Dag og Tid nr. 49, laurdag 4. desember 2004


Helgheim
Då Mussolini kjøpte Mein Kampf

I 1933 gjorde Benito Mussolini seg sjølv til den største forleggjaren av Mein Kampf utanfor Tyskland. Det kjem fram i ei bok av den italienske journalisten Giorgio Fabre, Il Contratto: Mussolini Editore di Hitler  (Kontrakten: Mussolini, Hitlers utgjevar). Boka har sett ny fart i diskusjonen om tilhøvet mellom Hitlers tyske nazisme og Mussolinis fascisme, og ho blir dårleg likt av den nyfascistiske rørsla som gjerne vil ha eit betre ettermæle av Il Duce. Boka til Fabre, som har skrive fleire om den italienske fascismen, handlar om meir enn kontrakten om Hitlers hovudverk. Men ho viser også korleis den ulmande striden om Hitlers snart åtti år gamle hovudverk stadig flammar opp, som han har gjort i heile etterkrigstida.

Enno er boka forboden i opphavslandet Tyskland. Det er ho ikkje i Italia, eitt av mange land der den tyske (tidlegare vest-tyske) staten har prøvd å hindre eigne utgjevingar, ved å hevde ein historisk opphavsrett til verket uansett utgjevarland, på vegner av delstaten Bayern, der Hitler vart fødd. Dette felttoget har Tyskland tapt i land etter land, også Sverige, der det var stor ståhei då svensk politi i 1994, etter oppdrag frå den tyske staten, beslagla restopplaget til Hägglunds Förlag. I 1971 tapte Vest-Tyskland etter ei rettsleg avgjerd i Bologna. Men kva handlar kjøpslåinga mellom Mussolini og Hitler om?

Saka grip inn i spørsmålet: Var Hitler og Mussolini ideologiske åndsfellar eller berre allierte som måtte utstå kvarandre sitt ego? I krigen var dei allierte frå 1939 til 1943. Men ikkje minst i arkiva til det italienske utanriksdepartementet har Giorgio Fabre grave seg djupt ned i dokumenta, og det er her han har avdekt det til no ukjende litterære hopehavet mellom Hitler og Mussolini. Det skriv seg frå februar 1933, mindre enn ei veke etter at Hitler vart kanslar i Tyskland. To av dei næraste medarbeidarane – den eine var Rudolf Hess, som Hitler dikterte Mein Kamp til mens han sat fengsla etter det mislukka ølkjellarkuppet i München – reiste i løynd til Roma. Føremål: Å få Mussolini til å kjøpe dei italienske rettane til verket. I Tyskland kom boka i to delar på Franz Eher Forlag i 1925. Ho skulle bli ein bestseljar som med seks millionar i tysk opplag og 8 millionar mark i forteneste, til slutt gjorde Hitler til den mestseljande og rikaste tyske forfattaren nokosinne. Då Hitler kom til makta i 1933, vart mange utanlandske forlag interesserte. Det britiske Hurst & Blackett betalte den tyske utgjevaren 2600 mark i forskot, Houghton & Mifflin & Company sikra seg rettane i USA, betalte 500 dollar i forskot og trykte eit første opplag på 7000. Alt var småpengar mot handelen til Mussolini, som gav ordre om overføring av 53.625 mark (ca. 20 000 dollar) til forlaget Eher. Det var den største summen som vart betalt for ei utanlandsk omsetjing i Italia på den tida. Kvifor brukte Mussolini makta si til å kjøpe verket, og kvifor slo han så stort på det?

Konklusjonen til Fabre er at kjøpet i røynda var rein kampanjestøtte til det tyske nazipartiet og Hitler, før valet i mars 1933, som fullførte den lovlege vegen til makta for Hitler. Begge partar heldt avtalen hemmeleg, pengane vart overførte «anonymt og kontant» etter Mussolinis ordre. Av taktiske omsyn avslo Hitler å røre pengane under valkampanjen, men med nazi-sigeren vart det fart i sakene. Det italienske kontoret for utanrikssaker sette opp ein kontrakt, den tyske parten skreiv 30. mai under dokumentet der det mellom anna stod at den italienske omsetjaren ikkje skulle vere jøde. Dette hadde italienaren som stod for utgjevinga av boka, ikkje fått melding om, og den kjende omsetjaren Angelo Treves som fekk oppdraget, var jøde. Etter tyske protestar vart namnet på omsetjaren ikkje trykt i boka, som med den italienske tittelen La Mia Battaglia kom ut i mars 1934, trykt i nye opplag to gonger før det hadde gått eit halvt år.

Reaksjonane på boka til Fabre har delt seg etter dei politiske skiljelinene i dagens Italia. New York Times hadde ein større omtale i november, og til avisa seier Giano Accame, ein historikar som står sentralt i det nyfascistiske partiet Movimento Sociale Italiano, at Fabre har gått for langt i å sidestille Mussolini og Hitler, særleg når det gjaldt antisemittismen. Utgjevinga av Mein Kampf i Italia hevda han var en «diplomatisk gest». Til New York Times seier Fabre at omsetjinga og utgjevinga av Mein Kampf tvert om markerte byrjinga på ein italiensk antisemittisme, som før krigen kulminerte i dei omfattande nye raselovene i 1938. Det står i sterk motstrid til ein italiensk Mussolini-biografi som hevdar at Il Duce fordømde antisemittismen. Fabre viser korleis Mussolini fjerna jødar frå viktige posisjonar i staten, finansinstitusjonane og akademia frå 1934 av. Han fekk avsett ein jødisk medarbeidar i fascist-avisa Il Popo d’Italia. (Før dei nye raselovene i 1938 var det også jødiske medlemmer i fascistpartiet.) Giorgio Fabre meiner Mussolini var ein «mislukka Hitler», som var lei for at han ikkje hadde skrive ein eigen «Mein Kampf».

I krigen gjekk det han så dårleg at han vart avsett av sine eigne sommaren 1943. Dei nye leiarane søkte fred. Tyskland gjekk til invasjon, og Mussolini proklamerte ein fascistisk republikk i nord. Han fekk ein usæl ende før krigen var slutt, men 8000 italienske jødar vart deporterte. Nær 6000 av 50.000 jødar i Italia omkom i Auschwitz. I europeisk målestokk er det ein «låg» prosent, men det hende på tampen av krigen. Om Mussolini var ein «mislukka Hitler», fekk jødane lære ei lekse.  
Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |