiteta i Granada og Oslo.
«Fødestaden har imidlertid prega han så mykje at ein kan seie at han i lyrikken sin skriv om havet, kysten og kjærleiken. Han har stor biletskapande evne, men fantasien hans er til tider dyster», legg Bæra til.
Elles har eg denne gongen fått rett svar frå Birgitte Berge i Rådal, Olav Molven i Bergen, Katrine Eriksen ein stad i verda, Stein Erik Finne i Klokkarvik, Ingrid i Naddvik og skeisebibliotekarane i LASK som er ofseleg opptekne med å skeise, skeise, skeise.
Kva var verda utan vinter og skeisebaner, spør dei.
Heilt til sist plukkar eg fram eit himmelblått heimelaga desemberkort frå Maj Voss i Oslo.
T.J. er spennande, skriv ho og legg til at ho er fascinert av «Morgen utenfor Henningsvær» og «Innskrift». Av hav og vær, og for det får ho prisen denne veka.
Klok på bok 691:
Å leita gjennom soga vår frå ukjend tid er som å vandra mellom minnesmerke av tru og visdom, slikt som mennesket har vore oppteke av til ymse tider. Og desse truene har skift og skift, men alltid har den tenkjande skapningen hatt trong for noko eller nokon å tru på, tru seg til. Då fyrst og fremst til sine eigne, til dei med venskaps band, og sidan til samfunnet kring ein. Men over alt dette, over alle trusmønster lyfter det seg ein tanke om ein guddom. Ein som, endå ingen har sett han, møter deg i tanken, like til det inste, det usynlege.
Dette er frå ein relativt ny roman, og boka er ein del av ein serie. Ho er skriven av ein veteran med uhorveleg mange titlar bak seg. Sitatet ovanfor er typisk for denne språkkunstnaren. Det seier noko om kjernen i forfattarskapen.
Send svaret til klok@dagogtid.no, eller til Klok på bok, Dag og Tid, Postboks 7044 St. Olavs plass, 0130 Oslo, eller til faksnummer 22 41 42 10.
Snart snur sola, og i midten av januar kjem ho til å kasta sine første glimt ned på skorsteinen min.
Det ser eg verkeleg fram til!
Barrabas
|