Dag og Tid nr. 50, laurdag 11. desember 2004
Bokmelding
Vrengt eventyr
Morten Claussen har funne sitt uttrykk og sin stil som han gjennomfører med konsekvens, også i boka Maineland.
ROMAN
Morten Claussen:
Maineland
Solum
På dei fire siste åra har Morten Claussen skrive fire romanar, og tre av dei utgjer ein trilogi med det fattige USA som tema, i hovudsak lokalisert til Nord- Dakota, California og Maine, og med John Burden Hall, halvbroren Sam, nevøen Simon og Simon si mor Fanny som dei sentrale personane. Maineland er siste band i trilogien, og her er det John som er i sentrum, i Heartland (2001) er det Sam, og i Badlands (2002) følgjer vi Fannys miserable liv i California.
Skitenrealismen som litterær sjanger oppstod i USA, og der oppsto også roadmovien, og i Maineland blandar Claussen desse to sjangrane på ein måte som nærmar seg parodien og røvarromanen, for det er vanskeleg å ta den historia Claussen presenterer heilt på alvor, til det ligg ho for nær opp til actionromantikk og vill vest. Samtidig blir det ein svir å lese om lykkejegerane John, Sam og Simon si reise til Maine for å gjere seg feite, og når det er sagt, kan ein også lese romanen inn i ein moderne eventyrkontekst med reisemotiv, hjelparar, prøver, straff og løn, dei gode mot dei vonde, med den skilnaden at her endar det ikkje godt, men katastrofalt. Det er sagt at Amerika er eit eventyr. Claussen viser oss det vrengde eventyret.
Komplisert reise
Romanen opnar på ein av dei nummererte hovudvegane som buktar seg som elvar gjennom landskapet, men kronologisk startar reisa i Kansas etter at dei har gravlagt kansasfilosofen, (faren til Sam) som døydde etter å ha blitt biten av ein klapperslange. Dei spar han ned i kalvebingen og får ein forfylla prest til å seie nokre ord før dei set fyr på farmen, hentar lastebilen og hengaren og tar med seg hesten og svingar inn på vegen austover mot Maine. Det blir ei komplisert reise med mange hindringar og mellomlandingar, blant anna på ein farm der dei finn to forkomne indianarkvinner, mora og ei gravid dotter, og desse tar dei med seg i bilen når dei reiser vidare inn i dei store skogane og den kalde vinteren i Maine opp
mot grensa til Canada.
Her blir dei kjende med andre eksentriske typar, og dei får ei oversikt over situasjonen ved dei store sagbruka og papirfabrikkane i dette området som er herja av streikar, elendige arbeidsforhold, miljøkriminalitet og plyndring gjennom dei store eigarselskapa. Det er noko nær krigstilstand i området, og oppi dette dumpar dei halvgamle krigarane John og Sam saman med ungguten Simon.
Drift mot undergangen
Ingen kan skulde desse tre for å ha edle motiv. Dei er meir og mindre kriminelle omstreifarar som går frå den eine strøjobben til den andre, forfylla, tøffe i trynet, men blautare innvendig. Dei er gjennomført einsame og rotlause, sjølv om lengselen tilbake til oppveksten ligg der som ein verkebyll, men alt er lagt i grus, alt er borte, alle bruer er brende. Samtidig ber dei på ein slags solidaritet med dei svakaste, men det finst inga oppdrift i dei, snarare held dei saman i drift mot undergangen, mot forfallet og forkvaklinga, mot oppløysinga av alle normer og ritual dei ein gong har lært, men som no er lagde bort og erstatta av den store, uutgrunnelege einsemda og fortvilinga som driv dei inn i og ut av dei mest
bisarre situasjonar. Dei minner om kvite indianarar, og indianarmotivet ligg også konkret i teksten.
Det som held desse personane oppe, er språket og minna og erindringane dei kan ta fram gjennom språket, folkeleg og rotekte i det rotlause, krydra av banning og presis ordbruk og med ein barsk mannfolkhumor tufta på mannfolkverdiar. Dette er gutar som har levd ei stund og pådrege seg brannsår som enda svir, og den trøysta dei søkjer, er drikkinga og røykinga, dei går rundt med ein røyk i kjeften og ein i handa og ein ølboks i den andre dersom det ikkje er heimbrent eller kjøpesprit, og dette drivstoffet held motoren i gang saman med språket og minna om noko anna som ikkje lenger finst.
Språket i alle tre romanane er svært visuelt, detaljrikt og bølgjande i lange setningar. Av og til kan dette bikke over i det monotone, men her er det også snakk om tilvenjing til ein skrivemåte som er ganske utbreidd i samtidslitteraturen. No har Claussen prøvd ut dette i ein trilogi, og han har funne sitt uttrykk og sin stil som han gjennomfører med konsekvens og med tru på at dette er språket til dette stoffet. Eg meiner han har valt rett, og eg meiner han skal halde fast ved dette språket og enda fastare ved det språket han reindyrkar i Laura (2003), som etter det eg har lese, er første delen i ein ny trilogi.
På fire år har Morten Claussen rydda seg ein plass i norsk skjønnlitteratur, og det er ingen tvil om at han har kome for å bli ei stund, til stor glede for dei som har oppdaga denne forfattarskapen.
Oddmund Hagen
|