Dag og Tid nr. 50, laurdag 11. desember 2004
Bokmelding
Erotiske mageplask, fengjande frigjering
Paradiset på det andre hjørnet skriv seg inn mellom andre fanatisme-romanar frå Mario Vargas Llosa, skriv Birger Angvik.
ROMAN
Mario Vargas Llosa:
Paradiset på det andre hjørnet
Omsett av Kjell og Kari Risvik
Gyldendal
Mario Vargas Llosa (f. 1936 i Peru) hadde sitt gjennombrot som romanforfattar i 1963. Han vart den unge, lysande stjerna som markerte at gullalderen i latin-amerikansk forteljekunst var i emning. La ciudad y los perros (Byen og hundane) vart hjørnestein for den nye romanen frå Latin-Amerika som voks fram på 1960-talet. Dei nye teknokratane som tok over styringa med den sensurplaga forlagsverda i Spania under Franco-diktaturet, jubla. Franco-Spania kunne eksportere bøker frå ein modernisert forlagskultur når mildt sensurerte bøker vart skipa over til lesarar i andre (militær)-diktatur i Latin-Amerika.
Vargas Llosa kunne markere sin førtiårsdag som svært aktiv forfattar med to bøker som han gav ut i 2003: Diario de Irak (Dagbok frå Irak) og ein roman som no er omsett til norsk av Kari og Kjell Risvik for Gyldendal: Paradiset på det andre hjørnet. Den første vart møtt med svært sterk kritikk i Lima i 2003-2004.
Boka vart lesen som eit ihuga forsvar for Bush og Blair og krigen i Irak, og slikt passar ikkje for mange lesarar i eit land som Peru, som også kan verte truga av dei same maktene. Men forsvaret av krigen er i tråd med Vargas Llosas politiske ståstad frå den tida han var kandidat til presidentvervet i Peru i 1990 og fram til i dag. Den andre boka vart ikkje mykje omtala i Lima.
Søkjer paradiset
Paradiset på det andre hjørnet fortel to historier: Ei er knytt til kunstmålaren Paul Gaugin, ei er knytt til Gaugins peruansk-franske bestemor Flora Tristán. Kva hadde dei så til felles? Dei søkjer her i romanen båe etter sine «paradis», og dei var begge fanatiske i sine søk, kan det sjå ut til. Slik skriv denne romanen seg inn mellom andre fanatisme-romanar frå Vargas Llosas penn, slike som Pantaleon og tjenerinnene, Dommedagskrigen og Historien om Mayta, til dømes.
Forteljinga om Gaugin avgrensar seg til dei 12 siste åra i livet hans då han levde på Tahiti og Marquesas-øyane, men seriar med tilbakeblikk opnar for utvalde episodar i fortida hans i Frankrike, til dømes til forteljinga om den danske kona hans, Mette Gad. Forteljinga kombinerer erotikk og målarkunst, slik me har sett det i tidlegare romanar av Vargas Llosa, slike som Til stemorens pris og Los cuadernos de Don Rigoberto (Notatblokkene til Don Rigoberto), og til tider søkjer forteljestilen her å gå etter penselstroka i målarkunsten til Gaugin. Det vert i mange høve rein tomgang. Så er det i framstillinga av Gaugin framfor alt mannens erotikk som står i sentrum. Men erotisk skrift
treng i grunnen ikkje vise fram kjønnsorgana. Slik skrift er betre om ho kan avgrense seg til å ymte frampå. «Han merket at pikken sto, og skalv av opphisselse», gjer Gaugin til ein for enkel observatør, det vert som eit mageplask i eit hopp frå erotikk til pornografi, og det «tenner» ikkje lysta til lesaren, kan me seie. Jentene på øyane vert imidlertid reduserte til dyr i høve til kropp, erotikk og seksualitet, og dei kan då til tider bringe den siviliserte mannen i kontakt med ei fjern og tapt fortid: «Et øyeblikk, idet han sodomiserte Teha amana, hadde han følt seg som en villmann.» Denne forteljinga tek ikkje av.
Medrivande
Historia om Flora Tristán er betre. Dette er første gong Vargas Llosa nyttar ein kvinneleg hovudperson i ein roman, og det er kontakten med Peru som gjer henne levande i forteljestilar som til tider er medrivande og av god Vargas Llosa-kvalitet. Flora Tristán gjekk inn for arbeidarkamp og kvinnefrigjering i Frankrike på 1840-talet. Ho provoserte arbeidarane med si form for feminisme, og ho provoserte kyrkja med sin ateisme. Hjå Vargas Llosa liknar ho ein mann. Ho forkastar ekteskap og heteroseksualitet. Ho går frå mannen sin, og ho bryt ut av eit lesbisk forhold for å gje seg heilt og fullt over til saka: arbeidar- og kvinnekamp.
Dei beste kapitla i Floras historie er dei som utviklar seg i byen Arequipa i Sør-Peru. Flora vitjar sin rike og mektige familie i Arequipa (byen der Vargas Llosa vart fødd i 1936). Her er språket og skrifta på heimlege trakter, kan ein seie, og her vert det driv over forteljinga. Forteljinga dreiar seg om eit føydalrike styrt av Floras onkel, Don Pío Tristán, der den franske slektningen Flora vert motteken med all mulig pomp og prakt. Men når ho så vil krevje sin del av familiearven, då vil føydalstrukturen lukke seg i forsvar rundt sitt gods og gull, og ho vert arvelaus.
Romanen vekslar mellom dei to forteljingane på no velkjend Vargas Llosa-vis. Forteljingane vekslar i sin tur, også på velkjend vis, mellom det me kan kalle samtidsforteljingar og mange uventa og overraskande tilbakeblikk til fortid i personhistoriene. Dei stadige vekslingane gjer lesaropplevinga dynamisk, og forteljingane får sterk dramatisk karakter.
Vargas Llosa vart på 1960-talet verdskjend for romanane han skreiv om borgarskapen i Lima, om tilhøva i Peru, om fortida, notida og framtida til landet. Eg meiner han vart ein av dei saman med Oswaldo Reynoso og Alfredo Bryce Echenique, til dømes som har gjort Lima-spansk til eit litterært språk av verdsklasse. Paradiset på det andre hjørnet skriv seg imidlertid inn med Dommedagskrigen og Bukkefesten, romanar der forteljingane utviklar seg i Brasil og i Den dominikanske republikken. I desse mistar Vargas Llosa noko av signaturmerket sitt, og fråveret av Lima-spansk i dialogane gjer på sett og vis romanane karakterlause i det spanske språket. Ein av dei store språkforskarane i Lima i dag, Dr. Martha Hildebrandt, tok imot Paradiset på det andre hjørnet med å publisere ei liste over tilfelle der Vargas Llosa, som er ein framståande medlem av Språkakademiet i
Spania, skriv feil i høve til standardspansk og i høve til Lima-spansk. Slik kunne ho gje argument til dei mange som har hevda at Vargas Llosa, som søkte og fekk spansk statsborgarskap etter tapet i vala i Peru i 1990, har mista kontakten med landet og med det peruanske språket.
Viktig dedikasjon
Omsetjinga til norsk er god. Men i den norske omsetjinga er dedikasjonen i originalutgåva ikkje med. Slik vil norske lesarar ikkje få med seg ein viktig detalj frå originalen. Dedikasjonen lyder: «A Carmen Balcells, la amiga de toda la vida» (Til Carmen Balcells, veninna for heile livet). Dedikasjonen er ein direkte gullalderallusjon. Carmen Balcells var litterær agent i Barcelona. Ho gjorde mykje av det praktisk-byråkratiske arbeidet med å opprette kontaktar, inngå avtalar og styre dei økonomiske vilkåra som gjorde gullalderforfattarane til intellektuelle som arbeidde på heiltid og kunne tene til livets opphald som forfattarar. Carmen Balcells var ei av dei mange moderne forretningsfolka som var med på å sette heile fenomenet i gang, og som gjorde det til eit eventyr også i den spanske forlagsverda. Alle forfattarane i gruppa har helsa Carmen Balcells med vørdnad. Ho kunne i grunnen sjølv ha vore studieobjekt for forsking på levevilkåra i Spania under Franco for «radikale»
forfattarar frå Latin-Amerika i eksil og forholdet deira til Franco-diktaturet og til sensuren i Spania på 1960- og -70 talet.
Birger Angvik
|